Ti år utan tilsyn

Investeringane til Sindre Finnes har vore oppdaga og gløymde meir enn éin gong.

Publisert Sist oppdatert

Det er lett å vere etterpåklok, men i blant kjem ein ikkje unna. Finnes- og Solberg-saka handlar no i stor grad om eitt spørsmål: Burde Erna Solberg, partileiinga i Høgre eller for den del Statsministerens kontor ha gjort meir for å sjekke om Sindre Finnes faktisk snakka sant om aksjeinvesteringane sine? Det kjem an på auget som ser. Men det har i alle fall vore ein del høve til å gjere det.

Den første varsellampa blinka for ti år sidan, ikkje lenge etter at Erna Solberg og Høgre hadde vunne regjeringsmakta. I eit notat til Finnes skreiv ekspedisjonssjefen ved Statsministerens kontor (SMK) 10. oktober 2013: «Ektefellens handel med aksjer vil etter vårt syn skape utfordringer for påtroppende statsminister.»

Det kunne vere vanskeleg å halde seg løpande orientert om aksjehandelen til Finnes. Dermed ville det vere «vanskelig å ha oversikt over porteføljens betydning for hennes habilitet i behandlingen av saker i regjeringen», skreiv SMK til Finnes.

Dette vart inga sak i media i 2013. Notatet vart ikkje offentleg kjent før VG fekk innsyn og skreiv om saka 8. september i år.

Nekta å svare

Den neste gongen det vart reist spørsmål om aksjehandlinga til Finnes, var det NRK som spurde. I november 2014 kom artikkelen «Solbergs ektemann nekter å offentliggjøre aksjeinvesteringer», som alt er omtalt i dette nummeret av Dag og Tid. På dette tidspunktet visste NRK berre at Finnes hadde ein del Hydro-aksjar, og han ville ikkje fortelje om han eigde aksjar i andre selskap.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement