Politikk
Til glede og plage
Kastar rikspolitikarane glans eller skugge over den lokale valkampen?
Partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) fotograferte før det NRK-sende folkemøtet på Storgata Camping i Tromsø.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
– Korkje Høgre-leiar Erna Solberg eller Ap-leiar Jonas Gahr Støre stiller til val i kommune- eller fylkesting. Likevel reiser dei rundt i landet for å kaste glans over lokal valkamp. Generelt: Er rikspolitikarar til hjelp i eit lokalval, eller skuggar dei for lokale kampsaker og kandidatar?
– Rikspolitikarar medverkar først og fremst til merksemd om valet. Fordi dei også er kjendisar, får dei oppslag. Og sidan mange av dei er flinke og erfarne, er det underhaldande å sjå dei i debattar. Men det finst også lokalaviser som er meir opptekne av dei lokale kandidatane. Til dømes prøvde Raudt-politikar Mímir Kristjánsson å selje seg inn til Suldalsposten, men han fekk til svar at avisa ikkje prioriterte rikspolitikarar.
– Regjeringspartia har lenge slite med populariteten. I kva grad smittar misnøye med nasjonal politikk over på dei lokale kandidatane?
– Her kjem vi til poenget. Det er ikkje slik at den nasjonale politikken avgjer lokalvalet, men ofte er det som i uttrykket: Høgvatnet løftar alle båtar. Det vil ein kanskje kunne sjå også den andre vegen. Dersom ein har ein nasjonalt trend imot seg, så er det som å jobbe i skikkeleg motvind.
– Alt i april kunne vi lese på NRK.no at varaordførar i Færder Richard Fossum (Sp) helst ikkje ville ha partileiaren på vitjing. Trygve-effekten var borte, sa han. For nokre dagar sidan lufta Richard Storevik frå Fellesforbundet i Bergen frustrasjonen sin i VG over at nasjonale skandalar skugga for lokal debatt. Ikkje alle lokale politikarar er nøgde med den rolla rikspolitikarane speler i valkampen.
– Nei, men det er nok mest fordi desse partia er inne i ein negativ trend. Dei lokale Høgre-politikarane er nok veldig glade for å få besøk av Erna. Det er lett å føle at nasjonale trendar slår inn, og det er også litt sant. Sjå på framgangen Senterpartiet hadde i førre lokalvalet. Når Senterpartiet løfta seg frå om lag 2 til 10 prosent i Tromsø, var jo ikkje det fordi lokalpolitikarane hadde ei genial lokalsak, men fordi dei var del av ein nasjonal trend.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.