Politikk

Tilbake til 1970-åra

Eit steinrikt amerikansk familieselskap som har finansiert klima­skeptikarar, får no statsstøtte til å byggja batterifabrikk i Mo i Rana. Ein aktiv næringspolitikk fører mykje med seg.

Regjeringa har lova å gje 4 milliardar kroner til ny industrisatsing til den planlagde batterifabrikken Freyr som ligg i Mo Industripark i Nordland.
Regjeringa har lova å gje 4 milliardar kroner til ny industrisatsing til den planlagde batterifabrikken Freyr som ligg i Mo Industripark i Nordland.
Publisert

Vi skal koma til den aktive næringspolitikken regjeringa Støre gjennomfører, men fyrst ein liten omveg til butikken. Vi som hugsar 1970-åra, meiner å ha vore her før. Den 30. juni gjekk TV 2 inn i ein Kiwi-butikk og kjøpte ei vanleg handlekorg for ein familie. To dagar i året får leverandørane høve til å auka prisane dei tek frå matvarekjedene, som i sin tur nyttar desse to datoane til å setja opp prisane. I ei inflasjonstid er det lettare å setja opp prisane meir enn elles, folk mister oversikta. Dei to datoane er 1. februar og 1. juli. Då TV 2 den 1. juli kjøpte det same som dagen før, hadde prisen på handlekorga gått opp med 19 prosent.

Nei, Kiwi er sjølvsagt ikkje åleine om å auka prisane. To kjuklingfiletar med ei vekt på 480 gram kosta på Rema 1000 50 kroner den 30. juni. No kostar dei same filetane 86 kroner. Om inkje anna kan vi seia at LO var ansvarleg då dei gjekk med på å berre få 3,7 prosent lønsauke for frontfaga. Nordmenn kjem i år truleg til å oppleva den største attendegangen i kjøpekraft sidan Gro Harlem Brundtland sleppte renta fri i 1986 og 1987. Ja, det er til og med mogleg at fasiten kjem til å syna at vi må attende til krigsåra for å finna ein større attendegang i kjøpekrafta.

Historia

Problema no er dei same som dei var under krigen og i 1970-åra og ut i 1980-åra. Altfor mange pengar jagar altfor få varer og arbeidarar. Kjøpekraft må dragast inn, færre arbeidarar må krevja lønsauke, men fyrst og fremst må kapital verta dyrare. Lat oss taka eit historisk sveip.

Problemet både under krigen og i 1970-åra var det vi litt upresist kan kalla ein aktiv næringspolitikk – ein kolossal vilje til å setja statleg kapital i aktivitet. Atlanterhavsvollen og Kleppe-pakkane førte til det same: inflasjon. I båe tilfella tok det mange år for etterfylgjarane å rydda opp. Kåre Willoch prøvde å rydda opp etter Kleppe-pakkane, men fekk det ikkje heilt til. Gro Harlem prøvde hardare og fekk det til.

Ein god stad å starta om ein vil forstå kva som gjekk føre seg i politikken 1970-åra, ein politikk både denne og den førre regjeringa har synt stor vilje til å kopiera, er i St. meld. nr. 25 1988–89. Om Garanti-Instituttet for Eksportkreditt’s (GIEK’s) virksomhet i 1986 og 1987. Stortingsmeldinga vart ført i pennen av Finansdepartementet, men det var Utanriksdepartementet som stod som offisiell forfattar. Den fyrste delen er berre litt interessant, det er når vi kjem til side 85 det tek seg opp, for der byrjar ei utgreiing med tittelen «Redgjørelse om Skipseksportkampanjen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement