Trong fødselshjelpHøgre har opna for eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. Men det er ikkje garantert at så mange fleire får hjelp til å få barn i Noreg av den grunn.

Høgre har opna for eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. Men det er ikkje garantert at så mange fleire får hjelp til å få barn i Noreg av den grunn.

I dag er det mogleg for par å få assistert befruktning i Noreg ved Fertilitetsseksjonen ved St. Olavs Hospital i Trondheim (biletet) og ved seks andre sjukehusavdelingar og fem private klinikkar rundt om i landet.
I dag er det mogleg for par å få assistert befruktning i Noreg ved Fertilitetsseksjonen ved St. Olavs Hospital i Trondheim (biletet) og ved seks andre sjukehusavdelingar og fem private klinikkar rundt om i landet.

Fødselstala blant norske kvinner har gått ned kvart år sidan 2009 og var i 2017 på 1,62 barn per kvinne, det lågaste målte i Noreg nokon gong, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Trenden er at stadig fleire ventar lenger med å få fyrste barn, og færre får like mange barn som kvinner fekk før. Somme har òg problem med å verte gravide.

Tal frå Helsedirektoratet fortel at kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause, og at mellom 3 og 4 prosent av dei rundt 60.000 barna som vert fødde i Noreg kvart år, har kome til ved assistert befruktning utført i Noreg. I 2014 førte slike behandlingar i Noreg til 2074 barn.

Når Høgre no har opna for å tillate eggdonasjon og assistert befruktning for einslege for å hjelpe fleire barnlause med å få barn, kan dette talet på sikt kome til å auke. Men det er ikkje gjeve.

Sprengd kapasitet

I dag er det mogleg for par å få assistert befruktning i Noreg. Sæddonasjon er tillate, men berre så lenge donoren er kjend og barnet kan få vite identiteten når det har fylt 18 år. Eggdonasjon, som vil seie befruktning utanfor kroppen ved hjelp av eggceller frå ei anna kvinne, er forbode. Einslege som ønskjer assistert befruktning og dei som ønskjer eggdonasjon, må utanlands for å få hjelp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement