Utanriks

Trump med hjerne

Ron DeSantis, det er berre å lære seg det namnet, fyrst som sist.

Ron DeSantis med familien etter å ha vunne guvernørvalet i Florida 8. november i år.
Ron DeSantis med familien etter å ha vunne guvernørvalet i Florida 8. november i år.
Publisert

For dei som lurer, det går føre seg ein kulturkamp i USA. I vinter vedtok delstatsforsamlinga i Florida ein lov som forbyr småskulelærarar og barnehagepedagogar å undervisa born om kjønnsidentitet og seksuell orientering. Born under ni år skal ikkje læra om slikt. Loven vert på folkemunne kalla «ikkje sei homofili». Inn i kampen om loven rota Disney-selskapet seg.

Bob Chapek, som sjefen for selskapet heiter, eller rettare sagt heitte, vart sparka for to veker sidan. Han var ein moderne leiar. Han stod for noko heilt anna enn den reaksjonære Walt Disney og vart rekna som særs politisk korrekt. Under Chapek har Disney til dømes vore ivrige med å feira pride. I pride-månaden juni kunne ein i år på nettsida mellom anna kjøpa hundeband i regnbogefargar, Mikke Mus-pins i transfargane kvitt, blått og rosa og Star Wars-trøyer som sa: «Belive Belong Be Proud.»

Farleg med Teams

Under pandemien har det i tillegg leke ut i ålmenta ei rekkje videoar frå Teams-møte der leiinga i Disney har fortalt om korleis dei både i underhaldingsparkane, i filmar og i spel vil fremja ein LHBTQ+-agenda. I kulturkampen er Disney trygt plassert på sida til Demokratane. Chapek tabba seg tilsynelatande ut. Han lét vera å gå offentleg ut mot loven om kjønnsidentitet.

I Florida er Disney den største private arbeidsgjevaren med 66.000 tilsette. Ja, så mektige har Disney vore at dei har fått vera sitt eige kommunale reguleringsorgan i og rundt Walt Disney World Resort, dei enorme underhaldningsparkane i Orlando. I Florida var Disney både eit selskap og eit politisk organ.

Chapek sende ei utgreiing på 900 ord til dei tilsette om kvifor det var lurast å arbeida bak scena mot lovframlegget. Kjeften han fekk, var massiv, og dei tilsette gjekk i demonstrasjonstog. To dagar etter notatutsendinga gav han etter, bad om orsaking og gjekk offentleg ut mot lovframlegget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement