Utanriks

Tyrkisk kaos

Tyrkia-forskar Siri Neset trur at om Recep Erdogan taper det komande valet, vil han gje frå seg makta. No er han meir upopulær enn nokon gong før.

Om vel eit år er det val i Tyrkia. Meiningsmålingane kan tyda på at president Recep Erdogan og partiet hans, AKP, taper valet. Kva gjer Erdogan då?
Om vel eit år er det val i Tyrkia. Meiningsmålingane kan tyda på at president Recep Erdogan og partiet hans, AKP, taper valet. Kva gjer Erdogan då?
Publisert

Ti ambassadørar i Tyrkia, inkludert den norske, har offentleg kravd at Tyrkia og president Recep Erdogan set fri den Paris-fødde aktivisten Osman Kavla, som har sete fengsla utan dom sidan 2017. I helga kom svaret frå Erdogan. Han kravde at alle desse ambassadørane, inkludert dei frå Skandinavia, Tyskland og USA, leverte inn papira sine og drog frå landet.

No har han snudd. Men det har han ikkje gjort i rentepolitikken. Inflasjonen går opp, og den tyrkiske lira ned. Då seier lærebøkene at renta må opp. Men Erdogan sparkar kvar sentralbanksjef som set opp renta. Siri Neset er forskar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.

– Kvifor snudde Erdogan i ambassadørsaka?

– Realismen slo inn. Han såg at han ikkje kunne skapa fiendskap med både EU- og Nato-allierte. Eg vil seia at det er tre faktorar her: Den eine er realpolitikk. Det ville kosta for mykje økonomisk å utvisa heile ti ambassadørar frå land som trass alt står Tyrkia nær. Det siste han treng, er auka økonomiske problem. Økonomien er meir enn dårleg nok som han er. Det andre er at han møtte stor motstand frå byråkratiet, særleg utanriksdepartementet, men også dei næraste rådgjevarane hans var imot. Og for det tredje vart ikkje saka presentert som eit tap. På framsida av mange aviser og på plakatar over heile landet står fylgjande. «Takk, Erdogan! Med éi setning tvinga du ti land i kne.»

– Fantastisk propaganda.

– Ja, sånn vert det ramma inn. Saka må forståast som innanrikspolitikk. Han treng ein siger. Opposisjonen har kritisert han kraftig og kalla det heile ein avleiingsmanøver, noko som tek merksemda bort frå den dårlege økonomien. Så kan ein lura på kva intensjonen var bak denne offentlege protesten frå dei ti landa. Det var ikkje dette at ambassadørane kravde Kavla frigjeven, som var fornærminga, det kravet har Erdogan møtt ofte. Det var det at oppropet var offentleg, som var uheldig. Det går føre seg ein debatt om oppropet faktisk var eit brot på artikkel 41 i Wien-konvensjonen – den som seier at ambassadørar ikkje skal blanda seg inn i interne tilhøve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement