– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
I 2021 gjennomførte regjeringa Solberg ei domstolsreform som reduserte talet på tingrettar frå 60 til 23. Samstundes vart alle dei tidlegare 60 tingrettane oppretthaldne som rettsstader.
Justisminister Emilie Enger Mehl varsla i oktober 2021 at regjeringa ville reversere reforma. Eit framlegg om å etablere dei 60 tingrettane på nytt var sendt på høyring i januar 2022. Måndag denne veka vart det klart at regjeringa føreslår å etablere fem nye tingrettar ved å dele opp seks tingrettar, slik at vi samla får 28 tingrettar.
Kirsti Høegh Bjørneset er sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett, ein av tingrettane som regjeringa no vil dele i to. Ho er kritisk til det nye framlegget. For ordens skuld: Bjørneset var medlem av Domstolskommisjonen, som i 2019 utforma eit utkast til endring i domstolsstrukturen. Dag og Tid intervjuar henne i kraft av rolla som sorenskrivar.
– Som sorenskrivar i Møre og Romsdal har du røynsle med samanslåinga. Kva tenkjer du om framlegget?
– Eg tenkjer at det er uheldig, og eigentleg uforståeleg. Omstruktureringa av domstolane har vore ein lang prosess, og reforma kan syne til gode resultat. Samanslåinga har styrkt fagmiljøa og ført til betre ressursutnytting gjennom ein større organisasjon. Samanslåinga har kravd store ressursar, både menneskelege og økonomiske, og vi har også kome langt i prosessen med å etablere felles kultur og drift av domstolen. Om det nye framlegget vert vedteke, er det meiningslaus ressursbruk, i mine auge.
– Kva har vore positivt med reforma?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.