Ukrainarar på vent
Ukrainske flyktningar i Noreg kan etter reglane i dag få permanent opphald etter åtte år. No vurderer regjeringa om dei skal måtte vente til det har gått ti år.
Det har kome ukrainske flyktningar til Nasjonalt ankomstsenter i Råde kommune sidan mars 2022. Kva som ventar dei når ordninga med mellombels kollektivt vern går ut, er uvisst.
Foto: Javad Parsa / NTB
Dei russiske åtaka på Ukraina held fram, og ukrainarane held fram med å flykte frå heimlandet. I løpet av dei tre fyrste vekene i år kom det 1161 nye ukrainske flyktningar til Noreg. Samstundes nærmar det seg no siste år av ordninga med mellombels kollektivt vern, som sikrar at ukrainarane som flyktar frå krigen, kan søkje opphald i Noreg og i andre europeiske land.
Ordninga, som vart innført i mars 2022, inneber at ukrainarane kan søkje mellombels opphald basert på gruppetilhøyrsle, uavhengig av om dei har individuelt behov for vern.
Det kollektive vernet vert gjeve for eitt år om gongen, og kan forlengjast to gonger. Frå mars 2025 kjem ukrainarane etter dagens reglar såleis til å måtte søkje individuelt vern, med mindre dei kan eller vil returnere til heimlandet.
No har den norske regjeringa derimot føreslege å utvide ordninga med mellombels kollektivt vern til fem år. Forslaget vart sendt på høyring like før jul.
Langt høgare tal
Bakgrunnen for forslaget er den uavklarte situasjonen i Ukraina og at talet på personar med mellombels vern no er så høgt at det «utfordrer handlingsalternativene», skriv regjeringa i høyringsnotatet. «Både en løsning som legger til rette for at mange får bli mer permanent i Norge og en løsning der mange må returnere til Ukraina, vil medføre store ressursmessige og praktiske utfordringer», ifølgje regjeringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.