Krig
Ukrainsk rompåske
Putins draum om at Ukraina blir ein del av Russland og USA ein nær venn, lever berre 400 kilometer frå jorda, langt frå frontlina, portforbod og høge prisar.
Roskosmos-kosmonaut Oleksij Zubritskyj (til venstre) og Nasa-astronaut Jonny Kim får sjekka draktene i Bajkonur kosmodrom i Kazakhstan like før dei vert skotne opp til den internasjonale romstasjonen (ISS) 8. april.
Foto: Maksim Sjemetov / Reuters / NTB
Korleis ein kan motivere folk til å svikte sitt eige land? Den enklaste måten er sjølvsagt å love pengar, og ein treng ikkje eingong å betale.
Dette er den vanlegaste måten Russland nyttar for å rekruttere vanlege ukrainarar til å utføre terroristhandlingar eller sabotasjeaksjonar i sitt eige nabolag: setje fyr på militære køyretøy, sporskiftarar til jernbanen eller administrative bygningar, eller ta med heimelaga bomber til militære rekrutteringssenter eller politistasjonar.
Til forrædarar av høgare rang, som ukrainske embetsfolk, gjev russarane betre tilbod. Det kan vere løfte om russisk statsborgarskap og arbeid «innanfor ditt område». Det same blir lova militært personell, i tillegg til forfremjing og økonomisk kompensasjon.
Men «motivasjonspakkane» med tilbod til forrædarar nådde nyleg kosmiske høgder da Russland sende ein ukrainsk forrædar ut i verdsrommet. Den «heldige» forrædaren var Oleksij Zubritskyj, ein tidlegare militærpilot som hoppa av til russisk side etter annekteringa av Krym. Den ukrainske retten har funne Zubritskyj skuldig i forræderi in absentia og dømt han til 15 år i fengsel, men det har ikkje halde han frå å ta del i ferda med «Sigersraketten» saman med den russiske kosmonauten Sergej Ryzjikov og den amerikanske astronauten Jonny Kim.
Denne oppskrifta – Russland pluss USA pluss «Ukraina som del av Russland» – er draumen til Putin. Men trass alle militære freistnader og propagandatiltak har Russland berre klart å verkeleggjere denne oppskrifta i verdsrommet, 400 kilometer frå jorda og svært langt frå frontlina i den russisk-ukrainske krigen.
Alle astronautar og kosmonautar likar å sjå på jorda frå rommet. Dei fortel ofte journalistar om dei varme kjenslene dei får når dei ser den vesle jorda frå verdsrommet, særleg når dei ser sitt eige land eller til og med byen dei kjem frå. Eg ser fram til å sjå eit intervju med kosmonautforrædaren Zubritskyj om «romkjenslene» han fekk da han såg byen han kjem frå, i Zaporizjzja-regionen, da han hadde utsikt frå verdsrommet til ruinane av Kharkiv, der han utdanna seg til pilot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.