Ustadige kvinner og lystne menn
«På møyar-ord er uvisst å lite og på det som kvendi kved.»
Den siste boka til Helene Uri, Hvem sa hva? Kvinner, menn og språk, handlar om korleis språk er forma av forholdet vårt til kjønn. Språk gjev oss roller og fordeler makt.
Og det lærer både menn og kvinner kven som har makta, kven som har stemma, kven som har rett til å vurdera, kva kriterium som ligg til grunn for ei vurdering – og kven som er objektet som skal vurderast.
Dei fleste omtalane av boka til Uri løftar fram kjønnsladde uttrykk i kvardagsspråket, slik som «sutrekjerring», og «å manna seg opp». At språk formar forholdet vårt til kjønn, dreier seg om langt meir enn dette, og handlar om kjensler, fornuft, stemmer og blikk. Ikkje minst handlar det om at språket fortel oss kva som er forventa av oss ut frå kva kjønnsorgan me tilfeldigvis måtte ha.
Hjarte og hjerne
Kva slags roller vert me fortalde at me skal fylla? For vel hundre år sidan skreiv språkforskaren Cederschiöld at «hos kvinnan dominerar känslan, hos mannen förståndet». Det logiske framhaldet er at ein kjenslevar mann er umandig, medan ei forstandig kvinne er ukvinneleg.
Når vitskapsfolk har meint at det finst eit eige «kvinnospråk», er dette akademisering av kjønnsoppfatningar som finst på latin hos Ovid for heile 2000 år sidan, og på gammalfransk hos hoffpoeten Chrétien de Troyes på 1100-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.