Politikk
Ut og mate bendelorm
Høgres kraftige valframgang inneber nye rundar med privatisering. Kor går den norske velferdsstaten?
Erna Solberg, på kakefest etter valgsigeren. Med henne som partileiar, har Høgre greidd å ufarleggjere det systemskiftet som velferdsprivatisering eigentleg inneber, meiner Linn Herning.
Foto: Emilie Holtet / NTB
I mange kommunar, inkludert alle dei største byane, ligg det no an til ulike høgrekoalisjonar. På mange område vil ting fortsette som før, men på eitt felt går det eit klart prinsipielt og ideologisk skilje: profitt i velferd.
Der Ap dei siste åra fraus eller til og med reverserte privatisering og konkurranseutsetjing av velferdsoppgåver, vil Høgre no opne opp igjen. Det var eit av partiets fremste valkampsaker.
Historikaren Linn Herning har i snart 20 år arbeidd mot kommersialisering av velferd. Ho har skrive bøker om temaet, som Velferdsprofitørane (2015). Sidan 2017 har ho vore leiar av alliansen For velferdsstaten, med over 30 fagforbund og andre organisasjonar i ryggen. Dermed kan ein anta at det er dårleg stemning på kontoret etter valet.
– Ja, måndag var ein tung dag. Det er liten tvil om at det blir fart på både privatisering og kutt i den offentlege velferda, no når både Høyre og Frp får meir makt i Kommune-Noreg.
– Har privatisering av velferd vore ei god sak for Høgre?
– Eg trur ikkje privatisering er ei god valkampsak, men Høgre har greidd å ufarleggjere det systemskiftet som velferdsprivatisering eigentleg inneber. Det har vore mykje merksemd rundt svikt i eldreomsorga. Da kan slagord som «valfridom», «innovasjon» og «meir mangfald» høyrest bra ut. Men privatisering er ikkje løysinga, og Høgre lovar ein heil del dei ikkje kan halde. Som at privatiseringa ikkje skal gå ut over løns-, pensjons- eller arbeidsforholda til dei tilsette. Dette løftet kan dei umogleg halde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.