Utan nynazistar

GÖTEBORG: I fjor skremde nynazistane publikum bort frå bokmessa i Göteborg. I år gjekk det betre.

Publisert

I 2017 fekk den vesle høgreekstreme avisa Nya Tider plass i ein liten monter inne på messa.

Det vekte sterke reaksjonar og mykje debatt i Sverige. Dei som sa ja til avisa, viste til ytringsfridomen, til frykta for å gjera dei høgreekstreme til martyrar, og meinte at monteren til den vesle avisa kom til å drukna i den store aktiviteten på bokmessa.

Men debatten var heftig, og kring 150 forfattarar valde å boikotta messa. Dei som var mest mot, arrangerte ei mindre, alternativ messe.

Skremde folk bort

I tillegg til at ei høgreekstrem avis fekk plass på bokmessa i fjor, valde nynazistane i Den nordiska motståndsrörelsen å leggja ein demonstrasjon til gatene utanfor messeområdet. Store politistyrkar vart kalla inn. Det vart uro og steinkasting, men politiet greidde å hindra den store konfrontasjonen.

Men støyen kring nynazistane skremde folk vekk frå bokmessa. Besøkstalet gjekk ned med 20 prosent i høve til året før, og på demonstrasjonsdagen var publikumsbesøket 35 prosent mindre enn på tilsvarande dag året før. Forlaga måtte tola økonomiske tap, og det vart ein nedtur for Nordens største kultur- og mediearrangement.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement