– Naudsynt å støtte opp om russiske eksilredaksjonar
Etter invasjonen i 2022 har vi fått ein heil liten skog av slike eksilrussiske redaksjonar i Europa, seier russlandsforskar Kari Aga Myklebost ved Universitetet i Tromsø.
Russlandforskar Kari Aga Myklebost.
Foto: UiT Norges arktiske universitet
Pressefridom
redaksjonen@dagogtid.no
– Slik Russland har vorte, med eit svært repressivt system, er samarbeid med russiske eksiljournalistar ein mogleg veg for vestlege medium. Fleire europeiske redaksjonar gjer dette i aukande grad, til dømes Barents Observer i Kirkenes, seier Kari Aga Myklebost.
I fjor skreiv ho om eksilrussiske redaksjonar og proxy reporting – diskret informasjonsinnsamling – i artikkelen «Krigsmotstand og uavhengig journalistikk: Russiske journalistar i eksil».
– Dei har omfattande erfaring med å dobbeltsjekke historier. Norske redaksjonar har mykje å lære av dei, seier Myklebost.
Ho peikar på at det vert stadig vanskelegare for norske medium å ha korrespondentar i Russland, slik Aftenposten og NRK framleis har.
– Dei balanserer på ei stram line når det gjeld kva dei faktisk kan rapportere om utan å risikere å miste akkrediteringa og dermed måtte forlate landet, seier Myklebost.
Ho meiner styrken til eksilrussiske redaksjonar ligg i nettverk dei har i Russland. På grunn av russisk repressiv lovgiving blir stadig meir av dette arbeidet gjennomført som proxy reporting, der både journalistar og kjelder er anonyme.
– Men svekkjer ikkje det truverdet?
– Sjølvsagt er det ikkje ideelt, men dette er ein konsekvens av russisk politikk. Vi er avhengige av at ikkje-identifiserbare journalistar faktisk er villige til å ta på seg jobben med å skaffe informasjon om korleis det står til i Russland, seier ho.
– Éin ting er å verne om kjelder og journalistar, men kan norske redaksjonar ha med anonyme sjefredaktørar å gjere?
– Med ein stadig vanskelegare relasjon mellom Russland og Vesten må ein gjere solide tryggingsvurderingar før samarbeid med russiske eksilredaksjonar. Det handlar om å vurdere både eigen tryggleik og situasjonen til russarane. Ein føresetnad for samarbeid er å gjere seg godt kjend, slik at ein veit kven ein jobbar med, og opplever ein tillitsbasert og god dialog. Er slike rammer på plass, kan det finnast gode argument for at sjølv ein sjefredaktør kan vere anonym, seier Myklebost.
Ho meiner det er naudsynt at norske medium støttar opp om russiske eksilredaksjonar.
– Som forskar er eg i same situasjon. Vi må hente data frå anonyme kjelder.
Ho minner òg om kor viktig det er at russarane sjølve får tilgang til ei fri presse.
– Eksilrussarane har i fingerspissane korleis ein kan bryte gjennom den russiske sensuren, noko redaksjonar som skriv om russiske forhold, burde vere opptekne av.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.