Da Mossad drog til Haag
Gaza-krigen har vore ein diplomatisk katastrofe for Israel. Avsløringar om at landet har drive med spionasje og trugsmål mot dommarar i Haag, har ikkje gjort saka betre.
Den internasjonale straffedomstolen har utferda arrestordre på forsvarsminister Yoav Gallant (t.v.) og statsminister Benjamin Netanyahu i Israel.
Foto: Abir Sultan / AP / NTB
Den 21. mai oppmoda sjefaktor Karim Khan i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag domstolen om å utferde arrestordre på Benjamin Netanyahu, Yoav Gallant og dei tre Hamas-leiarane Yahya Sinwar, Mohammed Deif og Ismail Haniyeh.
Alle er mistenkte for krigsbrotsverk i samband med den pågåande krigen i Gaza. Avgjerda var eit stort nederlag for Israel, landet som i snart ti år har kjempa mot ICC med mange middel – inkludert utstrekt bruk av spionasje og trugsmål.
«Under dei første møta med Bensouda var Cohen imøtekommande og sjarmerande.»
Staten Palestina fekk «observatørstatus» av FN i 2012 (og er i dag anerkjend av 145 av FNs 193 medlemsland, inkludert Noreg). Dette opna vindauget på gløtt for at Palestina kunne bli medlem av ICC.
I Israel såg dei raskt dei potensielt alvorlege konsekvensane og gjorde alt dei kunne for å hindre palestinsk FN-medlemskap med dei rettane det kunne medføre. Da Palestina likevel gjekk vidare med søknaden, kalla offisielle talsmenn for Israel det for «diplomatisk terrorisme».
I 2015 blei Palestina akseptert som medlem av ICC, som kort tid etter starta ei innleiande gransking av Israel ut frå spesifikke hendingar i Gaza og på Vestbreidda. Israel straffa dei palestinske styresmaktene mellom anna med å halde tilbake skatteinntekter.
ICCs førre sjefaktor Fatou Bensouda og familien hennar vart truga av Mossad.
Foto: Peter Dejong / AP / NTB
Dei siste vekene er det blitt klart kor langt Israel gjekk for å hindre at israelske politikarar og militære skulle bli granska av ICC for krigsbrotsverk. Over lang tid har den britiske avisa The Guardian, det politiske magasinet +972, som blir drive av israelske og palestinske journalistar, og den hebraiskspråklege nettstaden Local Call samarbeidd om ein serie graveartiklar.
I desse er det blitt bretta ut korleis israelsk etterretning i snart ti år har spionert på ICC-toppar og freista å lokke eller true dei til å legge bort saker som involverte Israel. Kjeldene er tidlegare og noverande tilsette i israelsk etterretning og statsapparatet, leiande ICC-tilsette, diplomatar og andre med kjennskap til saka.
Dei fleste av kjeldene er anonyme. Det er alltid problematisk, men det er ei kjensgjerning at etterretningsfolk, diplomatar og ICC-tilsette ikkje kan snakke fritt. The Guardian har normalt høge standarar og har jobba med saka over lang tid. Det mest oppsiktsvekkande er kanskje i kor liten grad avsløringane er blitt følgde opp av andre mediehus – spesielt med tanke på at det er gått fleire veker og dei involverte, ikkje minst ICC, kunne ha rykt ut og nekta på avgjerande punkt om framstillinga var feil.
Ved hjelp av spionteknologien Israel rår over, har dei hatt tilgang til mange konfidensielle e-postar, meldingar og telefonsamtalar mellom ICC og andre partar, ikkje minst i Palestina. Dermed har dei på førehand hatt kjennskap til ICCs planar og pågåande etterforskingar rundt moglege krigsbrotsverk.
Som nemnt starta ICC ei innleiande gransking av Israel i 2015. I 2020 blei eit viktig spørsmål avklart for domstolen. Til sterke protestar frå Israel blei det da klart at ICC, etter ei grundig juridisk vurdering, meinte å ha jurisdiksjon over det som skjer i områda Israel okkuperer.
I eit forsøk på å stanse ICCs planar og hindre dei i å etterforske hendingar i dei okkuperte områda, sette landet i gang eit omfattande etterretningsarbeid. Mossad (utanlandsk etterretning) Shin Bet (nasjonal etterretning), Aman (militær etterretning) og Unit 8200 (cyberetterretning) var involverte.
Netanyahu og staben hans skal ifølge ei kjelde i israelsk etterretning ikkje berre ha følgt nøye med på alt som blei samla inn. Den israelske statsministeren skal ha vore «besett» av saka.
Ein av Mossad-operasjonane adde ICCs sjefaktor Fatou Bensouda som mål og blei leidd av Yossi Cohen. Han er ingen kven som helst. I fleire år hadde Cohen vore Netanyahus nasjonale tryggleiksrådgivar, fram til statsministeren i 2016 utnemnde Cohen til direktør for Mossad (han gjekk av i 2021).
Cohens først møte med Bensouda var på ein tryggleikskonferanse i München i 2017. Andre gong var på ein hotellsuite på Manhattan året etter, der Cohen dukka opp under eit privat møte med Kongos daverande president Josef Kabila. Bensoudas stab blei beden å forlate rommet, og plutseleg dukka Cohen opp. Kabila hadde band til Cohen og israelsk etterretning og var openbert med på opplegget.
I dei første møta med Bensouda var Cohen imøtekommande og sjarmerande. Da det ikkje hjelpte, skifta taktikken til trugsmål og manipulasjon. Føremålet til Israel var å presse Bensouda til å stanse dei planlagde granskingane av moglege krigsbrotsverk i Palestina, og få henne til å samarbeide – ved hjelp av anten pisk eller gulrot.
Ifølge The Guardian kjende Bensouda seg stadig meir pressa av Cohen, og ho gav ved fleire høve meldingar internt i ICC om dette. Mellom anna skal Mossad-sjefen ha sagt til Bensouda: «Du burde hjelpe oss å ta vare på deg. Du vil ikkje rote deg inn i ting som kan true tryggleiken til deg og familien din.» Domstolen sette i verk ekstraordinære trykkleikstiltak for å verne seg mot aktivitetane.
Mossad interesserte seg for Bensoudas familie, presenterte ho for opptak av ein av mannens private telefonsamtalar og hevda at innhaldet var kompromitterande (det faktiske innhaldet er ukjent). Ved eit anna høve skal Cohen ha vist Bensouda bilde av mannen hennar, eit bilde som var tatt mens paret vitja London. Mannen jobba som konsulent på feltet internasjonale relasjonar, og gjennom han freista Mossad å presse Bensouda. Da det ikkje hjelpte, skal dei ha sett i gang ein svertekampanje mot ekteparet.
Cohen ringde òg Bensouda på det hemmelege telefonnummeret hennar. Han antyda at det ville vere øydeleggande for Bensoudas karriere om ho bestemte seg for å starte ei full gransking av Israel. Ein gong dukka to menn opp på Bensoudas private adresse i Haag. Dei identifiserte seg ikkje, men sa dei ville overrekke eit brev personleg til domaren, på vegner av ei tysk kvinne som ville takke henne.
I konvolutten låg det mange hundre dollar og eit israelsk telefonnummer. Den siste hendinga blei rapportert til nederlandske styresmakter, og det førte til at tryggleiken rundt bustaden blei styrkt. Bensouda, som ikkje er frå Europa, men frå det litle afrikanske landet Gambia, kjende seg åleine og utsett for det som minte om reine mafiametodar.
Samstundes freista Trump-regjeringa å presse Bensouda, mellom anna ved å innføre visumrestriksjonar og sanksjonar retta mot henne personleg. Utanriksminister Mike Pompeo skulda Bensouda for å vere korrupt, utan å gi nokon substans til påstanden. Ved to tilfelle skal israelske tenestemenn ha uttrykt overfor ICC at USA og Israel køyrde ein koordinert kampanje mot ICC, ifølge The Guardians kjelder i ICC. USA var opprørt over at ICC skulle granske hendingar som amerikanarar stod bak i Afghanistan, men var kanskje minst like opprørt for at ICC gjekk etter Israel.
Jo Biden oppheva sanksjonane mot Bensouda nokre månader etter at han blei president.
Karim Kahn tok over som sjefaktor for ICC i 2021.
Foto: Marwan Ali / AP / NTB
Eit anna mål for israelsk etterretning var palestinarar og humanitære organisasjonar på Vestbreidda og i Gaza som forsynte ICC med informasjon, vitnemål og bevis på krigsbrotsverk. Israel nekta ICC tilgang til Vestbreidda og Gaza, og kommunikasjonen måtte gå føre seg via e-post og telefon. Desse samtalane skal Israel ha spionert på.
Ein av organisasjonane som gav dokumentasjon til ICC, var den ikkjestatlege Al-Haq, som er den eldste, største og kanskje mest respekterte palestinske menneskerettsorganisasjonen. Dei har drive spesielt med juridiske spørsmål og dokumentasjon av brot på menneskerettane (frå begge partar) i dei okkuperte områda heilt sidan 1979, og har vore støtta av norsk UD. Juristane i Al-Haq har laga viktige rapportar og detaljerte juridiske studiar.
I august 2022 blei Al-Haq og fem andre palestinske menneskerettsorganisasjonar stempla som terrororganisasjonar. Israelske soldatar, truleg med folk frå etterretninga i bakgrunnen, sprengde døra til kontora i Ramallah, ransaka dei og forsegla etterpå kontora ved å sette på metalldører og sveise dei igjen.
Israel hevda at Al-Haq og dei andre organisasjonane var involverte i terror, men freista ikkje eingong å legge fram noka form for bevis for at det var tilfellet.
Mange oppfattar det slik at desse organisasjonane, som blei spionerte på av israelsk etterretning i samband med ICCs gransking, er blitt forbodne som hemn for at dei har samarbeidd med ICC – og for å stanse dei i å overlevere meir informasjon til domstolen.
Israel har ikkje berre nytta spionasje for å bli kvitt ICC-problemet. Dei har òg drive tradisjonelt diplomati og sendt delegasjonar av regjeringsjuristar og diplomatar til Haag for å overtyde domstolen om at dei ikkje har jurisdiksjon over dei okkuperte palestinske områda.
Desse utfluktene blei haldne hemmelege i Israel, der Netanyahus offisielle haldning var å fnyse av skuldingane og av ICC, som han hevda var heilt utan legitimitet. Både Netanyahu og Gallant har uttalt at prosessane mot Israel er motiverte av antisemittisme, og at dei derfor ikkje har seriøsitet eller legitimitet.
Ein taktikk Israel har nytta, er å sjølv sette i gang granskingar av problematiske hendingar tilbake i tid, etter at dei via spionasje har fått vite at ICC er på same saka. Dette kan ta luft ut av granskingane til ICC. For domstolen skal ifølge statuttane ikkje etterforske hendingar som alt er under truverdig etterforsking i staten som blir skulda for desse hendingane.
Når det gjeld den konkrete saka om israelsk etterretnings spionasje og trugsmål mot ICC, nektar Israel for at opplysningane er sanne (i generelle vendingar, slik dei har for vane, til liks med etterretningstenester i andre land).
Men i kjølvatnet av avsløringane har ei interessant sak dukka opp i Israel. Haaretz-journalisten Gur Megiddo var på sporet av den same saka i 2022, altså om Yossi Cohens aktivitetar i Haag. Da han kontakta Bensouda for å få ein kommentarar, blei han innkalla av israelske etterretningsfolk. Dei gav han klar beskjed: Om han publiserte artikkelen om saka, «ville han bli kjent med avhøyrsromma til dei israelske tryggleiksstyresmaktene frå innsida». Det same gjaldt om han delte det han visste, med utlendingar, ifølge ein artikkel i Haaretz 28. mai i år.
Alt strevet til Israel for å hindre at ICC sette i gang ei gransking, hjelpte altså ikkje. Sjefaktor Bensouda avgjorde at ICC skulle etterforska Israel i mars 2021, kort tid før ho gjekk av. Det var dette Israels politiske og militære etablissement hadde frykta. At ICCs sjefaktor ville at ICC skulle utferde ein arrestordre, var eit stort nederlag for israelsk diplomati og etterretning.
Landet har sidan starten i 1948 gjort sitt beste for å framstille seg som ein sivilisert nasjon, med opphøgde vestlege verdiar, men omringa av barbarar som ikkje respekterer krigens lover eller menneskeverdet. Ei slik framstilling knakar i samanføyingane når ICC-domstolen for første gong etterforskar ein av Vestens og USAs nære allierte. Så langt hadde krigsforbrytardomstolen blitt brukt mot afrikanarar. No blir Israel etterforska for kollektiv avstraffing, for medvite å gjere sivile til militære mål, for å skape hungersnød – berre for å nemne nokre av klagemåla.
ICC-domstolen i Haag har 124 av verdas land som medlemmer. Det inneber at dei har underteikna og ratifisert Romastatuttane frå 2002 (som ligg til grunn for ICCs etablering og mandat). 31 land har underteikna, men enno ikkje ratifisert. Fire land i verda har sagt at det ikkje kjem på tale å skrive under avtalen: Russland, Sudan, USA og Israel.
Det inneber ikkje at dei vil sjå bort frå domstolen. Om nokon gjer seg skyldige i krigsbrotsverk mot land som er medlemmer, kan dei ansvarlege bli sikta og dømde i Haag. I motsetnad til Den internasjonale domstolen, ICJ, som etterforskar staten Israel for folkemord, går ICC ikkje etter statar, men etter individ. Det er derfor den ikkje-fullbyrda arrestordren frå 21. mai gjeld Natayahu, Gallant og dei tre Hamas-leiarane personleg. Og implikasjonane er potensielt store. Til dømes vil israelske toppoffiserar kvi seg for å leie krigar i dei okkuperte områda om dei risikerer å bli internasjonalt ettersøkte av ICC.
Etter 7. oktober i fjor har ICC fått store mengder nytt materiale å arbeide med. Det var Bensoudas etterfølgar som ICC-sjefaktor, altså den britiske juristen Karim Khan, som underteikna ordren som oppmodar ICC om å utferde arrestordren.
Før han kunngjorde dette, sa sjefaktor Khan at forsøka på å «hindre, skremme og på utilbørleg måte påverke representantar for domstolen måtte stanse med det same». Khan nemnde ikkje Israel eksplisitt, men etter dei siste vekene med avsløringar er det liten tvil om kven han hadde i tankane: Israel og USA. Amerikanske senatorar sende mellom anna eit åtvarande brev til Khan der det stod: «Om du gjer Israel til eit mål, gjer vi deg til eit mål», ifølge kjeldene til The Guardian og +972.
Israels metodar for å påverke ICC-domstolen er i strid med artikkel 70 av Romatraktaten, som forbyr statar og andre aktørar å hindre domstolens arbeid. Fleire folkerettsekspertar meiner at Israels forsøk på å gjere dette bør etterforskast separat av domstolen. Khan har sagt at det vil skje om aktiviteten ikkje sluttar.
Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.
Artikkelen vart oppdatert onsdag 3. juli 2024 kl. 19.30.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.