JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

13117
20241004

Sør–nord-møtet. USA. Del 1

Frå muren mellom Israel og Palestina drog Håvard Rem til muren mellom USA og Mexico.

Sør–nord-grensa: USA

havard@dagogtid.no

Di mindre føreseieleg verda verkar, di meir spanande vert presidentvalet i USA. Dei store krigane går føre seg på andre kontinent, men folkevandringa frå sør mot nord råkar amerikanarane òg. Om ho ikkje var den viktigaste saka då eg vitja USA i fjor, har ho vore det i år, no i haust, og i vår, då eg drog til delstatar i sør og Mexico-grensa.

Winter White House

Eg går i handlegata Worth Avenue i Palm Beach. I millionbyar som Moskva og Tokyo ligg nok meir imponerande høghusbulevardar, men her bur det berre 10.000 menneske, og bygningane er i éin, høgst to etasjar.

Alt held høg klasse: merkevarene i vindauga, bilane ved fortauskanten, kleda på folk. Worth Avenue lever opp til namnet. Dei svale og stilmedvitne butikkane sel smykke, interiør, klede, kunst, eigedom.

På fem kontinent er det få stader eg forsvinn i mengda. Aldri har eg sett ein så høg prosentdel blonde, ekte eller falske. Ikkje berre er mørkhuda sjeldne, men mørkhåra òg. Folk eg pratar med elles i Florida, forklårar:

– Gamle pengar.

Rikmannsatmosfæren og marinaen minner meir om Doha enn Hankø. Der handlegata endar, kviler havet og horisonten. Mellom gata og sjøen ligg eit belte av ljos sand og strand, mil etter mil. Nokre minutt mot sør ligg Mar-a-Lago, med tilnamnet Winter White House, ein gong sumarresidensen til John F. Kennedy, i dag heimen til Donald Trump.

Grenser og val

Eg er på reise i Florida og Texas, to delstatar som i kolonitida var spanske, og som no i folkevandringstida vert meir og meir hispaniske. Oppgåva er å sjå på møtet mellom det globale sør og nord. Tidlegare i år kom eg frå Libanon–Israel-grensa og Vestbreidda. Det eine sør–nord-møtet går over i det andre, frå muren mellom Israel og Palestina til muren mellom USA og Mexico.

Av di det har vorte dyrt å reisa, med høg inflasjon og låg kronekurs, overnattar eg ikkje i Palm Beach, men i Fort Lauderdale i sør, jamvel om nord–sør-ferdene har fått stønad frå fleire hald heime. «Vestlege sørgrenser er prega av konflikt og migrasjon, som verkar inn på vestlege val, i EU i juni, i Tyskland i haust, i USA i november», skreiv eg i søknaden. «I nord er mange land kjenneteikna av sterke demokrati og svak demografi. I sør er mange land kjenneteikna av svake demokrati og sterk demografi.»

Krig verkar inn på val, slik somme val verkar inn på krigane. Sør og nord har heim på same jord.

Sorga

I USA ser ein sør–nord-møta overalt. I New York, nord på Manhattan, i dei svarte bydelane, eller kring Bowery, mellom heimlause som har kome via Mexico til kvartala kring hotellet. I New Mexico, hjå ei av dei største gruppene som finst att av dei innfødde, navajoane, som lét meg inn i heimar og parlament. I California, hjå hispaniarar. I Oklahoma, i Illinois og no i Florida, hjå seminolane, ikkje langt frå Palm Beach, men langt likevel.

I boka Nightfall (2006), av seminolpoeten Elgvin Jumper, les eg diktet «Sorga i Fort Marion». Marion-fortet i Florida, frå 1672, er eitt av dei eldste i landet. «Eg drog dit/ for å finna/ ein nærare skyldskap/ til forfedrane mine/ i leitinga/ etter meg sjølv/ for å oppdaga/ kvar eg kom frå». Kva fann han? «Du kan kjenna/ sorga/ den dag i dag».

USA er mykje sorg. Men som ein seier her: The show must go on. Landet har drygt 300 reservat – res, som dei kallar dei. I tillegg kjem bydelar i metropolane. Palm Beach er eit slag res, det òg, om det ikkje er svart, brunt, gult eller raudt, men blondt.

Utsynet frå klokketårnet i enden av Worth Avenue i Palm Beach.

Klokketårnet

Florida var fyrste staden ein veit at ein europear sette foten sin på Fastlands-USA. Korleis det kan ha sett ut for dei som då budde her, får ein ei kjensle av på Worth Avenue. I enden av gata, ved stranda, står eit gamalt klokketårn med ein portal som rammar inn utsynet: kvite strender og blått hav så langt ein kan sjå i nord, sør og aust. Ingenting bryt horisonten, slik ingenting braut horisonten i 1513, anna enn segla på dei tre skipa til Juan Ponce de León.

Som tenåring hadde han vore med på den andre ekspedisjonen til Kristoffer Columbus. No nådde han USA-fastlandet. Dei som stod på stranda, fekk sjå kvite segl med raude krossar – ikkje så ulike flagga som har prega Mar-a-Lago når Trump har vore vert for pengeinnsamlande Raudekross-gallaer.

På andre kystar og kontinent synte det seg segl med andre symbol frå Europa, Arabia eller Asia.

Demografi

Florida har berre ein femtedel av flatemålet til Skandinavia, men same folketal: 22 millionar. Den fyrste millionen nådde delstaten så seint som for hundre år sidan. For 200 år sidan budde det drygt 30.000 menneske her, og få av dei var kvite. Florida er ein ung stat. Berre dei siste femti åra er folketalet tredobla, og den etniske samansetninga tilsvarande endra. For femti år sidan hadde åtte av ti floridians europeisk bakgrunn, mot fem av ti i dag.

Kven har kome til? Dei svarte utgjer 15 prosent av innbyggjartalet, no som då. Men hispaniarane, dei med latinamerikansk bakgrunn, har auka frå seks til 26 prosent, ja, til 40 prosent, om ein reknar inn gruppa som har auka mest, folk med etnisk blanda bakgrunn.

I mange fylke er endringa større. Der eg bur, i Broward, grannefylket til Palm Beach i sør, gjekk dei kvite frå null av ti til ni av ti, og så, i dag, til tre av ti.

Florida er framleis ein smeltedigel. I dag har staten forbode sanctuary cities, «asylbyar», stader som gjev papirlause migrantar særrettar. Forbodet vart iverksett i 2019 av den republikanske guvernøren Ron DeSantis, han som i januar trekte seg som mogeleg presidentkandidat.

«Her i Broward gjekk dei kvite frå null av ti til ni av ti, og så, i dag, til tre av ti.»

Folkevandringstider

Endringa i Florida speglar ei global endring det siste hundreåret, med velstandsoverskot i nord og fødselsoverskot i sør. Slikt vert det folkevandring av. Kva er tala for USA? Pew melder at det månadleg har vore opp mot ein kvart million illegale migrantar som har kome til USA-grensa, med rekordhøge tal kring siste årsskifte. Etter pandemien har det vore tal på opp mot og kan henda over to millionar menneske årleg. Tala har vore langt høgre enn dei førre rekordtala kring tusenårsskiftet.

No kjem menneske frå heile det globale sør. Eit døme: Ei av mange grupper som fer frå sør til nord, til USA via Mexico og Canada, eller til Europa via Middelhavet og Kanariøyane, er pakistanarar, somme av dei flaumramma. Då foreldra mine var unge, fanst det ti pakistanarar for kvar nordmann, 25 millionar mot 2,5 millionar. I dag er høvetalet ikkje ti, men nær femti. Medan folketalet i Noreg er dobla sidan 1940, er folketalet i Pakistan tidobla, til ein kvart milliard menneske – som Tyskland, Frankrike, Italia og Spania til saman.

Kring 100 millionar menneske er på vandring, mange frå sør mot nord, i eller frå ustabile område. Så mange at dei kan destabilisera nord, her og i Europa? Ja, meiner høgresida, kriminelle nettverk tek del i vandringa, og islam destabiliserer grenseområde og valdar utvandring og hijra. Tja, meiner venstresida, i så høve er det berre takk for sist, for når nord har destabilisert sør, får nord tola å verta litt destabilisert sjølv.

Presset frå sør lyftar spørsmålet høgt på dagsordenen. Innvortes har sør–nord-konflikten vorte ein høgre–venstre-konflikt. Kven vinn val på det? Demografi handlar om folkevandring, men om alderssamansetnad òg – presset frå sør og presset frå dei unge. På dei femti åra eg har fylgt med: Der unge haldningar på venstresida ein gong pressa ut gamle på høgresida, ser det no ut til å vera motsett, i det minste mellom menn.

Ei kvinne på eit sjølvbalanserande køyretøy freistar å hiva dollarsetlar til ein blind musikar i Fort Lauderdale.

Brightline

I dei 50 åra har Palm Beach demografisk sett vore eit uvanleg stabilt område. Medan folketalet i heile delstaten, og i grannefylket Broward, er tredobla, har Palm Beach motsett seg utviklinga. Her er folketalet som i 1970, kring 10.000. Ni av ti er kvite, no som på 1970-talet. Men litt endring syner seg.

At eg kjem til Palm Beach med tog, er inga sjølvfylgje. USA var ein gong verdas leiande jarnbaneland, men passasjertoga er nær avvikla. Sør i Texas skal eg høyra tog eg ikkje kan ta, det er godstog.

Eg kjem ikkje til Palm Beach med statseigde Amtrak, men med privateigde Brightline. Gjennom halve Florida, frå Orlando til Miami, går eit snøggtog med høg kvalitet, komfort og billettpris. Ein kan velja mellom business og fyrsteklasse. Tur–retur Orlando–Miami kostar frå 5000 kroner. Stasjonane liknar små lufthamner, med rulletrapp og luftkondisjonering, bar og lounge.

Frisør på nattskift ved Broward Central Terminal i Fort Lauderdale i Florida.

Broward Central Terminal

Kontrasten er skarp til Broward Central Terminal, bussterminalen i Fort Lauderdale, ein samlingsstad for heimlause og narkomane, kriminelle og tiggarar. Her er alle aldrar og etnisitetar betre representerte enn elles i byen. Om ei veke skal eg sjå kontrastane mellom Palm Beach, eit av dei rikaste fylka i USA, og Eagle Pass i Maverick, eit av dei fattigaste fylka, men dei er store på eit lite byområde òg.

I Fort Lauderdale ligg Broward Central Terminal berre eit steinkast frå den nye Brightline-stasjonen, men buss- og jarnbanestasjonen høyrer til kvar si verd. Buss er lågklasse. I USA har privateigd verksemd utvida det private rommet langt inn i det offentlege. Allmenningen har krympa til små og stundom utrygge reservat.

Nord–sør-skiljet veks i norske byar òg. Ein næringslivsven sat på ei offentleg norsk lækjarvakt for fyrste gong som vaksen, og for siste gong. Han laut venta i lag med dei lægste i byen. Slikt vert ein skjerma mot med privat helseforsikring, og det har nær ein million nordmenn no, som ei seinsosialdemokratisk utgåve av den amerikanske draumen.

Kan ein få USAs etnososiale mangfald utan å få det økonomiske mangfaldet på kjøpet? Ja, meiner venstresida, som vil ha det fyrste mangfaldet utan det andre. Ja, meiner høgresida, som vil ha det andre mangfaldet utan det fyrste.

Om Noreg har eit val, har USA aldri hatt det. Føderasjonen er skrudd saman av etnisk og økonomisk mangfald i det somme kallar ein 400-årskrig.

«Utanfor jarnbanestasjonen ventar golfbilar som tek deg dit du vil, gratis.»

Golfbilane

På Brightline-toget sit øvre mellomklasse, forretningsfolk, kvite familiar med born, intellektuelle. Me går av i West Palm Beach, som ligg på fastlandet. Korleis kjem ein seg ut til øya, til Palm Beach? Her òg går offentleg transport frå ein bussterminal nokre steinkast frå Brightline-stasjonen, og eg har sjekka rutetidene. Men nei, Brightline-passasjerar dreg ikkje dit. Utanfor jarnbanestasjonen ventar opne golfbilar som tek deg dit du vil, gratis. Eg nemner ei adresse i Palm Beach, og sit i lag med to unge, dyrt kledde kvinner. Dei pratar spansk seg imellom.

Vel framme kan eg konstatera at heimstaden til Trump ikkje liknar Trump-land. Maga-skilt på plenane ville ha vore eit stilbrot. Men om eg ikkje møter Trump i Mar-a-Lago, ser eg fleire som minner om han, i butikkar og golfbilar, på same alder, med bleika hår. Dei liknar karikaturteikningane i etablerte og sosiale medium.

På den luftkondisjonerte leseklubben Society of the Four Arts pratar eg med ei kvinne i 50-åra. Ho ser nordisk ut.

– Eg hugsar fyrste gong eg røysta, fortel ho.
– På kven?
– På Clinton. I 1992. Eg har røysta ved kvart val sidan. På Demokratane.
– Og denne gongen?
– I år er eg for fyrste gong i tvil om eg i det heile teke kjem til å røysta.

I dag er tvilen hennar truleg mindre. Praten vår fann stad før sumaren og kandidatbytet.

Golfklubben

Eg vil sjå West Palm Beach òg, berre ti minutt unna med bil, men kontrastfylt, med slum og slott.

– Har du gått heilt frå Mar-a-Lago, spør ei svart kvinne som sel meg vatn.
– Får han ein ny periode, spør eg mellom slurkane.
– Gud, det vonar eg ikkje. Det er som det er, det er trist, men det er som det er. Kva kan ein gjera?

Nei, kva? I USA tek somme saka i eigne hender. I West Palm Beach ligg «Trump International Golf Club», der eit nytt attentat fann stad no i september.

Dei antiføderale

Medan eg var i Palm Beach, der Trump bur, dukka han opp i Eagle Pass, dit eg var på veg. Motellrommet var alt tinga. Og då eg kom fram, fortalde alle om vitjinga.

Kvifor drog han dit? Folkevandringa frå sør mot nord har vorte ei viktig valsak, her som overalt i Vesten, og vesle Eagle Pass er ein viktig texansk grenseby.

Og som ein bonus: I Eagle Pass kunne han syna solidaritet med antiføderale rørsler, i delstaten, i fylket. I grensebyen har Washington og Texas, president og guvernør, kriga om jurisdiksjonen på den amerikanske sida av Rio Grande.

Som i Europa veit sentrum–venstre at høgresida tener på høgre migrasjonstal. Tilstrøyminga til USA har roa seg noko det siste halvåret, så å seia som ein del av valkampen. Men framleis er ho større enn i det hektiske tiåret etter tusenårsskiftet, då eg såg folkevandringa frå sørsida, på reise i El Salvador og Guatemala, i møte med dop- og menneskesmuglarar der.

­Om ei veke er eg i Texas.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit
Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis