JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ei grensevakt fortel

EAGLE PASS: Der kvite vert færre, vert Republikanarane sterkare, her i Texas som i Florida. Er dette «å mista Groruddalen» på amerikansk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Amerikanske grensevaktar om bord i eit hydroplanfartøy med vasspropell på Rio Grande. I vasskanten: våte klede som migrantar har late att. Bak: konteinarmuren.

Alle foto: Håvard Rem

13521
20241018
13521
20241018

USA

havard@dagogtid.no

Sør–nord-møtet: USA. Del 3

Frå muren mellom Israel og Palestina drog Håvard Rem til muren mellom USA og Mexico.

Eg har sjekka inn på motellet i Eagle Pass og gått til næraste plass å eta. Chili’s Grill & Bar er ein stad for par og store venelag, med småbord og langbord, men òg ein stad for dei som kjem åleine, med ein lang, brei og hesteskoforma bar der både mat og drikke vert servert. Inni hesteskoen arbeider jenter sist i tenåra. Kring sit karar frå tretti til åtti.

Ein ung kar sit nokre meter til høgre for meg, for alt eg veit i politisk forstand òg, framfor ein diger tallerken med nachochips og dippar, og eit glas med gul saft. Brått seier han:

– Vil du ha chips?

Terskelen for å snakka uoppmoda til framande er lægre i Texas enn heime. Amerikanarane er kjende som utovervende og rakt på sak. Står ein i lag med ein framand og ventar på buss eller tog, er det her like unormalt å teia som det er normalt i Noreg. Det gjeld i ein bar òg.

– Heile livshistoria kom etter fem minutt, seier nordmenn nedsetjande om menneske som ikkje er noko å samla på.

Her er det annleis. Her kjem ei livssoge lettare i dagsljos enn ho gjer heime i mørker. Dessutan skal det syna seg at den gule safta til sidemannen er blanda med whisky.

Eg er ikkje stemd for småprat, men når eg oppfattar at han er stasjonert i Eagle Pass som grensevakt, takkar eg nei til chips – fajitas er alt tinga, til varmande anerkjenning då eg bad om tortillas av mais – og ja til prat.

Sukkerstasjonen på motellet i Eagle Pass.

«The Border»

Det var ein slik prat eg ville ha i Eagle Pass. Kvardagen til ei grensevakt driv eg elles og gjer meg kjend med i ledige stunder, gjennom «The Border», ein song Willie Nelson gav ut som singel medan eg var i Texas og amerikanarane diskuterte grensekontrollen. Opningsversa:

Eg verkar på grensa
Eg ser det eg ser
Eg verkar på grensa
Ho verkar på meg

Eg kan ikkje sova
Eg veit det er jakt
Dei får dusør om dei feller
ei grensevakt

Willie Nelson, fødd i Texas i 1933, voks opp nord i delstaten og flytta som ung sørover, mot San Antonio. «The Border» er tittelsporet på eit av dei to albuma 91-åringen gjev ut i år. Songen, som vart skriven av teksanarane Allen Shamblin og Rodney Crowell i 2019, gjev røyst til ei grensevakt som tek av seg den skotsikre vesten når arbeidsdagen er over.

Fattigland

På vegen sørover i Texas vart dei lutherske og evangelikale bedehusa færre og dei katolske kyrkjene fleire. Folk pratar like gjerne spansk som engelsk. Kvite og svarte vert færre og hispaniarane fleire. Til slutt kom eg til Eagle Pass, ein vesal grenseby, men viktigaste tettstaden i Maverick, eit av dei fattigaste fylka i USA, med 58.000 innbyggjarar. Medianalderen er så låg som 30 år, og fattigdomsraten så høg som 25 prosent. Berre 5 prosent av innbyggjarane har vestleg eller innfødd bakgrunn. Resten, 95 prosent, er av ulikt hispanisk opphav, ikkje minst meksikansk. 16 prosent av dei, det doble av landsgjennomsnittet, har ikkje amerikansk statsborgarskap, og nær ein tredel er fødde i land i sør.

Så det er slik han ser ut, den fyrste folkesetnaden immigrantane møter når dei kjem til Eagle Pass ved breidda av Rio Grande, elva som renn som ei grense mellom USA og Mexico, mellom det globale nord og sør. Elva er eit viktig mål for folkevandringa på det amerikanske kontinentet.

Legg til pendlarane. Mange av dei eg vert kjend med i Eagle Pass, bur i Piedras Negras, den meksikanske granne- og grensebyen. Dit er det gangavstand.

Midt i smuglartrafikken
skal eg halda stand
Ørkenen er teikna
som eit kart i mi hand

Eg ser slangar i mørkeret
og svolt i kvart kratt
Eg ser vener av brør
Eg høyrer bikkjer i natt

Shelby-parken sett frå grensebrua

Shelby-parken sett frå grensebrua

John

Me kan kalla han John, karen som sit i baren på Chili’s. Han bur eit stykke aust i delstaten, langt nok til at han overnattar i Eagle Pass dei vekene han går vakt. Han har berre så vidt vore i Mexico, som ligg eit par kilometer unna, og pratar ikkje spansk, men elles er han reisevand. Han har opphalde seg i Tyskland, Italia, Djibouti, Kenya og Afghanistan. Som så mange grensevakter har han bak seg ein militær karriere.

– Eg kan litt tysk. Der var eg utstasjonert i to år. I Afghanistan høyrde eg til det 173. regimentet. Der var straffa for eit mindre lovbrot å ta 173 armhevingar.

– Kva handlar jobben din om no?

– Me freistar å gå etter dei viktige måla. Folk av andre nasjonalitetar som kjem hit med kriminelt rulleblad, ja, somme med terrorismebakgrunn òg. Folk som freistar å frakta våpen inn i USA. Om me held fram med å sleppa kriminelle inn i landet, vil det føra til fleire valdshendingar i amerikanske byar, seier han.

– Om nokon fortel deg at dette ikkje skjer, skal du prata med det lokale politiet. Det skjer her ved grensa òg. Migrantar tek seg gjennom områda til ranchane her i Maverick. Somme nyttar vald. Går til åtak på kvinner. På born. Eg elskar born. Eg har fire born sjølv, og eg elskar dei. Eg vil ikkje at dei skal verta utsette for slike farar.

– Kor gamal er du?

– 31 år. Me klarar oss på éi inntekt. Kona mi treng ikkje arbeida ute for å tena pengar. Ho tek hand om heimen. Med fire små er det nok å gjera.

– Kvar kjem du frå?

– Eg voks opp i Aust-Texas, men eg vart fødd i Sør-Carolina. Eg voks opp som granne til ein diger kvegranch, men sjølve budde me i eit jakttårn (deer stand) som var bygd om til ein bustad. Det var enkle tilhøve og mykje dugnad, for å få vatn og straum, men me greidde oss.

Eg kjem heim til Maria
på vegar av sand
Kjem heim som ein skugge
Held demonar i band
«D’er berre ei grense, min mann»

CBP og DPS

I Chili’s-baren held praten fram.

– I morgon fer eg til Mexico. Har aldri vore der.

– Til Piedras Negras? Eg veit ikkje kva du kan venta deg. Dra dit med eit ope sinn. Mexico er drive på eit anna vis enn USA. Systemet er annleis. Pengetrafikken er annleis. Dei manglar incitament til å vakta sine eigne grenser. Difor nyttar dei ikkje ressursar og personell til grensevakthald. Det overlèt dei til amerikanarane. Det er ikkje rettvist. Kvifor kan ikkje dei vakta grensene sine slik me gjer? Me ofrar menn.

– Hender det at grensevakter vert såra i teneste?

– Me har ein del tilfelle. Rett som det er. Stundom småting, stundom meir alvorleg. Ein del av skadane er psykiske.

– Er det migrantleirar her i Maverick?

– Eg veit ikkje no. Eg har aldri vitja ein. Under Trump var det leirar, men med Biden fekk ein ikkje lenger internera migrantane. No tek me fingeravtrykka deira og lèt dei reisa vidare mot nord.

– Kor lenge har du arbeidd som grensevakt?

– I to år. Den fyrste tida var me underlagde føderale CBP, men no tek eg ordrar frå delstatlege DPS.

Føderale U.S. Customs and Border Protection (CBP) har ei paramilitær avdeling, US Border Patrol, med kring 20.000 i uniform.

Delstatlege Texas Department of Public Safety (DPS) har ansvar for Texas Border Security, som normalt har hatt som oppgåve å gje direkte assistanse til CBP. Men tidlegare i år erklærte Texas-guvernøren unntakstilstand.

Ein pansra jeep
svinga så nær
Meksikanske soldatar
med ladde gevær

Dei lo då dei drog att
Ein lått som fortel
at her er det berre
pengar som tel

Nedlagd butikk med festutstyr i Eagle Pass.

Groruddalen

– Immigrantar flest røystar konservativt her i Texas, seier John.

– Kva kjem det av, trur du?

– Av di kjerneverdiane deira er konservative og gjerne katolske. I familiespørsmål er dei ikkje liberale.

Seinare i samtalen, når me pratar om grensekontroll, seier han:

– Millionane som kjem, røystar på Demokratane.

Somme republikanarar ser føre seg at Demokratane vil ha stor innvandring for å få fleire veljarar.

– Men for fem minutt sidan sa du at immigrantar flest røystar konservativt, minner eg han på.

– Kan henda røystar dei på Demokratane i byrjinga og så på Republikanarane etter kvart.

John har nok eit poeng. Samstundes som sørstatar som Texas og Florida vert mindre kvite og meir fleiretniske, vert dei raudare, som i USA vil seia republikanske. Trump vann båe delstatane i både 2016 og 2020, med ein auke som vil halda fram i 2024, om ein skal tru meiningsmålingane.

Kvifor? Er det ikkje eit svik av dei frå sør at dei ikkje røystar på dei i nord som har kjempa for meir opne grenser? Skjønar ikkje søringane sitt eige beste? Er dette den amerikanske varianten av det me heime kallar «å mista Groruddalen», etter at Arbeidarpartiet ved kommunevalet i fjor ikkje lenger var det største partiet der?

Americano

Texas og kaffi er roots. Pionerane drakk kaffi. Kaffi er både karsleg og kjerringsosialt. Kaffi er kveikjande, og med verdas beste samvit ber amerikanarane om kaffi, jamvel om dei elles har dårleg samvit andsynes alkohol eller fedme. Men amerikanarane lyg for seg sjølve. Kaffien dei drikk i dag, har inkje å gjera med innhaldet i kjelen som hang over leirbålet.

Eg granskar kaffistasjonen på motellet. Der står det tre store kanner og tre små. I dei tre små finst det amerikanarane eigenleg vil ha når dei ber om kaffi: ein sukkersaus med smak av hasselnøtt, vanilje eller berre sukker.

Og i dei store? Ei kanne med varmt vatn for dei som vil ha te. Ei kanne med vanleg kaffi. Og ei kanne med varmt og mørkt vatn, som vil seia «kaffi» utan koffein.

Koppen med koffeinfri kaffi fyller dei så med sukkersaus. Mange fyller dessutan på med fløyte, og gjerne ekstra sukker frå små papirposar. Amerikansk kaffi er ikkje americano.

USA er eit speeda samfunn. På vanlege kafear og matstader, det vil seia kjedestader, er det heilt frå tidleg morgon høg og rask musikk, gjerne med doble basstrommer og skrikevokal. Ein musikk som for tretti år sidan var så ekstrem at han vart kalla ekstremmetall, har no vorte kvardagsleg godmorgonmuzak, med masse sukker til.

På Starbucks i Eagle Pass er det ei ung kvinne som skil seg ut, ikkje av di ho har nordisk utsjånad, eller kler seg indie, med safaribukser, T-skjorte og ryggsekk, men av di ho er slank og tingar ein americano.

Kaffiservering på Starbucks i Eagle Pass.

Shelby

Meksikansk-amerikanske Gerardo Quiroz arbeider i Fort Duncan-museet i Eagle Pass, der han har budd i tretti år, sidan han var liten gut. Han fullførte high school her i 2012, og har no avansert til museumskoordinator.

– Migrantane som kjem no, er ikkje meksikanarar, seier han og legg til:

– Dei kjem frå andre land.

Minst éin gong i månaden fer Gerardo «heim» til Mexico for å vera i lag med slekt og vener. Den amerikanske soga i Eagle Pass kjenner han sjølvsagt godt, og fortel stolt om. Fort Duncan vart bygt i 1849, etter krigen mellom Mexico og USA, for å verna dei fyrste amerikanske settlarane i området.

Stolt syner Gerardo meg eit måleri frå borgarkrigen. Der ser ein sørstatsoffiseren Joseph Orville Shelby i 1865, på flukt mot Mexico, senka sørstatsflagget i Rio Grande for at det ikkje skulle falla i hendene på dei føderale sigerherrane frå nord.

Oppkalla etter han er Shelby-parken her i Eagle Pass, ein folkepark som no er militærleir for grensevaktene. I januar i år valde Greg Abbott, den republikanske guvernøren, å stengja ute det føderale grensepolitiet frå området. Dimed tok det teksanske delstatpolitiet full kontroll.

Frå slummen og skura
vert fattige sende
Ein druknar på grensa
Ei liding tek ende

Museumskoordinator Gerardo Quiroz med eit måleri av sørstatsleiaren Joseph Orville Shelby.

Skarpskyttaren

Då Trump vitja Eagle Pass i mars, opptredde han i Shelby-parken i lag med Abbott. Månaden etter vitja han Waco i Texas. Hugsar du David Koresh? I 1994, då det synte seg at det religiøse samfunnet hans i Waco var væpna, vart dei kringsette av føderale FBI. Nær hundre vart drepne, mellom andre 28 born. Trump drog dit for å ta del i 30-årsmarkeringa.

John i baren rådde meg til å vitja Shelby-parken, åstad for ein maktkamp mellom den teksanske guvernøren og den amerikanske presidenten. Kven av dei har øvste mynde i parken?

Dei fastbuande heiar nok på delstaten, men likar ikkje at parken no er hermetisk lukka, for han har vore møtestaden deira, på festivalar, under solformørking, på nasjonaldagen. Han er sjølvsagt lukka for tilreisande og journalistar òg. Utanfor dei høge gjerda møter eg eit fjernsynsteam frå Ungarn. Liknar Houston–Washington-maktkampen på maktkampen mellom Budapest og Brussel?

Ved porten vert eg ståande og prata med ein ung soldat på vakt. Han vil gjerne høyra om Noreg.

– Eg er skarpskyttar, fortel han, sniper.

– Eg har mange våpen heime, skal eg fortelja deg. Korleis er våpenlovane i Noreg?

– Nei, heime går politiet uvæpna i gatene, jamvel i storbyane, fortel eg, utan å leggja til at det endrar seg no.

Han har vondt for å tru meg:

Unarmed cops? Crazy. Her er det ein djup konflikt mellom state og fed. Demokratane, veit du.

Campos og Ramien

Den siste strofa i Willie Nelson-songen handlar om grensevaktene José Alonso Compeán, kjend som Campos, og Ignacio Ramos. Etter å ha skote mot og såra narkotikasmuglaren Aldrete Dávila vart dei i 2005 dømde til høvesvis tolv og elleve års fengsel.

Du har vel høyrt om han Campos
og han Ramien
Båe vener av meg
Båe gode menn

Dei gjorde det rette
Men sjå kva dei fekk
Eit høgsikringsfengsel
Der rotnar dei vekk

Ein anke vart avvist i 2008. Året etter sytte president Bush jr. for at dei vart lauslatne. I 2020, året etter at songen vart skriven, vart dei gjevne full nåde av president Trump.

Eg skal vidare til Piedras Negras i Mexico, på hi sida av Rio Grande. Der ligg ingen avstengd Shelby-park. Medan eg ruslar fritt langs elvebreidda, druknar ein migrant i Rio Grande. Eg får det ikkje med meg før han vert teken på land.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis