JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Ein etnisk valkamp

Donald Trump speler på kvit nasjonalisme. Kamala Harris på fleirkultur. Kva for grupper som lèt seg mobilisere, kan avgjere valet, meiner USA-kjennar Ketil Raknes.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva for veljargrupper som lèt seg mobilisere, vil kunne avgjere om Donald Trump eller Kamala Harris vert vald til president 5. november.

Foto: Reuters Photographer / Reuters / NTB

13498
20240830
13498
20240830

USA

christiane@dagogtid.no

Korleis kan vi forklare at Donald Trump vart vald til president i USA i 2016, og at han 5. november kan verte vald igjen? For å forstå oppslutninga om Trump må ein også forstå den rasistiske historia i USA, meiner USA-kjennar Ketil Raknes.

I boka Hvit makt – USAs rasistiske historie argumenterer han mot ei forklaring som har festa seg hos mange. Nemleg at arbeidarklasseveljarar som har mista jobben som følgje av globalisering, sikra Trump sigeren.

I dag veit vi at denne forklaringa er feil, skriv Raknes.

Det som i røynda kjenneteikna dei som røysta på Trump i 2016, og som vil gjere det igjen i år, er i hovudsak at dei ikkje liker muslimar, svarte og innvandrarar, og føler at kvite menneske vert diskriminerte i USA, skriv han.

Og vidare: I kampen for å halde på det kvite herredømet er dei villige til å ofre demokratiet i USA.

Sjølvoppgjer

Raknes er ein av dei ganske mange nordmennene som i mange år har vorte omtala med den heller upresise termen USA-kjennar.

Til dagleg er han førsteamanuensis og instituttleiar ved Høyskolen Kristiania, men han har òg ei fortid som politisk nerd på venstresida. (Han har mellom anna vore statssekretær for SV i Miljøverndepartementet.) Mastergraden tok han i Washington, der han fordjupa seg i norsk og amerikansk valkamp. Under studieopphaldet fekk han sjå store delar av landet saman med amerikanske slektningar, som bur så ulike stader som i sørstatane, i Midtvesten og på vestkysten.

Denne dramatiske sommaren i amerikansk politikk, med attentatforsøk og ein ny demokratisk presidentkandidat, opplevde han på sommarferie i Washington, Charlottesville, New York og Philadelphia.

I forordet tek Raknes eit oppgjer med fleire av sine eigne tidlegare analysar av USA, som han i dag oppfattar som naive.

Rasehistorie

Grunnen er at han tidlegare ikkje har sett kor djupt konflikten kring rase, slik amerikanarane bruker ordet, går gjennom amerikansk historie. Denne historia har han no sett seg grundig inn i.

– Skal du kunne forklare noko som helst om USA, så er rasespørsmålet det beste utgangspunktet. Dette er konflikten som har vore til stades i USA heilt frå starten av. Dei to store partia er forma av konflikten. Og den situasjonen USA står i no, handlar òg om denne konflikten. Det går ei rett linje frå setninga om at «alle menneske er fødde like», til at Kamala Harris kanskje skal verte president, seier han.

Foto: Høyskolen i Kristiania

– Rasesolidariteten har alltid vore sterkare enn klassesolidariteten i amerikansk politikk.

Ketil Raknes, USA-kjennar

Trump-sjokket

Raknes fortel at han tidlegare såg den amerikanske historia som ei rørsle framover, frå Abraham Lincoln til Martin Luther King jr. og Barack Obama.

Han trudde, etter valet av Obama i 2008, at USA var i ferd med å verte eit vellukka fleirkulturelt demokrati. For å sitere frå boka:

«Jeg trodde ikke et land der en afroamerikaner kunne bli president og selv republikanerne siterte Martin Luther King jr., plutselig kunne styrte ned i et rasistisk mørke som tok livet av selve demokratiet».

– Eg har nett høyrt Harris tale under landsmøtet til Det demokratiske partiet, og kontrasten er stor til skildringa di av eit rasistisk mørke og eit dødt demokrati.

– Ja, dette er jo den same kontrasten som vi såg mellom Obama og Trump. Det eg burde ha skjønt tidlegare, og som eg sjølvsagt forstår no, er at det alltid har vore ei rørsle fram og tilbake i amerikansk historie. Kvar gong svarte eller farga menneske oppnår politisk framgang, kjem det eit kvitt motåtak, som alltid har element av høgreekstrem vald i seg.

Rasistisk historie

Hvit makt er ei historiebok som går gjennom dei mest kjende hendingane i USA etter at den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 slo fast at «alle menneske er fødde like».

Men ulikt skulebokversjonen argumenterer forfattaren for at historia følgjer eit bestemt mønster: Kvar gong svarte har styrkt posisjonen sin i samfunnet, har det komme eit kvitt og valdeleg motåtak.

I dette mønsteret er Trump-sigeren i 2016 og storminga av Kongressen i 2021 å rekne som kvite motåtak etter åtte år med ein svart president ved makta – på same måte som tortur og lynsjingar utførte av Ku Klux Klan var eit kvitt motåtak etter at slaveriet vart avslutta ved slutten av borgarkrigen i 1865.

Denne vekselverknaden, meinar Raknes, gjer det lettare å forstå appellen Trump har i delar av USA.

Støttespelarar av Trump, blant dei Jacob Chansley i pelslue, fotografert i møte med politifolk i kongressbygningen på Capitol Hill i Washington den 6. januar 2021.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB

Er Trump rasist?

– Det er ikkje sikkert alle godtek premissen om at Trump er rasistisk. Kvifor meiner du det er rett å kalla Trump rasist?

– Fordelen med Trumps rasisme er at han ikkje skammar seg over han, og dermed seier rasistiske ting heile tida. Han starta presidentkampanjen sin med den rasistiske teorien om at Obama ikkje eigentleg er amerikanar, og han gjer det same med Harris no.

– Trump er ofte uklar i formuleringane sine. Det er ikkje så lett å forstå kva han meinte då han sette spørsmålsteikn ved om Harris er svart eller indisk, til dømes.

– Det finst ikkje eit svart menneske i USA som ikkje forstår kva han meiner med det. I slavetida opererte dei med the one drop rule. Hadde du éin drope svart blod i årene, vart du kategorisert som svart. Så då Harris vaks opp, fekk ho beskjed av mor si om at ho godt kan kalle seg indisk, men at ho i det amerikanske samfunnet vil verte rekna som svart. Så det er jo ein kategori som er dytta på henne. Heller ikkje Obama fekk mykje hjelp av at mor hans var kvit. Så når Trump seier at Harris berre kunne valt å vere indisk, så er det den ultimate fornærminga. Og for å forstå kvifor kommentaren er så krenkjande, trur eg at ein også må forstå bakgrunnshistoria.

Manglande oppgjer

Raknes meiner at det europeiske oppgjeret med nazismen etter den andre verdskrigen gjer det vanskeleg for politikarar å sleppe unna med høgreekstrem retorikk. Eit slikt oppgjer med rasisme har ikkje USA hatt, seier han.

– Det gjer det mogleg for Trump å seie ting som han ikkje kunne sagt i Nord-Europa utan å verte kasta ut av partiet sitt. Sjølv ein høgrepopulistisk politikar ville vorte kasta ut om han etter ein nynazistisk demonstrasjon i Oslo sentrum hadde sagt at både nynazistane og dei som protesterer mot dei, har gode poeng.

Det var dette Trump sa etter opptøyar mellom høgreekstreme og motdemonstrantar i Virginia i 2017.

– Men Trump glir gong på gong over i høgreekstrem retorikk, der det er openbert at han vender seg til rasistiske grupper og oppfordrar til vald. Forklaringa på det må vere at han er plassert i ei politisk historie som gjer det mogleg.

Rollebyte

I Hvit makt vert lesaren påmint om at republikanarane og demokratane på eit punkt i historia skifta rolle i rasespørsmålet.

Raknes skriv om korleis Det demokratiske partiet stempla Det republikanske partiet som «niggerpartiet» etter at president Abraham Lincoln avskaffa slaveriet. Skiftet kom i 1964, då den demokratiske presidenten Lyndon B. Johnson forbaud raseskiljet.

Sidan har republikanarane fått fleirtalet av dei kvite røystene i alle presidentval.

Abraham Lincoln, portrettert av W.F.K. Travers.

Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB

Raknes skildrar eit republikansk parti som under Richard Nixon utarbeidde ein strategi for å halde på den kvite majoriteten ved å spele på frykt for afroamerikanarar, den såkalla «sørstatsstrategien».

«Å la Donald Trump være partiets frontfigur er det naturlige endepunktet for et republikansk parti som valgte å bruke rasismen som et strategisk verktøy for å vinne valg», skriv Raknes.

Rasesolidaritet

– Du skriv om Trump-veljarane at dei ikkje liker muslimar, svarte og innvandrarar, og at dei føler at kvite menneske vert diskriminerte. Men er det riktig å seie at denne gruppa sikra han sigeren, når dei ikkje hadde andre stader å gå enn til Det republikanske partiet? Er det ikkje veljarar som anten let seg mobilisere eller som byter side, som sikrar ein presidentkandidat sigeren i eit val?

– Det har aldri vore så få rasistar i USA som i dag, men dei har aldri vore betre sorterte. Alle dei kvite veljarane som har negative haldningar til svarte muslimar og innvandrarar, er samla i Det republikanske partiet. Historisk sett har jo sosialt konservative kvite fordelt seg i begge dei to partia. Valforskarane såg med ein gong at Obama førte til ei radikalisering av mange, men ikkje alle, kvite veljarar. Dei vart meir merksame på at dei var kvite, når dei fekk ein svart president.

Raknes understrekar at dei økonomisk mest utsette veljarane i USA er latinamerikanarar og afroamerikanarar, medan kvite generelt har det veldig mykje betre.

– Spør du kvite veljarar kvifor dei røystar på Trump, svarar ingen av dei økonomi. Dei svarar at dei er redde for å miste landet sitt. Rasesolidariteten har alltid vore sterkare enn klassesolidariteten i amerikansk politikk.

– Men Trump har trass alt ein større veljarmasse?

– Ja, republikanske veljarar har høgare inntekt enn gjennomsnittet. Mange av dei rikaste og mektigaste i USA er jo republikanarar. Det har aldri vore ei fattigmannsrørsle. Men på venstresida oppstår det fort sjølvpisking. Hadde dei berre snakka høgare om klassekamp, så hadde alt ordna seg. Men det er ikkje sånn ting fungerer. Trump vann i hovudsak fordi han klarte å mobilisere fleire kvite veljarar.

– Det har aldri vore så få rasistar i USA som i dag, men dei har aldri vore betre sorterte.

Ketil Raknes, USA-kjennar

Afroamerikansk støtte

Førre veke viste ei meiningsmåling utført av Pew Research Center at eit overveldande fleirtal av veljarar som ser på seg sjølve som svarte, vil gje røysta si til Harris. Men biletet er ikkje eintydig. Så mange som 16 prosent av dei svarte mennene svarte at dei ville røyste på Trump.

– Korleis passar dette inn i analysen din av Trump som rasist?

– Det finst vel ein del svarte veljarar som deler Trumps rasisme og nedlatande syn på kvinner. Svarte veljarar vert rekna som ei sosialt konservativ gruppe. På same tid kan vi rekne med at Harris vil få om lag 90 prosent av dei afroamerikanske røystene i november.

Raknes viser til ein forskingsrapport frå 2022 som prøver å svare på kvifor ei gruppe svarte støttar Trump (Udi Sommer og Idan Franco, Universitetet i Tel Aviv). Kort oppsummert handlar det om at svarte amerikanarar ikkje er ei homogen gruppe, og at ein del svarte heller ikkje identifiserer seg som ein del av gruppa. Desse ser i større grad på problem i gruppa som individuelle og har sjølv ein større eller mindre motvilje mot svarte som gruppe.

Konservativ panikk

Då Obama vann i 2008, viste han at det gjekk an å verte vald til president utan støtte frå eit fleirtal av dei kvite veljarane. Den vellukka mobiliseringa av minoritetsveljarar gjorde at han vann med 43 prosent av dei kvite røystene i 2008 og 39 prosent i 2012.

Raknes skriv at den nye fleirkulturelle koalisjonen førte til paranoid panikk i Tea Party-rørsla, som Trump skulle ta inn i varmen. Ville det i framtida vere mogleg å vinne val ved å mobilisere kvite veljarar? Mange trudde ikkje det.

– Etter tapet mot Obama, både i 2008 og 2012, tenkte mange republikanarar at partiet måtte verte fleirkulturelt, fordi USA er fleirkulturelt. At dersom dei ikkje klarte å nå ut til spansktalande amerikanarar, asiatisk-amerikanarar og afroamerikanarar, ville dei gradvis berre tape val. Ein eigen havarikommisjon anbefalte partiet å breie ut problemstillingane sine. Men Trump sa berre nei, nei, nei, og gjekk all in på kvit nasjonalisme. Og han klarte å auke valdeltakinga blant kvite.

Kan avgjere valet

Kva grupper som lèt seg mobilisere, vil kunne avgjere presidentvalet 5. november.

– Strategien til Trump er å maksimere talet på kvite veljarar og avgrense tapet blant minoritetsveljarar. Demokratane har heilt motsett strategi. Det er å minimere tapet av kvite veljarar og maksimere talet på minoritetsveljarar.

– Korleis trur du dei ulike veljargruppene vil påverke dette valet?

– Om Harris klarer å auke valdeltakinga og få litt større oppslutning blant spansktalande amerikanarar og afroamerikanarar, så vinn ho valet. Då vinn ho delstatar som Arizona, North Carolina og Georgia. Problemet for demokratane er at over 80 prosent i dei statane vi snakkar mest om, Wisconsin, Pennsylvania og Michigan, er kvite veljarar. Der vil dei nytte visepresidentkandidat Tim Walz. For i rustbeltestatane står kampen først og fremst om dei kvite veljarane. Det var derfor Trump klarte å vinne der.

Barack Obama og Michelle Obama talte til Demokratane sitt landsmøte den 20. august.

Foto: Alyssa Pointer / Reuters / NTB

«Svart jobb»

Raknes vedgår at det kan høyrast banalt ut å snakke om etnisitet og rase som forklaring på valåtferd, og at det store biletet er meir komplekst.

– Målet mitt er ikkje å forklare alle presidentval i USA. Om du går inn og ser på eitt enkelt val, kan du forklare at abortspørsmål betyr noko for ein del. Det er klart at økonomien har noko å seie. Men om du skal forstå korleis partia er samansette, og kvifor koalisjonane ser ut som dei gjer, så er det synet på rase som betyr noko i USA. Det er det som skil dei to partia frå kvarandre. Det er eit syn på kven som eigentleg er amerikanarar og ikkje.

Raknes har merka seg at demokratane sitt landsmøte har hatt eit sterkt fokus på fleirkultur. Michelle Obama sa frå scena at jobben Trump søkjer, kanskje er ein black job.

– Eg aldri har sett det demokratiske partiet flagge fleirkultur så tydeleg som dei gjorde på landsmøtet no. Det har vorte så mange liberale kvite veljarar i USA at dei ikkje er redde for å støyte frå seg enkelte av dei andre kvite veljarane, sjølv om dei frontar folk med ein annan bakgrunn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis