Utanriks

Haiti er inne i ein endelaus spiral av vald, svolt og naud.

Ein mann går forbi bilar som er øydelagde av væpna gjengar tidleg i desember.
Ein mann går forbi bilar som er øydelagde av væpna gjengar tidleg i desember.
Publisert Sist oppdatert

Kommentar

Over to dagar i byrjinga av desember vart minst 184 menneske – dei fleste eldre – drepne med machete og skytevåpen i Cité Soleil, eit fattig nabolag i Port-au-Prince, hovudstaden i Haiti. Den som stod bak drapa, var ein lokal gjengleiar som mistenkte offera for heksekunstar mot son hans.

I byrjinga av oktober vart 115 menneske – mellom dei born – massakrerte då ein av dei kriminelle gjengane gjekk laus på ein småby utanfor hovudstaden. FN reknar med at rundt 5000 menneske har blitt drepne av kriminelle gjengar i 2024. Tusenvis av kvinner og jenter er valdtekne.

International Organization for Migration reknar med at over 700.000 menneske er internt fordrivne som følgje av gjengvalden. Dette av ein folkesetnad på i overkant av elleve millionar. Port-au-Prince er no så farleg at Legar utan grenser, som ikkje er av den lettskremte sorten, trekte seg ut i slutten av november.

I skuggen av Gaza og Ukraina utspelar det seg ein humanitær katastrofe på den vestlege halvdelen av den tropiske paradisøya Hispanola. Sidan president Jovenel Molse vart myrda i 2021, har Haiti og særleg hovudstaden Port-au-Prince vore lamma av gjengvald av eit omfang som få andre statar har opplevd tidlegare.

Gjengane kontrollerer no 80 prosent av Port-au-Prince og har i lange periodar stengt den nasjonale hamna og flyplassen. Det gjer at det ikkje kjem inn tilstrekkeleg med mat og medisinar til det fattige landet, med katastrofale konsekvensar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement