JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Imperialisten Putin med målet i sikte

Krigen i Ukraina handlar om langt meir enn Ukraina. Det handlar om gjenoppretting av det russiske imperiet – og om Russlands makt på det europeiske kontinentet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dersom Donald Trump er president i USA (og Marine Le Pen styrer Frankrike!), vil ting sjå heilt annleis ut, skriv Halvor Tjønn.

Illustrasjon: Kirill Makarov / Shutterstock / NTB

13619
20240112
13619
20240112

Dei siste månadene av 2023 breidde det seg ein sterk pessimisme om den pågåande krigen i Ukraina. Mykje av denne pessimismen hadde godt grunnlag: Den ukrainske sommaroffensiven hadde slege feil. Ukrainarane tok til å mangla folk ved fronten. Nokre stader trekte dei ukrainske soldatane seg attende.

Samstundes kom det triste bodskapar frå Washington D.C. og frå EU i Brussel. To store hjelpepakker til Ukraina blei stansa, høvesvis av det republikanske fleirtalet i Representanthuset i USA og av den Putin-sympatiserande ungarske statsministeren Viktor Orban.

Den som var tydeleg nøgd, var president Vladimir Putin. Då han stod fram for det russiske folket på fjernsynet før jul, såg han ut som ein triumfator. Han kunne fortelja at han ikkje hadde noko problem med å fylla rekkjene i den russiske hæren med nye rekruttar. Rustingsindustrien arbeidde på høggir, og økonomien var stabil. Den Putin me såg, var ein heilt annan enn den me hadde sett under nesten-statskuppet til Jevgenij Prigozjin i sommar.

Russarane på offensiven

Putin smilte, men smilet stivna nok i julehelga då han fekk vita at ukrainske rakettar hadde øydelagt landgangsskipet «Novotsjerkassk», som låg til hamn i Feodosia på Krym. Samstundes kunne dei ukrainske styresmaktene melda at dei hadde skote ned ikkje mindre enn fem avanserte russiske jagarfly av typen Sukhoi.

Desse suksessane tyder på at ukrainarane er blitt mykje betre til å nytta avanserte vestlege våpen til å ramma sjølve kjernen i den russiske krigsmakta. Som hemn for desse ukrainske suksessane kom dei russiske terroråtaka mot sivile ukrainske mål før og etter nyåret. Rakettåtaka mot Kyiv var blant dei hardaste i krigen, og desse åtaka har halde fram gjennom fyrste halvparten av januar månad.

Med åtaket på «Novotsjerkassk» og nedskyting av eit utal russiske rakettar og dronar, har ukrainarane synt tydeleg vilje til å halda fram kampen. Midt i januar 2024 må me likevel innsjå at den russiske krigsmaskinen igjen kan koma på offensiven. Alt no brukar dei russiske styrkane mellom 25.000 og 30.000 artillerigranatar kvar dag, mens dei ukrainske styrkane brukar 7000.

EU lova i fjor at ein innan mars 2024 vil vera i stand til å levera ein million granatar til Ukraina, men det er eit løfte unionen ikkje blir i stand til å halda. Om og når dei livsviktige pengane og våpena kjem frå EU og USA, er det ingen i skrivande stund som kan seia.

Redsle for Putin

Mange vestlege politikarar, som vår eigen statsminister Jonas Gahr Støre, har erklært at Ukrainas kamp er vår kamp. Likevel er det tydeleg at dei ikkje – snart to år inne i krigen – har forstått kor alvorleg situasjonen eigentleg er. Altfor mange vestlege politikarar held fram med å vurdera våpenhjelpa til Ukraina ut ifrå slik dei trur Vladimir Putin vil oppfatta ho. Om ein trur at Putin vil trappa opp krigen på grunn av den hjelpa Vesten gjev, så er det best å la vera. Difor har ukrainarane ikkje fått dei mest effektive vestlege våpena, som kan gje dei luftherredøme og slå ut fleire russiske strategiske våpen av same typen som «Novotsjerkassk».

Når støtta til Ukraina forsvinn i innanrikspolitisk krangel, eller når vestlege politikarar gjev uttrykk for at dei har viktigare ting å sysla med enn å hjelpa eit Ukraina som likevel ikkje ser ut til å lukkast med krigen, då blir stoda endå meir kritisk.

Eit politisk jordskjelv

Ingen veit sikkert korleis Putin og folka hans vil definera ein mogleg siger over Ukraina. Det kan innebera at dei rykkjer fram til elva Dnipro, inkludert Kyiv, og etablerer nokolunde den same grensa som det russiske imperiet hadde etter Andrusovo-traktaten med Polen frå 1667. Ein kan også sjå føre seg at Russland legg under seg meir eller mindre heile Ukraina, kanskje med unnatak av området kring byen Lviv heilt i vest. Dette området låg på 1800-talet under Austerrike-Ungarn og har aldri vore viktig i den russiske imperialistiske tenkinga.

Same kor dei russiske soldatane stoppar opp i tilfelle ein siger over Ukraina, vil det vera eit politisk jordskjelv. Eit Russland som har lagt heile eller store delar av Ukraina under seg, vil prega det europeiske kontinentet i tiår. Når ein er vitne til kranglinga om Ukraina mellom politikarar i Vesten, kan det sjå ut som om dei ikkje forstår rekkjevidda av dette. Det ser heller ikkje ut til at mange nok i Vesten har studert handlingane til Putin. Etter 24. februar 2022 har Putin, med den russiske hæren som talerøyr, gjort det klart at han er viljug til å bruka all den militære styrken han har, mot Ukraina.

Berre éin nasjon

Den imperialistiske tenkjemåten står minst like tydeleg fram i talane og artiklane til Putin. Mest vidgjete er essayet «Om den historiske einskapen mellom det russiske og det ukrainske folket» frå sommaren 2021, altså eit drygt halvår føre invasjonen. Av essayet går det fram at Putin meiner det ikkje finst nokon russisk, kviterussisk og ukrainsk nasjon. Det finst berre éin nasjon, det han kallar «den store russiske nasjon, eit treeinig folk av storrussarar, veslerussarar og kviterussarar». Dette treeinige folket var kjernen i det russiske imperiet, slik det eksisterte føre 1917. Imperiet var ein legitim stat fordi det gjennom fleire hundreår hadde bunde ulike grupper og folk saman.

Det som derimot ikkje var legitimt, var dei interne grensene som bolsjevikane trekte opp då dei forma Sovjetunionen i 1922. Ei slik oppdeling i ulike sovjetiske republikkar hadde ingen presedens og ikkje noko lovleg grunnlag. Difor var det – slik Putin formulerer seg – ulovleg for sovjetrepublikkane å bryta ut av Sovjetunionen i desember 1991. Alle dei 15 sjølvstendige statane som oppstod etter det sovjetiske samanbrotet, var altså illegitime, om me skal fylgja tankegangen til Putin.

Krigen mot Ukraina er såleis ein freistnad frå russisk side på å retta opp att ei historisk urett, nemleg den dei sovjetiske bolsjevikane stod bak då dei delte det russiske imperiet opp i sovjetrepublikkar. Då maktmonopolet til det sovjetiske kommunistpartiet forsvann i 1991, nytta desse «kunstige» republikkane høvet til å etablera seg som sjølvstendige statar. Russland blei rana, og katastrofen var eit faktum, hevdar Putin.

Vesten mot Russland

Om ein skal fylgja tankegangen til Putin vidare, har det kollektive Vesten like mykje skuld i Russlands ulukke som dei sovjetiske bolsjevikane. Vesten har lenge ført ein ikkje-erklært krig mot Russland. Det langsiktige målet med denne krigen er å leggja Russland under dei vestlege elitane. Den dagen monopolkapitalistane på Wall Street har skaffa seg kontroll med Russland, vil dei ha utømmelege råvarekjelder som sikrar dei herredømet over verda.

Dette herredømet skal nyttast til å innføra moderne vestleg kjønnsideologi der ein fjernar skilnaden på mann og kvinne. Vesten vil alminneleggjera homoseksualitet, bryta ned den tradisjonelle familien og øydeleggja den einaste sanne kristne kyrkja i verda, den russisk-ortodokse. På lang sikt er planen å utrydda det russiske folket. Difor er krigen i Ukraina, om ein stadig fylgjer argumentasjonen til Putin, ikkje ein offensiv, men ein defensiv krig. Føremålet er å kunna forsvara seg betre den dagen USA og Nato – til liks med Nazi-Tyskland i 1941 – står føre byportane i Moskva.

Om ein fyrst har kjøpt denne argumentasjonen, er det heilt logisk at krigen i Ukraina er eit framhald av Den store fedrelandskrigen mellom 1941 og 1945. Difor er makthavarane i Kyiv i dag etterfylgjarar etter nazistane. President Volodymyr Zelenskyj er – om ein skal låna øyre til ekspresident Dmitrij Medvedev – ein jøde som har gått i teneste hos nazistane.

Belarus

Desse argumenta som blir brukte til å grunngje krigen mot Ukraina, kan brukast like mykje mot alle andre statar som har brote ut av det gamle tsarimperiet. Mest utsett er Belarus, ein stat Putin skaffa seg kontroll over då han hindra at den hata presidenten Aleksandr Lukasjenko blei styrta frå makta under dei store demonstrasjonane i 2020-21. I haust flytta han russiske atomvåpen inn på området til Belarus, slik at den russiske kontrollen over landet blir endå sterkare. Ein okkupasjon av Belarus vil venteleg ikkje vera ein veldig komplisert operasjon.

Eit viktig aspekt når det gjeld Belarus, er røynslene med å regjera på tvers av eit fiendtleg folk. Den folkelege motstanden i landet blei slegen ned ved hjelp av uavgrensa mengder med vald. Ein må tru at den vellukka handteringa av befolkninga i Belarus danna mykje av bakteppet då Putin bestemte seg for å invadera Ukraina. Var dei russiske okkupasjonsstyrkane brutale nok, ville folket før eller sidan falla til ro og forsona seg med okkupasjonsmakta, såg Putin.

Kjempa i Sentral-Asia

Akkurat dei same kalkylane og argumentasjonen gjeld for dei andre tidlegare sovjetrepublikkane. Fremst mellom dei er Kasakhstan, det niande største landet i verda av utstrekning. Den russisktalande befolkningsgruppa er blitt monaleg mindre i åra etter 1991, men framleis har kvar sjuande eller sjette kasakhstanar russisk som morsmål. I åra etter at Sovjetunionen fell, er landet blitt styrt av eit autokrati. Om Putin går inn i Kasakhstan etter at han har slikka såra han får i Ukraina, vil det militært ikkje vera utfordrande. Ei viktig side ved ei gjenerobring av Kasakhstan vil vera å hindra at Kina set seg fast i det ressursrike landet. Uroa for kinesisk ekspansjon er tydeleg i Moskva, sjølv om ein for tida ikkje snakkar stygt om ein viktig støttespelar.

Det same gjeld for resten av dei sentralasiatiske statane, nemleg Usbekistan, Kirgisistan, Turkmenistan og Tadsjikistan. Ingen av desse statane har nytta tida etter 1991 til å byggja opp eit styre og eit militærapparat med forankring i folkedjupet. Om Putin går til åtak på dei, vil dei falla temmeleg raskt. Nato, USA eller EU kjem aldri til å gjera noko som helst dersom Russland går inn i desse landa. Dei ligg for langt borte, har for svake statsapparat og er altfor vanskelege å forsvara.

I Armenia og Georgia, dei to kristne republikkane i Nord-Kaukasus, er nasjonalkjensla mykje sterkare enn i Sentral-Asia. Men dette er ganske små statar, med høvesvis tre og fem millionar innbyggarar. Krigen som Russland førte mot Georgia i 2008, synte at dei georgiske militære ikkje hadde så mykje å stilla opp med. Georgia blei før jul gjeve kandidatstatus til EU. At EU eller Nato skal byggja opp nok militær styrke i Georgia til at landet vil stå imot ein ny russisk invasjon, er likevel heilt usannsynleg. Både Armenia og Georgia vil falla om den russiske hæren dreg mot sør.

Den muslimske republikken Aserbajdsjan kan visa seg å vera ei anna skål. Putin har det siste året late aserbajdsjanarane ta over den armenske enklaven Nagorno-Karabakh, sjølv om Russland tradisjonelt har vore garantimakta til Armenia. Her kjem tilhøvet til Tyrkia inn i biletet. Tyrkia står Aserbajdsjan nær, og ei russisk overtaking av republikken kan bringa Russland og Tyrkia til randen av krig. Mest sannsynleg vil Putin difor la Aserbajdsjan i fred.

Kva skjer i Baltikum?

Så kjem me til noko av det mest verdfulle i den gamle russiske tsarkrona, nemleg dei tre baltiske landa Estland, Latvia og Litauen. Estland og mesteparten av Latvia blei erobra frå Sverige av Peter den store under den store nordiske krigen på byrjinga av 1700-talet, mens Litauen kom under Russland då Katarina den store likviderte den polsk-litauiske staten på 1790-talet. I dag er desse statane Nato-medlemmer, dei har bygd opp stabile demokrati og har ei befolkning der fleirtalet sterkt støttar det nasjonale sjølvstendet. Vidare er dei medlemmer av Nato og EU og skulle difor vera rimeleg godt sikra mot russisk ekspansjon.

Om Putin tapar i Ukraina, vil han neppe nokon gong prøva seg på dei baltiske statane. På den andre sida: Om Putin vinn krigen i Ukraina og samstundes legg Belarus og andre delar av det gamle imperiet under seg, vil det mest sannsynleg føra til ei sterk demoralisering og svekking av Nato. Putin vil stilla siktet sitt inn på dei baltiske statane. Dels vil det handla om gjenoppretting av imperiet og dels om makta i Austersjøen. Men viktigast vil det vera at Putin aldri har godteke at Nato står 15 mil, eller to og ein halv time med bil, utanfor heimbyen hans St. Petersburg.

Kritisk val

Nato og Vesten vil bli stilt overfor valet mellom ein krig mot eit nytt og forsterka russisk imperium, og å gje opp dei baltiske statane. Baltikum vil i alle høve vera vanskelege å forsvara, og Nato har aldri bygd opp noko anna enn eit snubletrådforsvar i desse statane. Dersom Donald Trump er president i USA (og Marine Le Pen styrer Frankrike!), vil ting sjå heilt annleis ut. Sett frå Trumps USA er det galskap å risikera ein krig med Russland for å gripa inn i ein krangel mellom land som ligg langt borte, og som me ikkje veit noko om, for å sitera Neville Chamberlain i 1938.

Difor vil det fyrste halve eller kanskje heile det året me no har gått inn i, bli så viktig. Siger eller nederlag på slagmarka i Ukraina kan bli avgjord innanfor dei neste tolv månadene. Om Ukraina lir store nederlag dette året, kan det bli uråd å ta store, tapte landområde tilbake. Me såg dette demonstrert då den ukrainske sommaroffensiven rente hovudet inn i dei sterke russiske stillingane langs heile frontlina nesten frå byen Kharkiv i nord til utløpet av Dnipro i sør. I staden for eit Russland med 140 millionar innbyggjarar kan me koma til å møta eit russisk imperium med minst 200 millionar innbyggjarar.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis