Journalistar på konstant vakt
Den russiske eksilavisa The New Tab tilbyr vestlege medium reportasjar frå innsida av Russland. Men særs mykje blir anonymisert før det når lesaren. Vil lesaren tru på det då?
Soldatar frå den russiske nasjonalgarden er på veg for å hindre ein demontrasjon på Den raude plassen i Moskva.
Foto: Pavel Golovkin / AP / NTB
Pressefridom
redaksjonen@dagogtid.no
– Du kan kalle meg Lola, som eg brukar i avisa mi, Lola Romanova. Alderen min kan du heller ikkje skrive. Ikkje kvar eg bur, eller namnet på staden eg kjem frå. Eg fortel deg alt du vil vite, men du kan ikkje skrive alt. Det må berre vere slik, seier ho.
Så: Lola kjem frå ein liten stad langs ei av Volgas sideelvar. Ho er ung og snakkar betre engelsk enn eg. Nett no sit ho føre meg i eit videointervju via Telegram. Ho har ein bleikrosa collegegenser, og kring halsen ber ho eit sølvfarga smykke med eit hjarte som anheng. Det må ein få lov å nemne. Bak henne heng kvite gardiner som delvis er trekte for.
Lola er ein av 15 journalistar som skriv i løynd innanfrå Russland for den russiske eksilnettavisa The New Tab, som er basert i Riga i Latvia.
Ho ville fordjupe seg i språk. Men då hennar eige land invaderte naboen, måtte ho gjere noko.
– Kvifor? Eg har spurt meg sjølv det same ein million gonger. Eg håpar det ikkje verkar for patetisk, men eg kunne ikkje la vere å involvere meg. Eg er ikkje ei som demonstrerer eller talar høgt. Kanskje er eg for indoktrinert, men eg likar ikkje slikt. Eg ville aldri ha blitt journalist om det ikkje var for krigen.
– Kva er det med krigen som gjorde det så viktig å vere journalist?
– Når landet mitt er ansvarleg for at så mange menneske døyr, ville ikkje samvitet mitt tolt det om eg ikkje gjorde noko. Journalistikk er min måte å gjere opprør på. Ingen skal kunne seie at eg var likegyldig til kva som hende med landet mitt.
Eksiljournalistane
Stadig fleire russiske journalistar rapporterer i løynd frå innsida av Russland til landsmenn som har flykta, og publiserer i russiske nettaviser frå europeisk fridom. The New Tab er ei av desse.
Denne reportasjen tok til då eg trefte den 39 år gamle direktøren Mikhail Danilovitsj ein stad aust i Europa.
– Sei ikkje kvar. Me deler ikkje rørslene våre. Det finst russiske spionar overalt, sa han.
Han stod under eit gyllent, gulnande tre og uroa seg for at biletet kunne avsløre staden vår. Han hadde nettopp ramsa opp alle byane journalistane hans rapporterer frå i Russland. No bad han meg om ikkje å nemne byane heller. Regionane fekk halde.
Mange kjenner Meduza, som blei etablert i Riga i 2014. Dei tilsette er stempla som foreign agents, og det kan vere ulovleg både å arbeide for og å snakke med dei i Russland. Det same gjeld Novaya Gazeta Europe, som starta opp i Riga i 2022. Det gjorde også TV Dozjd, som i dag sender frå Nederland. The New Tab er mindre kjend.
Mikhail Danilovitsj rømde frå Russland og leier no The New Tab frå Riga.
Foto: Ole Dag Kvamme
Leiaren Mikhail Danilovitsj voks opp i Perm. Han studerte historie før han blei journalist i 2007. Han fann telefonnummeret til redaktøren i telefonkatalogen og ringde.
– Tenk at vi faktisk hadde ei fri presse den gongen. Det er ikkje så lenge sidan, smiler han.
I rundt ti år skreiv han for ulike aviser. Då kontrollen over media auka, blei han og kollegaene frilansarar. Etter kvart som russiske medium ikkje lenger våga å trykkje reportasjane hans, arbeidde han meir for russiske nettaviser som hadde flytta til Vesten.
Flukta frå Russland
Så kom fullskalainvasjonen 24. februar 2022. Danilovitsj hadde nett kome heim frå Tatarstan. Han skreiv intenst mot deadline frå senga i leilegheita si medan han følgde invasjonen minutt for minutt.
– Eg skreiv og kikka, kikka og skreiv. Plutseleg klappa eg saman maskina. «Dette går ikkje lenger. Eg må flykte», tenkte eg.
Han visste at han stod i papira til styresmaktene etter å ha delteke i demonstrasjonar og drive med uavhengig journalistikk under eige namn. Om timar eller dagar kunne grensene bli stengde. Han kunne bli send til fronten. Alt stod på spel.
Med den nye røynda framfor seg pakka han og drog, saman med kjærasten, tre timar seinare. Dei flaug rett til Moskva og søkte visum til Tsjekkia medan dei heldt seg skjulte på eit hotell. Kvar morgon sjekka dei ut med alle eigedelane. Kvar kveld sjekka dei inn att utan å ha fått saka i orden. Den tiande dagen fekk dei endeleg visum, men då hadde flybillettane blitt for dyre og usikre.
– Eg hadde ikkje råd til å risikere 1000 dollar på eit fly som kunne blitt kansellert.
I staden drog dei vestover med buss. Om kvelden 10. mars spaserte dei over grensa til Latvia. Med mørkeret bak seg gjekk dei mot solnedgangen utan å sjå seg attende.
Dette er hans ord, ikkje mine. På eit hotell seig dei saman, utslitne etter flukta frå sitt eige land.
Kontor i heile verda
Berre veker seinare starta Danilovitsj opp nettavisa The New Tab. Saman med ni andre eksilrussarar i mange ulike land driv dei eit virtuelt kontor. Avisa publiserer to reportasjar i veka.
– Sakene skal ikkje vere politiske. Dei skal spegle tilhøva i regionane og vere eit pusterom for russarar både i og utanfor landet, seier han.
No ønskjer Danilovitsj å tilby vestlege medium tilgang til 80 journalistar som kan rapportere frå innsida av Russland – i eit direkte samarbeid.
– Me har 15 journalistar direkte knytte til vår eigen redaksjon. Dessutan har me eit stort nettverk. Slik kan vestlege medium få tilgang til journalistar som kan skrive direkte for dei. Eller vi kan ta oss av kommunikasjonen med frilansaren og førebu saka i samsvar med den avtalte planen, som ein nøkkelferdig leveranse, seier Mikhail Danilovitsj.
Som norsk journalist ser eg varsellampene blinke med oransje og raude lys frametter. Korleis handterer han desse? Av omsyn til tryggleiken skriv dei fleste under pseudonym, noko som tidvis fører til komiske situasjonar, vedgår han, når anonyme journalistar skriv frå stader utan namn og intervjuar folk som heller ikkje kan omtalast med rett namn.
Anonym sjefredaktør
To journalistar i avisa har bede om å få bruke sitt eige namn, og dei har fått lov. Også Danilovitsj står fram med eige namn, medan sjefredaktøren er anonym for lesarane.
Danilovitsj forstår at anonymiteten skapar problem med truverdet.
– Eg forstår sjølvsagt spørsmålet. Eg og nokre andre står offentleg fram og er kjende. Den kvinnelege redaktøren vår bur utanfor Russland. Men sjølv om vi bur utanfor, er vi russiske statsborgarar. Vi utanfor er godt sikra, men ikkje alle rundt oss. Vi har band til landet, og mange har familie att i Russland. På sikt er det ikkje berekraftig med anonyme skribentar, men nett no er det naudsynt.
Sjølv om dei til dels er anonyme overfor lesarane, understrekar han at det ikkje gjeld samarbeidande redaksjonar. Overfor dei er det fullt innsyn. Kvar redaksjon utanfrå vil få snakke med journalistar og redaktørar i avisa gjennom sikre metodar.
Lønn og tryggleik
Korleis Danilovitsj betaler journalistane sine, kan han ikkje utdjupe. Han ler når eg spør kva vegar pengane må gå. Latteren stilnar når han skal forklare korleis han kan ta vare på dei skrivande. For det kan han ikkje fullt ut.
– Kven har ansvaret for tryggleiken til journalistane dersom norske redaksjonar nyttar journalistane dine?
– Ansvaret er vårt, og i kvart enkelt tilfelle diskuterer vi stega i detalj med både frilansaren og partnarredaksjonen, dersom det er nødvendig.
Reporterane kan vere utsette, sjølv om avisa ikkje er stempla som foreign agent.
– Alle er klare til å reise når som helst. Politiet kjem ofte ved femtida om morgonen. Me har hatt hjelp frå profesjonelle innan trygg kommunikasjon og metodar, men uavhengig rapportering er sjølvsagt farleg likevel. Dei tek alle sjansar, seier Danilovitsj.
– Korleis kan lesarane vere trygge på at dei som skriv, ikkje har ein agenda eller er under påverknad frå regimet til Putin eller noko slikt?
– Vi har eit rykte å ta vare på, og dersom du les avisa, vil du finne informasjonen truverdig. Me lagar ikkje falske nyhende.
Inntektene kjem frå givarar og samarbeid med andre redaksjonar. Budsjettet for 2025 er alt så godt som sikra.
Reisa til Lola
I Russland fortel Lola om oppveksten sin i ein liten by hundrevis av mil frå Moskva. Ho skildrar han som fri og fin, men då krigen kom, bestemte ho seg for å søkje seg til ein journalisthøgskule i ein millionby. Ho slutta etter eit halvt år. Ho fann universitetet politisert. Lærarar kalla ukrainarar for nazistar, og studentane klappa.
– Det var naiv og latterleg propaganda. Eg veit ikkje om elevar og lærarar berre lét som, men sjølv orka eg ikkje vere der, seier Lola.
Ho drog heim og melde seg i staden på eit nettkurs. Slik fekk ho mellom anna kontakt med folk i The New Tab. Snart flytta ho til ein annan russisk storby saman med kjærasten. Her bur ho no. Endeleg kan ho studere språk medan ho skriv for The New Tab.
Ho leverte den første reportasjen sin i august i fjor. Han handla om korleis dokumentarfilm har blitt det ho kallar Z-film, altså propaganda. Ho er nøgd med lønna, som er kring 200 dollar per artikkel, pluss dekking av utgifter. Dei første sakene hennar var kontorjournalistikk, men sidan har ho vore i Beslan og Karelen, der ho skreiv om aude bygder utan butikkar.
– Klart eg er redd
Lola veit at mykje står på spel.
– Klart eg er redd. Det juridiske systemet er ustabilt og lite gjennomsiktig. Folk blir forfølgde av så mange ulike grunnar at ein aldri veit korleis situasjonen kjem til å bli. Så ja, eg er ekstremt forsiktig.
I byrjinga ville ho skrive under med sitt eige namn. Ho fekk ikkje lov.
– I dag er eg takksam for det. Det fjernar noko av stresset, men ikkje alt. Eg er konstant på vakt. Eg er ein engsteleg person som stadig blir overfallen av paranoia. Eg er lett å skremme. Eg må alltid pressa meg sjølv i gang når eg skal arbeide, seier Lola.
Ho har fleire telefonnummer, e-postadresser og ulike påloggingar ho må halde orden på.
– Eg må alltid hugse å bruke VPN (ei teknologisk løysing som skjuler eller flyttar den digitale posisjonen hennar, journ. merk.) når eg besøker nettstader eller har kontakt med kjelder eg må verne om. Nokre appar fungerer ikkje medan ein brukar VPN. Eg får full panikk når eg plutseleg hugsar at eg har gløymt å skru på VPN før eg går inn på nettstader der eg kan risikere å bli logga.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.
Foto: Michal Walusza / Fide
Ingen vaksne heime
Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.
Vasskraftverket Nore I.
Foto: Lise Åserud / NTB
Er fjordane mindre verde enn elvar og vatn?
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.
Foto: Lars Bryngelsson
Diverterande
Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.
Flesteparten av dei danske jødane klarte å flykte til Sverige.
Foto: Ukjend / Nationalmuseet i Danmark
Flesk og smør i byte for danske jødar
Tyskarane trong kjøtleveransar. Var det det som redda dei danske jødane frå konsentrasjonsleirane?
Signe Førres første plate er balkaninspirert.
Foto: Terje Nesthus
Bass i norsk og balkansk landskap
Signe Førre med vener overraskar.