Kandidat med akilleshæl
Kamala Harris står langt til venstre i amerikansk politikk. Det kan verte eit problem for henne, ifølgje Hans Høeg, som har seks år bak seg i den amerikanske Kongressen.
Kamala Harris har utløyst historiske pengesummar sidan ho tok over som presidentkandidat for Demokratane. Her er ho fotografert under eit valkamparrangement i Atlanta i Georgia den 30. juli.
Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB
Christiane@dagogtid.no
Hans D. Høeg har skrive boka Vår mann i Washington om perioden han jobba som stabsjef for den republikanske kongressmannen Thomas Massie. I haust kjem den andre boka hans, som handlar om Donald Trump.
– Det har vore ein dramatisk sommar i amerikansk politikk. Trump har overlevd eit attentat, fått ein viktig juridisk siger og valt visepresidentkandidat. Ein covid-sjuk Biden har trekt seg som presidentkandidat, og partiet støttar opp under Kamala Harris. Korleis vil du skildre denne juli-månaden?
– Ha-ha, i amerikanske presidentvalkampar snakkar ein om «oktoberoverraskinga», som tyder at eit eller anna vert avdekt i oktober, før presidentvalet i november. Det har vore ein del av dei opp gjennom åra, men i år fekk vi både to og tre october surprises i juli. Eg er ikkje overraska over at Biden kasta korta, men var ikkje sikker på når det ville skje.
– Korleis har Harris endra den amerikanske valkampen så langt?
– Det viktigaste som har skjedd, var at folk skrudde av pengekranene etter Bidens katastrofale debatt mot Trump. Demokratane var nervøse, skuffa og frustrerte og hadde ingen stad å gå. Då Harris tok over, var det som om ei demning brast. Det utløyste historiske pengesummar. No ser vi ein topp, som vil normalisere seg, og vi får hundre dagar med valkamp. Men det viktigaste er at Demokratane har fått energien tilbake.
– Harris har tidlegare vore stempla som upopulær. Kva er grunnen til at partiet så fort har samla seg om henne?
– For det første er ho ikkje Biden. For det andre er Harris den einaste som kunne ta over valkampkontoen til Biden, der det stod over hundre millionar dollar. Det er eit enormt startpunkt, samanlikna med å starte på null.
– Så grunnen er ikkje hennar personlege eigenskapar?
– Jo, det er nok det også, men det var mest nærliggjande å velje henne, sidan ho er visepresidenten. Og kampanjekontoen har mykje med avgjerda å gjere.
– Kva er hennar sterkaste kort mot Trump?
– Det sterkaste kortet hennar er at ho ikkje er Trump. Og at ho er ein intelligent og danna person, som er nesten 20 år yngre enn han. Eg trur Harris-kampanjen har vore lure dei siste dagane, når dei har dreidd litt vekk frå åtaka på Trump og i staden stempla Trump og visepresidentkandidaten J.D. Vance som «merkelege» og utanfor normalen. Veljarar som ikkje følgjer amerikansk politikk kvar dag, vil kanskje oppfatte dei som to merkelege karar. Trump liker ikkje å verte kritisert og er såpass hårsår at han kan hisse seg opp over dette.
– Og akilleshælen?
– Den viktigaste saka i valet er og har vore grensa til Mexico og den ulovlege innvandringa, i tillegg til inflasjonen. Harris har vore sett til å vere grensetsar, og det har ikkje gått bra. No vart ho ikkje sett til å kontrollere grensa, men til å finne rota til problemet, så ho må orsakast. Men det vert no sett likskapsteikn mellom Harris og grensa. Ein annan ting er at ho i amerikansk forstand står ganske langt til venstre. Ho har støtta fagforeiningar og ei rekkje sosialdemokratiske tiltak som i USA vert oppfatta som venstrevridde.
– Harris er barn av to høgt utdanna borgarrettsforkjemparar innvandra frå Jamaica og India. Sjølv er ho frå California, utdanna jurist og gift med ein jødisk advokat. Kva rolle speler familiebakgrunnen hennar for veljarane?
– For «Never Trump»-arar har det ingenting å seie – dei vil berre ikkje ha Trump. Bakgrunnen hennar kan gje henne status til å snakke om og til innvandrarar, men eg er litt usikker på kor mykje det vil telje. Mange innvandrargrupper er ganske religiøse, medan venstresida i amerikansk politikk er meir sekulær. Så eg er usikker på om bakgrunnen vil hjelpe henne, om ho ikkje klarar å overtyde folk om at ho har ein viss spiritualitet.
– Trump har valt J.D. Vance som visepresidentkandidat, ein politikar som har slege seg opp frå små kår i Middletown i Ohio, og som truleg har appell blant kvite menn i rustbeltet. Trur du han vil styrkje eller svekkje Trump?
– Det er eit godt spørsmål, for eg trur Trump valde Vance då han trudde Biden var motkandidaten. Dei ville sementere veljarbasen og sørgje for å vinne rustbeltet. Men no som Harris er motkandidaten, er eg usikker på Vance var eit godt val. Trump kunne valt ein person med ein annan type appell. Vance og Trump køyrer i den same fila.
– Enkelte spekulerer på om Trump vil dumpe Vance?
– Det har eg ikkje høyrt, men med Trump veit ein jo aldri.
– Kva for kandidat kan vi sjå for oss at Harris vel som partnar?
– Fordi ho er kvinne, innvandrar og langt til venstre, trur eg faktisk ho treng ein kvit mann, og eg trur Harris i hovudsak vurderer tre namn. Den eine er Mark Kelly frå Arizona, som har bakgrunn frå flyvåpenet og som astronaut, og som i dag er senator. Han er ein intelligent fyr som forstår grenseproblematikken. Ein annan er Andy Beshear, som er guvernør i Kentucky – ein delstat som plasserer seg langt til høgre. Ein tredje er Josh Shapiro, som er guvernør i Pennsylvania, som er ein vippestat i det kommande valet.
– Trump kallar Harris for ein «ekstrem radikalar». Er dette eit omgrep som er eigna til å skremme veljarar frå å røyste på henne?
– Ja. Eit døme på det, er Florida. Biden vann 2020-valet, men Trump vann Florida med historiske siffer. Der hadde Trump-kampanjen køyrt på med at dei ville få kommunisme og sosialisme. I Florida er det mange cubanarar som har flykta, og dei vart skremde. Det kan også skje andre stader. Biden og Demokratane var sikre på at dei skulle få til mykje i presidentperioden, og dei har prøvd. Men dei har ikkje mandat nok til å flytte ting langt til venstre i USA. Harris er relativt ukjend, og no vil Trump prøve å stemple henne som radikalar før folk vert kjende med henne.
Gründer og forfattar Hans D. Høeg.
Foto: Lina Hindrum
– Attentatet har ikkje endra valkampen i det heile teke.
– Korleis har Harris markert seg som visepresident?
– Heller dårleg – særleg har grensa til Mexico vore vanskeleg for henne. Og Harris vart visepresident etter ein dårleg valkamp. Det finst mange metaforar for visepresidentembetet. Ein av dei er at det er som å vere assistenttrenar. Sjølv om røysta deira tel i Senatet og dei har litt makt, er det ei impotent stilling. Visepresidentar markerer seg ikkje noko særleg, og i den forstand er Harris kanskje ikkje verre enn dei andre.
– Trump overlevde ikkje berre eit attentat den 13. juli, men skapte med sin knytte neve og oppfordring om å halde fram kampen eit ikonisk bilete av ein sterk mann. Korleis har drapsforsøket endra valkampen?
– Det såg ut til at det kunne endre valkampen, og at det kunne verte eit valskred. Så kom augeblinken då Trump heldt nominasjonstalen. Dei første 20–30 minutta fortalde han om attentatet, og både høgre- og venstrepressa var samde om at dei minutta var av dei mest gripande ein hadde sett frå ein politikar nokon gong. Trump eigde publikum. Så køyrde Trump ut på vidda og tok til å snakke tullball. Etter ein 90 minutt lang tale sat vi igjen med at Trump er Trump. Sjølv dei som deltok, vart lei av talen. Attentatet har ikkje endra valkampen i det heile teke. Trump fekk ein sjanse, men misbrukte han.
– Er kampen for det amerikanske demokratiet ei sak som mobiliserer veljarar?
– Det er jo det, men no har vi i lang tid høyrt at vi må verne om demokratiet, og så har Demokratane gjort ein del ting som ikkje er i tråd med det. Målingar har vist at Biden var den einaste Trump kunne slå, og Trump var den einaste Biden kunne slå. Om Biden meinte alvor, skulle han ha trekt seg for lengst. Dessutan har 14 millionar primærveljarar røysta på Biden i ein demokratisk prosess. Trump har eit poeng når han seier at det var udemokratisk å utpeike arvtakaren utan røysting. Så eg veit ikkje om veljarar som ikkje er mobiliserte frå før, vil la seg mobilisere av dette.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?