JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Kor ekstrem er Björn Höcke?

Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».

Foto: Jens Schlueter / AP / NTB

12141
20240906

Bakgrunn

Søndag 1. september var det val til delstatsparlamentet i Sachsen og Thüringen.

Alternativ for Tyskland (AfD) vann delstatsvalet i Thüringen med 32,8 prosent av stemmene. I nabodelstaten Sachsen fekk partiet 30,6 prosent av stemmene.

AfD i Sachsen og Thüringen er kontrollert av politikarar som blir kategoriserte som ekstremistar av Bundesamt für Verfassungsschutz, organet som har ansvar for den indre tryggleiken i Tyskland.

Det har vore ei ekstremveke i tysk politikk. Björn Höcke og partiet Alternativ for Tyskland (AfD) vann delstatsvalet i Thüringen og fekk 32,8 prosent av stemmene. I nabodelstaten Sachsen fekk partiet 30,6 prosent i delstatsvalet.

Ingen stader i Tyskland har det omstridde ytre høgre-partiet så mange veljarar som i desse to austlege delstatane. Det er også i Sachsen og Thüringen ein finn AfD i sin aller mest ytterleggåande variant. Delstatspartia er kategoriserte som høgreekstremistar av Bundesamt für Verfassungsschutz (BfV). På nasjonalt plan er partiet rekna som «delvis ekstremistisk», så langt iallfall.

Brannmur mot Höcke

Björn Höckes valsiger vart nyhendestoff verda over. Denne veka er det mange som lurer på kva valsigeren til AfD vil få å seie for tysk politikk, og kor ekstrem denne Höcke eigentleg er. Det korte svaret på det første spørsmålet er at valsigeren vil skape meir konflikt i det alt svært konfliktfylte tyske politiske livet.

I Thüringen, Höckes delstat, er det parlamentarisk praksis at valvinnaren kallar inn til regjeringssamtalar. Dei kommande vekene vil vise om brannmuren, lovnaden frå alle dei andre partia om aldri under nokon omstende å samarbeide med AfD, blir ståande, eller om det er mogleg å stable på beina eit politisk fleirtal slik at Höcke får sleppe til.

På spørsmålet om kor ekstrem Höcke er, finst det fleire svar. Om ein spør nettlesaren Google, vil ein ikkje berre finne karakteristikkar som byrjar på e, men også på f og n. Om ein spør Verfassungsschutz, som er ei av tre tyske tryggingstenester, og som har ansvar for den indre tryggleiken i Tyskland, er svaret at Björn Höcke «heilt klart» er ein høgreekstremist.

Å lære av historia

BfV har hovudsete i Köln og arbeider etter eit mandat som er veldig tysk, og som er slik det er av historiske grunnar. Organet vart oppretta i 1950. Den vesttyske grunnlova frå 1949, som er den som framleis gjeld i Tyskland i dag, vart laga av juristar og politikarar som var opptatt av å lære av historia.

Ein lærdom dei trekte ut av landets nære historie, var at ein ikkje skulle overlate staten til demokratiets fiendar. Hitler og hans NSDAP kom som kjent til makta på legalt vis, i ei koalisjonsregjering. Tyskland etter 1949 vart difor eit Wehrhafte Demokratie, eit demokrati som forsvarar seg sjølv.

Paragraf 79 i grunnlova er kjend som æveklausulen. Han slår fast at Tyskland for all framtid skal vere ein demokratisk forbundsstat der menneskeverdet er ein absolutt verdi som ein ikkje kan forhandle om. Oppgåva til Verfassungsschutz er å sikre nettopp dette.

Superspreiar av hat

Når ein person eller organisasjon er klassifisert som heilt klart eller delvis ekstremistisk av Verfassungsschutz, får det konsekvensar. Den viktigaste er at Verfassungsschutz følgjer med på det dei gjer. Organet kan til dømes lytte til telefonsamtalar og følgje med på elektronisk kommunikasjon.

Når ein som Höcke er i kategorien «heilt klart ekstremist», kan Verfassungsschutz også bruke agentar, folk som infiltrerer nærmiljøet for å skaffe informasjon som ein elles ikkje ville ha fått. Thomas Haldenwang, som er president for Verfassungsschutz, har omtalt Höcke som ein av Tysklands farlegaste menn, ein «superspreiar av hat, vald og radikalisering».

Demokrati og nasjon

Grunnen til at Verfassungsschutz konkluderer slik dei gjer om Höcke, AfD i Sachsen og Thüringen og om AfDs ungdomsparti Junge Alternative, er, ikkje overraskande, noko innfløkt. Den første handlar om at dei, slik Verfassungsschutz ser det, er fiendar av demokratiet.

Partiet har ikkje programfesta at dei skal avskaffe den demokratiske grunnlova. Men det AfDs folkevalde seier, skriv og legg ut på internett, er etter det Verfassungsschutz meiner, demokratifiendtleg. Eksempla dei brukar, er talrike. Det handlar blant anna om at Höcke har åtvara om at det neste forbundsdagsvalet kan bli det siste, og om at han regelmessig samanliknar dagens Tyskand med DDR og tar til orde for ei nyordning.

Rapportane til Verfassungsschutz er fleire tusen sider lange, og konklusjonen er altså at Höcke, og delar av partiet hans, vil avskaffe den demokratiske grunnlova. Her kan ein jo ta seg i å lure på korleis Verfassungsschutz ville ha vurdert Donald Trumps ytring om at folk i USA ville «sleppe å stemme igjen» om dei valde han.

Då eg intervjua Armin Pfahl-Traughber, som tidlegare var sjef for Verfassungsschutz’ avdeling for høgreekstremisme, forklarte han at der tryggingstenesta i andre statar legg mest vekt på valdspotensial når dei vurderer kva som er ekstremistisk, har Tyskland, på grunn av æveklausulen i grunnlova, tradisjon for å leggje vekt på det legalistiske aspektet, altså om ein sluttar opp om demokratiet som styringsform eller ikkje.

Det andre handlar om synet på nasjonalitet. Höcke og hans fløy av partiet står for det Verfassungsschutz kallar ei etnokulturell forståing av nasjonalitet. I dette miljøet er det mange som kallar seg etnopluralistar. Dei seier at dei er opptatte av etniske forskjellar, men at dei ikkje tenkjer hierarkisk, slik som nazistane gjorde då dei plasserte jødane nedst og germanarane øvst i sitt rasehierarki.

Vurderinga til Vefassungsschutz er at målet til etnopluralismen er å skape «etnisk reine samfunn». Er ein etnopluralist, vil ein ifølgje Verfassungsschutz vere tilhengar av massedeportasjonar av etniske minoritetar. Og dette er, igjen etter Verfassungsschutz’ syn, i strid med prinsippet om menneskeverdet i den tyske grunnlova.

Tysklands undergang

Höcke har blant anna hevda at innvandring frå land utanfor Europa vil føre til Finis Germania, Tysklands undergang. Sjølve uttrykket er omstritt, ettersom det var sluttorda i ei av dei mest kjende antisemittiske pamflettane til Willhelm Marr, journalisten som grunnla organisasjonen Antisemittligaen i 1879, og som var med på å gjere jødehat til del av den politiske kulturen i Keisar-Tyskland.

I boka Nie zweimals in denselben Fluß, som vart utgitt i 2018, og som er eit slags politisk manifest for Höcke, skriv Höcke om ei komande «årelating» av Tyskland. Han skriv også om korleis årelatinga skal gå til, og at han vil bli nøydd til å setje i verk tiltak som eigentleg er i strid med hans eigen moral, og at «veltemperert grufullheit» (wohltemperierte Grausamkeit) ikkje vil vere til å unngå.

Språket Höcke brukar, er vagt, metaforisk, men samstundes lett å tolke. Grunnen til at han uttrykkjer seg slik, er truleg at om han var meir presis, ville han fort kome på kant med den tyske lovparagrafen om Volksverhetzung, det vi på norsk kallar hatprat.

Remigrasjonsmøtet

Tanken om undergang og om ei masseutvising er ein av dei mest populære ideane på ytste høgre fløy i Europa no om dagen. Ideen er kjend som remigrasjon. I januar i år skreiv nyhendemagasinet Campact om eit politisk møte i byen Potsdam. Temaet var, ifølgje arrangørane sjølv, ein masterplan for remigrasjon.

Deltakarane på møtet var nokre av det tyskspråklege områdets mest kjende høgreekstremistar, sentrale politikarar frå AfD, politikarar frå det kristendemokratiske partiet CDU og folk frå det tyske næringslivet. Dette vart til ein skandale og utløyste massedemonstrasjonar mot AfD over heile Tyskland.

Det er litt vanskeleg å få tak på kva det vil seie at eit parti er «delvis» høgreekstremt. Og det er også svært vanskeleg for Verfassungsschutz å få tak på kvar grensene mellom ekstremistane og dei andre går i AfD. Å planleggje ein massedeportasjon er ei handling som definitivt blir ramma av Verfassungsschutz’ definisjon av ekstremisme.

Men den mest kjende AfD-mannen som deltok på Potsdam-møtet, var ikkje ein del av ekstremistfløyen i partiet. Han var sekretæren til partileiar Alice Weidel, som heller ikkje er del av ekstremistfløya. Juristen Birgit Malsack-Winkelmann var heller ikkje på radaren til BfV då ho representerte AfD i forbundsdagen i åra 2017–2021. Denne veka møtte ho i retten i Frankfurt som ein av dei hovudtiltala etter den såkalla Reichsburger-konspirasjonen til prins Heinrich Reuß XIII. Ho er tiltala for å ha planlagt eit statskupp.

Endra praksis

Om ein har følgt tysk politikk over tid, er det lett å sjå at Verfassungsschutz opererer på ein annan måte no enn for ti år sidan. Den gongen hadde organet ord på seg for å vere blindt på det høgre auget. Det er ei skulding som sjeldan blir fremja no om dagen.

Thomas Haldenwang vart president for Verfassungsschutz i 2018, etter at forgjengaren Hans Georg Maaßen hadde roke uklar med den dåverande tyske kanslaren Angela Merkel om kva som hadde hendt under gateopptøyane i byen Chemnitz hausten 2018. Etter at han mista jobben, kasta Maaßen seg inn i politikken, i partiet Werteunion, som han sjølv har grunnlagt. Sist gong han vekte oppsikt i tysk ålmente, var då han publiserte eit bilete av seg sjølv og ei smilande Alice Weidel, partisjefen i AfD, med ein tekst der han takka «fru Weidel» for ein triveleg kveld.

Meir vald

Med Thomas Haldenwang har Verfassungsschutz fått skarpare syn på høgre auge. Seksjonen som har ansvar for høgreekstremisme, er styrkt. Samstundes har Tyskland fleire gonger blitt ramma av alvorleg høgreekstrem terror. I 2019 vart politikaren Walther Lübcke, som hadde vore ein av Merkels aller sterkaste støttespelarar under flyktningkrisa i 2015, drepen av ein nynazist.

Drapsmannen, som sjølv var busett i Hessen, var ein stor beundrar av AfD i Thüringen og hadde sendt ei pengegåve til delstatspartiet med helsinga «Gud velsigne dykk». I 2019 vart synagogen i byen Halle angripen av ein antisemittisk soloterrorist, og i februar 2020 vart byen Hanau ramma av terror då ni menneske med migrasjonsbakrunn vart myrda på open gate. Terroristane i Halle og Hanau var begge motiverte av konspirasjonsteoriar og hatprat frå dei mørke sidene av internettet.

AfD og miljøet rundt gir uttrykk for mistillit til Verfassungsschutz. Dei hevdar at organet blir misbrukt av regjeringa. Martin Sellner, som er leiar for den høgreekstreme grupperinga IB, og som også var ein av hovudtalarane på skandalemøtet om remigrasjon i Potsdam, formulerte seg slik då eg intervjua han om Verfassungsschutz: «Tryggingstenesta blir brukt som eit politisk verktøy for venstresida. Det er dei som er ekstremistar.» Og her er vi inne på ei forklaring på at folk, både i aust og vest, stemmer på AfD, trass i at Verfassungsschutz følgjer partiet tett.

Før AfD fekk ekstremiststempelet, trudde dei fleste av Tysklands politiske analytikarar at partiet ville miste taket på dei store veljarmassene, særleg borgarleg, konservative sedate vesttyskarar, om partiet skulle bli kategorisert som ekstremistar. Men slik har det ikkje gått. AfD har aldri stått så sterkt som no. Og partiet har heller aldri vore så ytterleggåande som no.

Det handlar om ein sterk understraum i samfunnet, om menneske som trur meir på det AfDs folk seier, skriv og postar i lukka chattegrupper på Telegram, på X, TikTok og i sine nettaviser og TV-kanalar, enn på etablerte politikarar og store mediehus.

Framferda til Maaßen etter at han vart kasta ut av Verfassungsschutz, er med på å gi vatn på mølla til tanken om Verfassungsschutz som eit politisk instrument. Så kor farleg er Höcke og AfD? Det er det opp til Verfassungsschutz å vurdere. Og det er opp til tyske veljarar om dei trur på vurderingane.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tanken om undergang og om ei masseutvising er ein av dei mest populære ideane på ytste høgre fløy i Europa no om dagen. Ideen er kjend som remigrasjon.

AfD har aldri stått så sterkt som no. Og partiet har heller aldri vore så ytterleggåande som no.

Fleire artiklar

I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

PolitikkSamfunn

Ei god tid for løgnarar

Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.

Marita Liabø

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis