JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Linedansarlandet

Mellom aust og vest, mellom inflasjonskrise og økonomisk vekst, mellom demokrati og autokrati, mellom Nato-allianse og strategisk autonomi, står Tyrkia og vippar. Kvar det bikkar, vil ha stor betydning for stormaktsspelet framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske presidenten Vladimir Putin, den iranske presidenten Ebrahim Raisi og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan på veg inn til ein pressekonferanse i Teheran 19. juli 2022.

Foto: Reuters / NTB

14040
20220812
14040
20220812

Tyrkia

magjerd2@online.no

Det er fleire årsaker til at Tyrkia har vore ein stor del av nyhendebiletet den siste tida. Medan landet kombinerer eksplosiv økonomisk vekst (bruttonasjonalproduktet vaks med 11 prosent i 2021) med endå meir eksplosiv inflasjon (for tida er inflasjonen på nesten 80 prosent), driv president Erdogan ein særs aktiv utanrikspolitikk.

Det tyrkiske militæret opererer i både Syria og Irak, der det kjempar mot kurdiske grupper den tyrkiske staten reknar som terroristar. No planlegg Erdogan ein ny offensiv i Nord-Syria. Det er ein av hovudårsakene til at Tyrkia nyleg har møtt Russland og Iran, land som er militært til stades i Syria. Tyrkias planar strir med interessene til Russland og Iran, som støttar Assad-regimet, og interessene til USA, som støttar YPG (Folkets forsvarsstyrkar – ei kurdisk gruppe).

Då Sverige og Finland søkte om medlemskap i Nato, nekta Tyrkia å godta søknadane med mindre dei fekk innfridd krav om utlevering av personar den tyrkiske staten mistenker for terror, og oppheving av restriksjonar på våpensal til Tyrkia. Utanriksminister Mevlüt Cavusoglu sa i slutten av juli at Tyrkia framleis venter på at utleveringsførespurnadane blir godtekne.

Etter Russlands invasjon av Ukraina har Tyrkia valt å ikkje innføre sanksjonar mot Russland, og førre fredag møttest Putin og Erdogan i Sotsji for å diskutere korleis dei kan styrke samarbeidet mellom landa deira.

Alt dette, samt svekkinga av det tyrkiske demokratiet under Erdogan, har ført til sterke reaksjonar i euro-atlantiske hovudstadar.

Men av same grunnen som gjer det mogleg for Tyrkia å legge ned veto mot nye medlemmar, er det ikkje mogleg å kaste Tyrkia ut av Nato mot sin vilje. Slike avgjerder krev konsensus i heile alliansen. Og sjølv om det hadde vore mogleg å kaste ut Tyrkia med ei fleirtalsavstemming, har Nato og Tyrkia felles interesser som gjer det lite sannsynleg at det ville hendt.

Kvifor Tyrkia i Nato?

Nato og Tyrkias felles interesser kjem til syne i dag på same måte som dei gjorde då Tyrkia valde å bli med i Nato i byrjinga av den kalde krigen. Sovjetunionen la etter andre verdskrigen press på Tyrkia og støtta dei territoriale krava på tyrkisk territorium til sovjetrepublikkane Georgia og Armenia. Sovjetunionen ville òg ha spesielle rettar i handteringa av sunda Bosporos og Dardanellane. For å demme opp mot Sovjetunionen søkte Tyrkia eit Nato-medlemskap, noko dei til slutt fekk i 1952, etter Tyrkia hadde sendt styrkar til å kjempe med amerikanarane i Koreakrigen.

Ein som spesielt støtta tyrkisk medlemskap i Nato, var den amerikanske senatoren Harry Cain. I ein rapport frå 1950 sa han følgande:

«For at Tyrkia og Hellas skal kontrollere den høgre flanken av Middelhavet, må dei takast inn i Nato eller eit tilsvarande tryggingssystem. På same måte som Tyrkia treng USA, treng USA Tyrkia. I tillegg til dei høge moralske verdiane i den tyrkiske nasjonen og Tyrkias viktige geografi, har landet ein militærstyrke på 22 divisjonar. Ingen av våre allierte i pakta tilbyr desse moralske og materielle moglegheitene.»

Sjølv om moralske verdiar ikkje ville blitt nemnde i same konteksten i dag, er det framleis slik at Tyrkia har ein svært viktig geografi og Natos nest største hær.

Det er heller ikkje første gongen Tyrkia har alliert seg med vestmakter mot Russland. Under Krimkrigen i 1856 kjempa osmanane med Frankrike og Storbritannia mot Russland. Som Tyrkia-forskar ved Oxford Galap Dalay påpeiker, kjempa Det osmanske riket heile 13 krigar mot Det russiske imperiet.

TILHØVET TIL Nato

Me har tala med Tuba Eldem, ho er tyrkisk statsborgar og ekspert på tyrkisk politikk og utanrikspolitikk. Ho er professor ved Fenerbahçe universitet i Istanbul og forskar ved det prestisjetunge tyske instituttet for internasjonale studiar og tryggingsstudiar (SWP) i Berlin, ein tenketank som får offentlege midlar og gjev råd til avgjerdstakarar i Tyskland og internasjonale organisasjonar som EU, Nato og FN. Eldem jobbar no med eit forskingsprosjekt om Tyrkias geopolitiske posisjon i ei verd prega av stormaktsrivalisering. Ho meiner Tyrkia har spelt ei viktig rolle i alliansen.

– Tyrkia ligg ved Natos sørlege flanke og stod direkte ovanfor Sovjetunionen og bidrog som eit bolverk mot supermakta. Tyrkias militære, med den nest største hæren i Nato, har blitt integrert i Natos strukturar, og landet har delteke i Nato-operasjonar i Bosnia, Kosovo og Afghanistan. I fjor var Tyrkia leiar for Natos Very High Readiness Joint Task Force, ein multinasjonal Nato-styrke med eit høgt beredskapsnivå, seier ho.

Om lag 50 (estimat varierer) amerikanske taktiske atomvåpen er utplasserte på Incirlik-luftbasen i Tyrkia, og landet har ein radarstasjon som er del av Natos rakettskjoldsystem. Men kor viktige Tyrkia har vore, forklarar Eldem, har variert med endringar i Natos trusselbilete.

– Etter Sovjetunionens fall opplevde Tyrkia at det ikkje lenger blei sett på som så viktig. Den nye tryggingssituasjonen i Europa, der Russland på nytt utgjer ein trussel, har gjort Tyrkia relevant igjen, seier Eldem.

Skjebnens geografi

Tyrkias plass på kartet er både ei velsigning og ei forbanning. Ein kallar gjerne Tyrkia for ei regional makt, som tyder ein stat som utøver betydeleg innverknad i ein gitt region. Tyrkia er ei regional makt i både Midt-Austen og svartehavsregionen, samstundes er landet ein sentral aktør i middelhavsregionen, i Nord-Afrika og på Balkan. Tyrkia har éin fot på Balkan og ein annan i Midtausten, to regionar prega av krig og borgarkrig dei siste 30 åra.

Den søraustlege delen av Tyrkia overlappar med det kurdarar meiner er Kurdistan, heimlandet til kurdarane. Den historiske undertrykkinga av kurdarar i Tyrkia og den valdelege konflikten mellom PKK (Kurdistans arbeidarparti) og den tyrkiske staten er det som mest av alt formar Tyrkias engasjement i Syria og Irak. Konflikten har teke fleire titusen menneskeliv, og Tyrkia frykter framveksten av kurdisk militærmakt i Syria.

Så har ein dei tyrkiske sunda, Bosporos og Dardanellane, som gjev Tyrkia kontroll over passasjen mellom Svartehavet og Middelhavet. Rolla som vaktar av passasjen mellom hava blei synleggjord nyleg då Tyrkia bidrog til å få på plass ein avtale mellom Ukraina, Russland, Tyrkia og FN om eksport av sårt trunge korn til verdsmarknaden. I fjor skreiv Eldem at heile 77 prosent av kveiteeksporten frå Ukraina, Russland og Kasakhstan gjekk gjennom dei tyrkiske sunda. Sunda har òg stor militærstrategisk betydning.

– Tyrkia kontrollerer heile den sørlege kysten til Svartehavet og dei strategiske farvatna som koplar Svartehavet til Middelhavet. Russland er avhengig av desse farvatna for å kunne sende skip frå svartehavsflåten sin til Syria. Nato treng difor Tyrkia for å kontrollere Russlands tilgang Svartehavet. Utan tyrkisk støtte kan ikkje Nato vinne ein krig i Svartehavet, seier Eldem.

Tyrkia lener austover

På 2000-talet var Tyrkias forhold til Vesten relativt godt, og landet blei til og med framstilt av Bush-administrasjonen som ein modell for andre muslimske land for korleis ein kan kombinere moderat islam med demokrati. Utover 2010-talet, derimot, byrja ting å gå nedover. I Syria har Tyrkia og USA følgt stridande politikk, og etter kuppforsøket mot Erdogan i 2016 har forholdet verkeleg fått ein støyt. Tyrkarar flest meiner predikanten Fethullah Gülen står bak kuppet, og mange trur òg at USA hadde ei hand med i kuppforsøket. Gülen lever i dag i sjølvpålagd eksil i USA.

– Etter kuppforsøket i 2016 byrja Tyrkia å følgje ein meir eigenrådig utanrikspolitikk, og regjeringa har styrkt relasjonar med andre statar som Russland, Kina, Iran og Qatar. Tyrkia har prioritert å handtere truslane Gülen-rørsla og PKK utgjer, og har samarbeidd med ikkje-vestlege land for å nå måla sine, seier Eldem.

Forverringa i forholdet mellom Tyrkia og Vesten er delvis eit resultat av innanrikspolitiske faktorar, spesielt det Eldem i ein artikkel kallar «ein av dei mest dramatiske tilfella av demokratisk tilbakegang (backsliding) i verda dei siste to tiåra». Det amerikanske utanriksdepartementets landsrapport om Tyrkias menneskerettspraksis i 2021 inneheld ei skremmande liste med alvorlege menneskerettsbrot: «vilkårlege drap, mistenkelege dødsfall av personar i varetekt, tvangsforsvinningar, tortur, vilkårleg arrestering og vedvarande varetektsfengsling av titusenvis av personar, inkludert opposisjonspolitikarar og tidlegare parlamentsmedlemmar, advokatar, journalistar og menneskerettsaktivistar».

Men Eldem legg vekt på at dette berre er den eine sida av saka. Den andre sida handlar om at Tyrkia tilpassar seg ein multipolar verdsorden. Ho peiker på at Tyrkia er ei mellomstor makt, og at mellomstore makter prøver å auke sin strategiske autonomi ved å balansere mellom dei rivaliserande stormaktene.

– Framveksten av ei multipolar verd gjev mellomstore og regionale makter betre moglegheiter til å balansere stormaktene mot kvarandre. Me ser dette med India, Sør-Afrika, Brasil og andre mellomstore makter. Dei prøver å få fordelane av å samarbeide med forskjellige stormakter, utan å ta ei klar side. Dei vil ikkje satse alt på eitt kort, forklarar ho.

– Dersom Tyrkia fekk ei ny regjering, er det mogleg ho ville følgd ein mindre eigenrådig utanrikspolitikk og hatt eit mindre konfliktprega forhold til Vesten, men regjeringa ville likevel måtte tilpasse seg ei meir multipolar verd og fremje Tyrkias interesser ved å samarbeide med fleire makter, legg ho til.

Ukraina-invasjonen

Samanlikna med andre mellomstore makter, som stort sett har avstått frå å kritisere Russland i internasjonale forum, har Tyrkia vore med på å legge fram resolusjonar som fordømmer invasjonen, i både Generalforsamlinga og Tryggingsrådet i FN.

– Frå eit normativ perspektiv har Tyrkia klart teke ein pro-ukrainsk posisjon. Tyrkia har levert militærdronar til Ukraina både før og etter krigen byrja, noko som har vore til store hjelp for det ukrainske militæret. Endå viktigare, kanskje, er Tyrkias avgjerd om å stenge dei tyrkiske sunda for dei krigande partane, noko som vil påverke Russland negativt.

– På den andre sida har Tyrkia bedt begge partane i krigen om å ikkje ta steg som unødig eskalerer spenningane i regionen. Tyrkia har bedt alle land om å ikkje sende krigsskip gjennom dei tyrkiske sunda. Tyrkia har ikkje delteke i det euro-atlantiske sanksjonsregimet og har ikkje stengt luftrommet sitt for Russland. Erdogan-regjeringa har prøvd å følgje ein balanseringspolitikk. Tyrkia har halde på sterke mellomstatlege band til både Russland og Ukraina. Det er takka vere desse banda Tyrkia har kunna fungere som ein meklar og legge til rette for dialog mellom dei krigande partane, seier Eldem.

Det er ein vanskeleg balansegang, og Tyrkias rolle som meklar vil bli utfordra dersom Tyrkia lener seg for mykje i den eine eller andre retninga. Eldem seier at det er usemje blant ekspertar om Tyrkia lener seg mot Ukraina eller Russland, sjølv meiner ho at Tyrkia er meir på den pro-ukrainske sida.

Ifølge Eldem har vestlege media overdrive relasjonane mellom Tyrkia og Russland.

– Tyrkia har samarbeidd med Russland på visse område, men Tyrkia og Russland har stridande posisjonar i Syria, Libya, Sentral-Asia, Kaukasus, Armenia–Aserbajdsjan-konflikten og Svartehavet. Tyrkia blei spesielt uroa av Russlands annektering av Krim i 2014, noko som skyvde styrkebalansen i Svartehavet i Russlands favør.

Med Russland som felles trussel i Svartehavet, har Ukraina og Tyrkia sidan 2014 styrkt sitt strategiske partnarskap og auka samarbeidet mellom våpenindustriane sine.

Meiningar om krigen

Eldem seier at tyrkarar er bekymra og at meir enn halvparten av befolkninga trur at krigen i Ukraina vil påverke Tyrkia negativt. Ei spørjeundersøking publisert av The German Marshall Fund of the United States (GMF) i april synte at krigen har gjort at fleire tyrkarar no ser på Russland som ein trussel heller enn ein partnar. Undersøkinga viste likevel at meir enn halvparten av tyrkarane ser på USA som den største trusselen. Det kjem av at tyrkarar koplar Fethullah Gülen til USA, og at USA støtter kurdiske opprørsgrupper i Syria.

Vegvalet i 2023

I 2023 blir det halde president- og parlamentsval i Tyrkia. Eldem skriv at det blir det «mest kritiske valet i historia til det tyrkiske demokratiet». Valet er kritisk fordi det tyrkiske demokratiet har blitt hola ut under Erdogan, og dersom han vinn valet, vil han kunne konsolidere den antidemokratiske og illiberale vendinga i Tyrkia. Det kan òg få store følger for Tyrkias forhold til Vesten.

– Fleirtalet av tyrkarar, spesielt dei unge, er bekymra for svekkinga av demokratiet under Erdogan. I tillegg har vi inflasjonskrise og devaluering av den tyrkiske liraen, noko som senkar levestandarden til tyrkarane. Oppslutninga om regjeringa er på eit historisk lågpunkt, og det er difor gode sjansar for eit regjeringsskifte, seier Eldem.

Men ho legg vekt på at det ikkje er sikkert at ein får eit regjeringsskifte, og at ein viktig test for det tyrkiske demokratiet vil vere om det blir halde relativt frie og rettferdige val som dei ulike partia respekterer resultatet av.

– Eit regjeringsskifte vil truleg betre Tyrkias forhold til Nato og Vesten, men dei grunnleggande interessene til Tyrkia vil kanskje ikkje endre seg. Måten og midla Tyrkia bruker for å nå måla sine, vil nok endre seg, med meir bruk av diplomati og mjuk makt. Ein bør alltid sjå Tyrkias handlingar i lys av det andre mellomstore makter gjer, men landet skil seg frå dei ved å vere knytt til Nato-blokka. Det gjer Tyrkia annleis, men òg meir avgjerande. Kva posisjon Tyrkia tek framover, vil ha stor betydning for den nye multipolare verdsordenen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Den nye tryggings­situasjonen i Europa, ­
der Russland på nytt utgjer ein trussel, har gjort Tyrkia relevant igjen.

Tuba Eldem,
forskar ved SWP i Berlin

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis