Politikk

Utdanning er ei kalka grav

Det finst ikkje éin einaste sektor der det vert sløst meir med ressursane enn i skule og høgre utdanning.

Vi byrjar tidleg med å sluse unge og teoritrøytte elevar inn i vidaregåande utdanning.
Vi byrjar tidleg med å sluse unge og teoritrøytte elevar inn i vidaregåande utdanning.
Publisert

Kvar skal vi henta meir pengar til Forsvaret frå? Her er mitt favorittsvar, og eg åtvarar lesarane om at no kjem det ein harang: Eg vil henta pengar frå undervisning og høgre utdanning. Det vi held på med der, er utan samanheng og logikk.

Eg kjenner ein ung kar som straks vert 18. Han mistreivst frykteleg i grunnskulen, men ein dag gjekk han til ein ressurssterk lærar og sa at han berre ikkje orka å byrja på vidaregåande. Det einaste faget han likte, var matematikk. «Dette skal eg fiksa», sa læraren og byrja å ringja rundt.

Opplæringskontoret i fylket gav karen eit alternativ: Dersom han sjølv fann ei verksemd som ville ha han, skulle han få gå ut i lære, utan noka form for skule dei to fyrste åra. Dette var rett nok eit unnatak frå reglane, men nokon såg klokskapen i at guten fekk noko kjekt å gjera og til og med kunne læra seg eit yrke.

Ein dag i veka

Fyrst etter to år må han no på skulebenken frå hausten av, men berre éin dag i veka. Han har fått lærlingløn i desse to åra, men snikkarfirmaet han arbeider for, er så nøgde med han at dei gjev han full løn når han arbeider overtid på kveldar og i helger.

No har han vorte så glad i yrket og fått læra seg så mykje praktisk rekning at når sveinebrevet er ferdig, skal han byrja på fagskule for å verta bygningsingeniør. Guten kan rekna med ei millionløn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement