Utdanning

Då læraren vart akademikar

Lengre utdanning med mastergrad skulle gjere lærarane betre. Lærarstudentane er i tvil om nytta.

Lærarløftet: Solberg-regjeringa gjorde lærarutdanninga lengre og meir akademisk. Her vitjar dåverande kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen Berg skule i Oslo i 2017.
Lærarløftet: Solberg-regjeringa gjorde lærarutdanninga lengre og meir akademisk. Her vitjar dåverande kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen Berg skule i Oslo i 2017.
Publisert Sist oppdatert

«Krona på verket i den nye utdanninga av grunnskulelærarane er mastergraden.» Den 17. desember presenterte professor i pedagogikk Elaine Munthe ei omfattande evaluering av utdanninga av lærarane i grunnskulen. Evalueringa er gjord på vegner av Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga), direktoratet som har i oppgåve å evaluere høgare utdanning i Noreg.

Mastergraden Munthe sikta til, er del av ei stor omlegging av utdanninga av barne- og ungdomsskulelærarar. Sidan 2017 har det vore obligatorisk for alle lærarstudentar å skrive mastergrad før dei kan jobbe i grunnskulen. Dermed vart utdanningsløpet eitt år lenger, og inkluderte minst eit halvt år med skriving av ei akademisk oppgåve. Endringa var del av Lærarløftet, ei reform driven fram og lansert av dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Å skrive seg til status

Isaksen argumenterte for at lengre utdanning skulle føre til høgare status for lærarane. «Vi vil ha lærere som gjennom en lang karriere i skolen holder seg oppdatert på forskning […] Med master får lærerne det faglige grunnlaget til å gjøre dette. De blir trent i en vitenskapstradisjon», sa kunnskapsministeren til Aftenposten den gongen.

Tiltaket fekk støtte frå Utdanningsforbundet. Dei hadde ivra for femårig master for lærarar i barne- og ungdomsskulen i lang tid. Dermed skulle dei som jobbar på 1.–10. trinn, ha like lang utdanning som lektorane i den vidaregåande skulen. Eit av argumenta var at lærar ikkje er ein verna tittel, og at dette gjekk ut over statusen til yrket.

Både Utdanningsforbundet og Solberg-regjeringa vona at mastergraden ville auke statusen til lærarane på line med andre profesjonar. «Lærerne hører hjemme blant juristene, legene og ingeniørene», argumenterte Isaksen. For å få til dette måtte profesjonsutdanninga bli meir akademisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement