Politikk

Val som braut trendane

– Det er eigentleg ein sjokkerande siger for demokratane, seier fyrsteamanuensis Hilde Eliassen Restad om valresultatet frå USA.

Demokraten Wes Moore er vald til ny guvernør i delstaten Maryland, etter republikanaren Larry Hogan. Her er Moore saman med USAs president Joe Biden, Jill Biden og senator Chris Van Hollen.
Demokraten Wes Moore er vald til ny guvernør i delstaten Maryland, etter republikanaren Larry Hogan. Her er Moore saman med USAs president Joe Biden, Jill Biden og senator Chris Van Hollen.
Publisert Sist oppdatert

Det var venta at demokratane kom til å tape fleirtalet i Representanthuset med god margin, og at fleirtalet kunne ryke i Senatet òg. Sjølv om senatsvalet framleis er uavklart, er det klart at dei har gjort det betre enn venta.

Hilde Eliassen Restad er fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole og gav nyleg ut boka Det amerikanske paradokset. Ho har tidlegare studert og budd i USA i til saman ni år.

– Korleis vil du oppsummere valresultatet til no?

– Vi ventar framleis på resultatet i dei svært spanande delstatane Nevada og Arizona, men elles er dette eigentleg ein sjokkerande siger for demokratane. Dei har klart å stå imot veldig sterke historiske trendar. Fyrste mellomvalet etter at ein ny president har innteke Det kvite huset, brukar å vere bra for opposisjonen. Når det går dårleg med økonomien, brukar veljarane òg å straffe partiet som sit med makta. Gjeve dei trendane, burde natt til onsdag ha vore ein raud tsunami, men det skjedde ikkje.

– Kva forklarar at det ikkje vart det?

– I meiningsmålingar seier amerikanske veljarar at dei er svært opptekne av økonomien, av inflasjon og bensinprisar, og vi veit at dei skuldar det at det ikkje går bra her, på president Biden. Med andre ord har veljarane røysta på det demokratiske partiet, sjølv om dei ikkje likar den økonomiske situasjonen dei held Joe Biden ansvarleg for. Alt tyder på at det som har vore viktigast, er retten til sjølvbestemt abort og å ta vare på det amerikanske demokratiske systemet. Det republikanske partiet har skote seg sjølv i foten ved å vere for radikalt, og særleg Trump-fløya har no fått eit tilbakeslag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement