Valrapport
STOCKHOLM: Frå Karl XII til Jimmie Åkesson, via Olof Palme og Fredrik Reinfeldt, har svenske stormaktsdraumar slege feil. Sundag er det val.
Stockholmarar fiskar i Lilla Värtan framføre Karl XII-statuen. Bak til venstre ligg Riksdagen, og i husrekkja til høgre regjeringsbygningen og statsministerbustaden.
Foto: Håvard Rem
Det er berre 500 meter frå Karl XII-statuen i Kungsträdgården til Riksdagshuset på Helgeandsholmen, men for Sverigedemokraterna tok det 22 år å gå dei, frå partistiftinga i 1988 til dei braut sperregrensa i 2010. Kjem dei seg vidare dei siste hundre metrane til regjeringsbygningen, og kor lang tid tek det? I Stockholm ligg makta kompakt. På færre mål enn Slottsparken i Oslo ligg regjeringsbygningen, Slottet, operaen, Riksdagen, statsministerbustaden og torget til Karl XII. Statuen av den krigerske barnekongen held eit sverd i høgre hand medan venstre peiker mot Russland i aust. I kvart sitt hundreår leia ovmodige Karl XII, Napoleon og Hitler kvar si stormakt mot Moskva og eit knusande nederlag.
Stormaktskomplekset har svenskane halde på. På dødsdagen til Karl XII, 30. november, samlar folk seg kvart år kring statuen. Det byrja som ei akademisk markering i universitetsbyen Lund, der kongen ei tid budde, men dagen har lenge vore prega av høgreekstreme. Og nemner du Sverige og stormakt i same setning, spelar du på djupe strenger, slik Moderaterna-statsminister Fredrik Reinfeldt gjorde då han slost for attval i 2014.
Femtiåra
Meir enn 200 år gjekk før Sverige vart ei stormakt att, men i førre hundreår gjekk industrireisinga så det grein av di landet heldt seg nøytralt i to verdskrigar. Sommaren 1946 var det til Sverige foreldra mine fór på bryllaupsferd, etter å ha vorte vigde i Vennesla, heimstaden til brura, for å sjå eit land som blømde, økonomisk og industrielt, medan grannelanda var svekte av verdskrigen. Dei såg eit land der vanlege folk køyrde privatbil, som i Statane. Sjølve tok dei toget, og i ein bokhandel i Kristiansand fann far min eit påskot til å utvida boksamlinga si med Svensk-norsk ordbok, som har vore eit minne på Sverige-ferda mi.
Når eg pratar med svenskar fødde etter krigen som har følgt foreldra på ferie i Noreg, er det fattigdomen dei hugsar. Av borna dei såg når dei steig ut av bilen, helst ein Volvo PV, skjøna dei at dei vitja eit fattig land.
Borna mine skjønar ikkje det. Dei vart fødde under den dramatiske finanskrisa i Sverige tidleg i 1990-åra. For dei er svenskar servitørar og Volvo kinesisk. Når snudde det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.