Vandringar i det mentale krigs­landskapet

Vesten har produsert for mykje lukke til at vi klarer å gå i krig, meiner Nils Rune Langeland.

Nils Rune Langeland heime på Voss.

Intervju

Publisert Sist oppdatert

Historikaren og forfattaren Nils Rune Langeland skriv betre og med eit meir originalt blikk enn dei fleste, og når denne originaliteten vert balansert, kan det verta til leseverdige litterære tekster. Boka hans i år, Frihetens grense, er eit nytt døme på dette, etter tidlegare reisebøker som Noreg (2008) og den kritikarroste Siste ord (2005) om Høgsterett i norsk historie 1814–1905.

Dei ikkje-faglege skandalane han for eit knapt tiår sidan skapte kring seg både på og utanfor universiteta, og som førte til at han måtte gå av som professor i 2017, er ikkje tema i boka, men ligg under i nokre setningar i skildringa av posisjonen hans som skrivande person. Denne posisjonen utanfor normaliteten kan vera eit bidrag til å sjå med eit uvanleg blikk.

Han skriv òg som ein framandgjord reisande og ubunden forteljar, litt som Rousseaus «einsame vandrar», like mykje for seg sjølv som for andre. Han vil opplysa seg sjølv om kva det er han ser, og treng difor ikkje ta for mange omsyn til publikum.

Det tener alle på, for her har Langeland skrive ein interessant analyse av ikkje berre samtidas frontline mellom Russland og Nato-landa frå Finnmark til Georgia, men samstundes ei skildring av det ein kunne kalla det mentale krigslandskapet vårt. Kven er vi moderne og kosmopolitiske menneske når vi brått vert konfronterte med den blodige krigen vi trudde høyrde til ei mindre utvikla og opplyst tid enn vår? Langeland freistar å skjøna den djupare krisa for vestleg sivilisasjon og kultur som Ukraina-krigen er eit symptom på.

Reisedagboka

– Eg les Fridomens grense som ei reisedagbok, skriven av ein forfattar som freistar å utforska årsakene og karakteren til sivilisasjonskrisa, ei sakprosabok som likt med forfattaren kryssar grenser, også sjangergrenser, skiftar posisjon, argumenterer med og mot seg sjølv, for så vidt eit skjønnlitterært grep.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement