Økonomi
Verda er ikkje rettvis
I 2021 auka den norske formuen i utlandet med 2000 milliardar. I 2022, mykje på grunn av Putins invasjon av Ukraina, kjem vi til å tena langt meir pengar enn nokon gong før.
Condeep-plattforma Troll A står på 303 meters djup i Nordsjøen og er 472 meter høg. Trollfeltet er største gassfunnet i Nordsjøen, med om lag 40 prosent av dei samla gassreservane på norsk kontinentalsokkel. Gjeve prisen på olje og gass som Ukraina-krigen har ført med seg, kan 2022 verta eit nytt unikt år i norsk økonomisk historie.
Foto: Øyvind Knoph Askeland, Norsk olje og gass
Det er tre ting Europa vil ha av Noreg, sett vekk frå olje og gass, som dei sjølvsagt òg vil ha: billig straum, billig metall og billig kunstgjødsel. Og no vil dei ha det meir enn nokon gong før, på grunn av krigen i Ukraina. Men korkje EU eller Storbritannia kan få dei same tre tinga samstundes. I skrivande stund er prisen på 1 kWh, som PC-en min går på, 8 kroner og 14 øre inkludert MVA, nærare ni kroner om vi tek med nett- og elavgift. Omverda tømmer Sør-Noreg for straum.
Nett no eksporterer Sør-Noreg om lag 5000 MW i timen, som svarar til 5 millionar kWh i timen, eller 120 millionar kWh i døgeret. Både englands- og tysklandskabelen går for fullt, og prisen er 42 gonger høgre i Sør-Noreg enn i resten av landet. Statnett meinte at dei to nye kablane over tid kom til føre til ein gjennomsnittsprisauke på 2 til 4 øre per kWh per år. Skal den spådomen slå til, må nordmenn i Sør-Noreg i fleire tiår framover få betalt for å nytta straum.
Meir straum
Statnett har sagt at dei vil sjå om dei snøggare enn planlagt kan auka overføringskapasiteten mellom Midt-Noreg og Sør-Noreg. Når den dagen kjem, og fastpriskontraktane til den kraftkrevjande industrien på ny skal tingast om, vil det nok verta endringar i mengda EU og Storbritannia får av kunstgjødsel og aluminium frå Noreg.
Men sanninga er at straumeksporten, og for den del metall- og kunstgjødselproduksjonen, druknar i det store biletet, som er olje og gass. EU og Storbritannia har valt norsk straum, og om ikkje eit eller anna uventa skjer, kan vi på sikt ikkje oppretthalda kraftkrevjande industri, korkje i Sør-Noreg, Storbritannia eller EU. Men gassen og oljen kjem til å flyta i mange år enno.
Yara
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.