– Vesten starta den nye kalde krigen
– Med aggressiv, militær kringsetjing og økonomisk utpressing har Vesten starta ein ny kald krig, seier filosofiprofessor Jon Hellesnes.
– Den enorme dimensjonen på krigsøvinga Trident Juncture i fjor haust markerte at Noreg har vorte ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen, meiner Jon Hellenes.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Jon Hellesnes kjem i desse dagar med boka NATO-komplekset, og måndag denne veka møtte han forfattar Kjartan Fløgstad til samtale om norsk utanriks- og forsvarspolitikk på Litteraturhuset i Oslo.
Det primære for Hellesnes har vore å få til ei forståing av at Noreg er alliert med ei farleg krigsmakt.
– Eg har av og til tenkt at statsborgarane i DDR var mindre indoktrinerte enn det ser ut til at me er. Dei hadde ikkje tillit til den politiske eliten, og skaffa seg alternativ kunnskap. Her og no vert folk med alternative skildringar og vurderingar sett på som påverknadsagentar frå helvete. Det er ei sterk einsretting, og boka mi er eit element i kampen mot denne einsrettinga, fortalde Hellesnes.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.