Kommentar

Vi visste, såg på og let det skje

Vi er vitne til ein katastrofe i Gaza.

Utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre heldt pressekonferanse om evakueringa av norske borgarar frå Gaza onsdag 15. november.
Utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre heldt pressekonferanse om evakueringa av norske borgarar frå Gaza onsdag 15. november.
Publisert

Ja, vi visste at det ville bli ein kraftig reaksjon etter at Israel den 7. oktober opplevde det største terroråtaket nokon gong, med 1200 drepne og 239 israelarar tatt med som gislar til Gaza. Åtaket var grufullt og må fordømmast på det sterkaste. Men det skjedde ikkje i eit vakuum, det har ei årsak. Når undertrykkinga når ei smertegrense, endar det i ekstremisme.

«Israel har rett til å forsvare seg», sa Espen Barth Eide på toppmøtet i Kairo medan bombinga gjekk føre seg. Han la til: «Det må skje innan folkeretten.»

Men vi veit at Israel ikkje held seg til internasjonale lover og reglar, eller FN-resolusjonar. Kvifor da så vag formulering? Statsminister Jonas Gahr Støre gjentok det same. Kvifor var ikkje Noreg, kalla «ei humanitær stormakt», tydelegare, krassare og tok internasjonale initiativ denne gongen, slik Noreg har gjort så mange gonger før i krisesituasjonar, for å hindre denne krigen?

Siste oppdateringa frå helsedepartementet i Gaza viser 11.078 drepne, av desse er 4506 barn. 2700 er sakna i ruinane av sundbomba bygningar, av desse er 1500 barn. 27.490 er skadde, og 1,5 millionar har flykta frå heimane sine. Tala er frå 10. november, før kommunikasjonen braut saman, og kan naturleg nok ikkje verifiserast. Al-Shifa-sjukehuset skal ha lagt 179 pasientar i ei massegrav.

At verdssamfunnet ikkje har klart å stoppe krigen i Gaza, er ikkje berre eit svik mot det palestinske folket, men eit svik mot oss alle.

Da Russland invaderte Ukraina, var Noreg med på å fremje resolusjon i FN om fordømming av Russland og slutta seg til EUs omfattande sanksjonar. Noreg har ikkje fordømt at Israel gjekk til krig i Gaza, og vil ikkje innføre sanksjonar. Heller ikkje vil regjeringa tilbakekalle den norske ambassadøren eller utvise den israelske. Likevel har Noreg gjort meir enn dei fleste og var det einaste nordiske landet som stemde for FN-resolusjonen om våpenkvile.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement