Energi
Vil ha lokalsamfunna med på laget
I Noreg kjem kjernekraftdebatten nedanfrå og opp, seier Sunniva Rose i Norsk Kjernekraft.
Det siste dryge halvåret har kring 40 kommunar teke kontakt med Norsk Kjernekraft, fortel Sunniva Rose. Ho er kommunikasjonsdirektør i Norsk Kjernekraft og har doktorgrad i kjernefysikk.
– Kommunane kontaktar oss for å lære meir om kjernekraft, og fleire av dei har inngått ein samarbeidsavtale med oss. Det dei har sams, er at dei anten slit med krafttilgang i dag eller kjem til å gjere det i framtida, seier Rose.
– Om kommunane må seie nei til ny industrietablering på grunn av kraftmangel, får det store konsekvensar. Og mange stader er det motstand mot å byggje ned natur med vindkraftverk.
– Eventuelle kjernekraftverk er høgt opp og langt fram. Det står ikkje selskap klare til å levere slike kraftverk berre kommunane stiller med tomter?
– Nei, men det må vere reell interesse lokalt om vi skal kunne gjere det. Eg synest ikkje det er rart å involvere kommunane tidleg. Debatten om kjernekraft i Noreg kjem nedanfrå og opp, seier Rose.
–?Inntil nyleg var det eit vanleg argument at «ingen ønskjer å ha eit kjernekraftverk i kommunen sin». Men kanskje det viser seg at ganske mange ønskjer det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.