Vindkraft i nye klede
Når Noreg no skal satse på vindkraft igjen, skal det leggjast sterkare vekt på omsynet til naturen. Men det er ikkje klart korleis.
Omsynet til landskap og naturmangfald låg til grunn for mykje av motstanden mot vindkraftverka som fekk konsesjon i Noreg fram til 2019. No er det opna for nye utbyggingar. Biletet syner ei 70 meter lang vengje på veg opp til Gulesletten vindpark like ved Florø. Omsynet til landskap og naturmangfald låg til grunn for mykje av motstanden mot vindkraftverka som fekk konsesjon i Noreg fram til 2019. No er det opna for nye utbyggingar. Biletet syner ei 70 meter lang vengje på veg opp til Gulesletten vindpark like ved Florø.
Foto: Tore Meek / NTBFoto: Tore Meek / NTB
Den mykje omtalte grunnrenteskatten regjeringa har føreslege å innføre i statsbudsjettet for 2023, skal òg gjelde for vindkraftverk på land, og halvparten av skatten skal kome vertskommunane for vindkraftverka til gode. Det kan gjere nye utbyggingar meir attraktive lokalt att etter den sterke vindkraftmotstanden som breidde om seg for nokre år sidan.
Og regjeringa ønskjer meir vindkraft på land.
– Vindkraft bidreg til styrkt kraftbalanse og lågare straumprisar. Og det hastar med å få i gang ny kraftproduksjon, argumenterte olje- og energiminister Terje Aasland (Ap), då han i april opna for nye konsesjonsbehandlingar av vindkraftanlegg på land etter at dei hadde vorte sette på vent i 2019.
På dei tre åra som har gått, er det gjort fleire andre endringar i vindkraftregimet, utover å auke skatten. Kommunane er til dømes vortne lova å få meir å seie i utforminga av vindkraftverk enn før. Dei har òg fått ein slags vetorett i spørsmålet om det skal byggjast fleire vindkraftverk i kommunen eller ikkje.
Når det gjeld kva vekt omsynet til landskap og natur skal ha i spørsmålet om nye satsingar, er signala langt frå like eksplisitte. Svein Grotli Skogen, som er seksjonssjef for energikonsesjonar i NVE seier det slik:
– Signalet om at kommunen no skal høyrast meir, er tydeleg. Men kva den generelt skjerpa vektlegginga av miljøinteresser skal bety, er betydeleg meir uklart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.