Lita skrift

Vona

Publisert

No går verda under, igjen. Domedagsprofetiar er endetidsteikn anten dei kjem frå klimapanel, miljøparti, UFO-vigde eller andre truande, men heilt sikre teikn er dei ikkje.

Snarare tvert om: Alle dei som frå tidenes morgon har møtt fram til ein annonsert apokalypse, har til sist gått skuffa heim. Om dei då ikkje, som i Jonestown i Guyana i 1978, gjorde ende på seg sjølve og kvarandre.

Til no, får eg leggja til, for denne gongen kan det vera alvor med undergangen. Miljøpartipolitikarane skal no vera «livredde», eller i det minste sa dei at dei var det i eit heilt politisk kvarter på NRK.

Om domedagen likevel skulle lata venta på seg, kan det forklarast på ulike vis. Gud (?) seier det slik i Femte mosebok, 18,20-21: «Om profeten talar i Herrens namn, men det han forkynner, ikkje hender og ordet ikkje blir oppfylt, då er dette eit ord som ikkje kjem frå Herren. Profeten har tala det eigenrådig. Du skal ikkje vera redd han!»

Takk Gud for det.

Psykologen Leon Festinger (1919–1989) kan i standardverket When Prophecy Fails òg fortelja kva domedagssøkjarane seier til seg sjølve og kvarandre før dei tuslar slukøyrde heim etter ein mislukka undergang. Han hadde infiltrert nett flokken The Seekers, som det likevel ikkje kom nokon UFO for å henta den 21. desember 1956. Hadde profeten deira Dorothy Martin rekna feil? Neppe: «Det trong jo ikkje henda av di me var her», sa dei som stod att på perrongen. Då var det ikkje bortkasta likevel!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement