Vonde vegval BJERKREIM: Det er ikkje berre å byggje veg i Noreg. Nokon må ta støyten.SamferdsleEva
BJERKREIM: Det er ikkje berre berre å byggje veg i Noreg. Nokon må ta støyten.
Bøndene Guro Slettebø Refstie og Einar Slettebø Refstie har dyrka jord frå bergkant til bergkant. I oktober fekk dei vite at alt kan verte lagt under asfalt.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) skryter av at det dei neste tre åra kjem til å bli bygd fire gonger meir firefelts motorveg enn dei raudgrøne bygde på tre år.
– Dette trur eg alle på Sørvestlandet har ønskt seg i mange tiår, sa han til NRK då han i fjor varsla byggjestart for ny E39 mellom Kristiansand og Stavanger. Vegprosjektet er ein del av det langsiktige målet om ferjefri motorveg heilt frå Sørlandet til Trondheim.
Men det er ikkje alle som ønskjer seg ny veg, i alle fall ikkje nett der vegen skal gå. I Solvik-Olsens heimfylke, Rogaland, har det i fleire år vore diskusjonar om den nye europavegen. Fleire trasear er vurderte, og det har vore informasjonsmøte, utgreiingar og høyringsrundar, aksjonsgrupper, nye forslag og folkemøte.
Då samferdsleministeren nyleg gjekk inn for å byggje den nye vegen langs traseen til dagens E39, vart somme glade: Bønder i min eigen heimkommune, Bjerkreim, kan puste letta ut over at forslaget om å leggje vegen over Høg-Jæren er skrinlagt. Bedrifter i kommunane som no får behalde europavegen, er nøgde.
Men bjerkreimsbu Rune Gjedrem, som føreslo å leggje vegen over Jæren i utgangspunktet, er forferdeleg skuffa. Han har brukt svært mykje tid og over ein million kroner av eigne midlar på å kjempe for den såkalla «Jærlina», som han meiner ville vere betre både for befolkninga, matjorda, samfunnsøkonomien og utviklinga i regionen. No ser han kampen som tapt.
Ville verne matjord
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.