Kommentar
Det er nok uvêr no
No er det lov å klage på vêret – men berre dersom vi erkjenner at vi kan gjere nok med det.
Eg treng ikkje fortelje deg at det er mykje å uroe seg for i verda for tida. At det har vore det den siste tida, at all uroa, både nært og lenger vekke, har lagt som ein liten skugge over sjølvaste sommarferien. Sjølv har eg uroa meg for mykje – for korntransport og prideterror og kolkraftverk som startar opp att, for å nemne noko. Men mest av alt, det må eg innrømme, har eg uroa meg for at det ikkje var ei einaste moltekart å sjå i fjellet mitt.
Ja, eg er ei sånn som følgjer med på molteveksten. Og i år byrja det så bra: Ein varm, tidleg vår gav rekordbløming. Men så kom kulda. Og ho varte og rakk, og snart var alle blomane vekke utan at så mykje som ein einaste moltekart var forma, kor mykje eg enn leita. Ikkje var det mange blåbær- eller tytebærkart å sjå heller. Og ja, det gjorde meg skikkeleg redd.
For nett dette var halmstrået eg klamra meg fast til: Om alt ramlar saman i verda kringom meg, kan eg i alle fall hauste i nærområdet. Naturen sviktar meg ikkje. Ingen galen diktator eller økonomiske system på avvegar kan ta frå meg min siste skanse: at her eg bur, veit eg kor moltene veks.
Vått, tørt, varmt, kaldt
Eg trur ikkje eg er aleine. Tvert om: Eg trur det er langt mellom dei som seier seg nøgde med sommarvêret 2022 – både blant dei som bur i vestlandsregionen, kor det har regna 70 av dei 92 siste dagane (syndefloda varte berre i 40 dagar, som BT-kommentator Gerd Tjeldflåt så treffande kommenterte nyleg), blant dei i midtbyen Trondheim, som har hatt den kaldaste julimånaden på 60 år, og blant dei som nesten ikkje har hatt nedbør i det heile sidan snøen smelta.
Ja, for juli 2022 «var å regne som både svært varm, kald, ekstremt våt og ekstremt tørr for forskjellige deler av landet», ifylgje Meteorologisk Institutt. Månadsrapporten deira syner at det regna 83 prosent mindre enn normalt i Mjøndalen denne julimånaden, medan nedbørsmengda var 96 prosent over normalen på Lurøy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.