Kommentar

Dyrevelferdsstaten Noreg

Dagros druknar oftare i byråkrati enn i møk, men skal ho tryggast skikkeleg, må tilsyn og eigar kome nærare kvarandre.

Publisert

Svik vi dyra i Noreg? Det er uro i Mattilsynet. NRK fortalde førre helg at veterinærar sluttar i etaten fordi dei ikkje får høve til å gjere det dei ser som viktigast – å avsløre dårleg dyrevelferd og berge dyr som lir.

Nettsaka kan få det til å høyrast ut som norske fjøs nærast renn over av mishandla dyr: Mattilsynet har gått frå 3000 uromeldingar frå publikum i 2003 til 12.000 i 2018, skriv NRK. Samstundes vert det ført stadig færre tilsyn, ja, nokre stader endåtil nesten ingen umelde. Artikkelen nyttar så å seie berre døme frå landbruket. Syner det heile sanninga?

Hugs kjæledyra

NRK seier ingenting om kor mange av dei 12.000 uromeldingane som gjeld forhold i jordbruket. Bønder er ikkje dei einaste som eig dyr i Noreg, ein god part av meldingane gjeld kjæledyr – hundar og kattar og hestar som ikkje har det slik dei burde. Dette kunne med fordel vore tydelegare i så vel NRKs journalistikk som i dyrevelferdsdebatten som heilskap.

Det vil ikkje seie at jordbruket ikkje har reelle problem å ta fatt i. Eitt av dei er nettopp det problematiske forholdet mellom bondenæring og mattilsyn. At bønder er utrygge på kva følgjer det vil få å sleppe Mattilsynet inn på garden, er uhaldbart. At bønder motarbeider Mattilsynet like så. Og at Mattilsynet ikkje klarar å avdekke dyretragediar som aktivistar med skjult kamera får fram i lyset, er ein tragedie i seg sjølv.

For grisene var det bra at situasjonen vart avdekt, men at bønder ikkje søv skikkeleg om nettene fordi dei er redde for at folk med kamera snik seg rundt i fjøsane deira, er ikkje ein rettvis konsekvens.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement