Mirakelet som håpEpistelWalid al-KubaisiDet var ein gong ei ung kvinne som heitte Susan. Ho budde i ein skog der ho tok vare på foreldra sine. Tida gjekk utan at nokon bad om handa til Susan. Ho tenkte på framtida og tok til å kjenna seg trist. Når foreldr
Illustrasjonsfoto: Kathy Willens / AP / NTB scanpix
Det var ein gong ei ung kvinne som heitte Susan. Ho budde i ein skog der ho tok vare på foreldra sine. Tida gjekk utan at nokon bad om handa til Susan. Ho tenkte på framtida og tok til å kjenna seg trist. Når foreldra hennar var borte, ville ho sitja einsam att utan kjærleik, mann og born.
Då mor hennar døydde brått, kjende Susan at ho ikkje hadde nokon garanti for livet og at far hennar kunne gå bort kva tid som helst. Kven ville forsørgja og passa på henne? Ho gret kvar natt og sørgde djupt over tapet av mora. Av sorg og uro over framtida til dottera vart faren òg sjuk og kjende at han nærma seg døden.
– Susan, eg har ein ring som ein ven av meg passar på. I tilfelle du er i nød, kontakt Sulaiman og hent ringen som vil hjelpa deg til å få eitt ønske oppfylt.
Då Susan høyrde dette, vart ho lei seg fordi ho skjønte at faren låg for døden. Etter få dagar var han borte. Susan sat att med lagnaden i eigne hender. Kven kunne ho venda seg til no?
Etter sørgjetida tok ho seg saman og reid ut i skogen på eselet til faren på jakt etter Sulaiman. Etter eit par dagar møtte ho ein ryttar på ein kvit hest.
– Kven er du, spurde ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.