Rettane til homofile er blitt kamparena for islamistar, ytre høgre og det liberale samfunnet.

Det er det mange som betaler ein høg pris for.

Kommentar

Publisert Sist oppdatert

Han ser ned, ser vekk og vil ikkje møte blikket til dei som vart ramma av angrepet hans. I den grad Zaniar Matapour, mannen som er tiltalte for terror og drap under pride-festen i Oslo 25. juni 2022, vil bruke rettssalen som politisk arena, ser bodskapen ut til å vere denne: Han anerkjenner ikkje retten, og angrar absolutt ingenting.

To menneske mista livet, 21 vart skadde og 260 personar har status som fornærma i saka som no går for Oslo tingrett. Retten har fått sjå opptak som i all si gru viser at terroren kunne ha kosta langt fleire menneske livet om ikkje snarrådige personar hadde stoppa gjerningsmannen i god tid før politiet dukka opp på åstaden.

Opne spørsmål

Det er fleire opne spørsmål etter at sommarnatta som skulle vere feiring av kjærleik og mangfald, enda med skyting på open gate. Spørsmålet om gjerningsmannen kvalifiserer som strafferettsleg tilrekneleg, er eitt av dei. Eit anna handlar om i kva grad han samarbeidde med andre, og om han kunne ha blitt stoppa i forkant. Terrorangrepet 22. juli 2011 og terroren i Bærum i 2019 var utførte av såkalla soloterroristar, gjerningsmenn som var åleine om å planlegge og gjennomføre angrepa.

Ingen av dei to var einslege ulvar, dei var flokkdyr, radikaliserte innanfor ein fellesskap dei søkte seg til på internett. Slike terroristar er det sjølvsagt vanskeleg å fange opp, også for ei proaktiv tryggingsteneste. Pride-terroren var annleis. Rettssaka vil kaste lys over kva rolle Arfan Bhatti og den tidlegare ektefellen hans spelte i forkant.

Vi vil truleg også få vite meir om kva rolle e-tenesta spelte. Pressa har publisert samtaleloggar frå appen Telegram der ein mann som jobbar for e-tenesta, men som utgir seg for å vere ein høgtståande representant for terrormilitsen IS, kommuniserer med både Bhatti og den andre medtiltalte om eit kommande terrorangrep.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement