Tyskland og antisemittismen

Tyskland har i haust stått fram som Israels beste ven i Europa.

Den 9. november i år publiserte kanslar Olaf Scholz eit bilete der han sit krumbøygd og pussar ein av kunstnaren Günter Demnings snublesteinar.

Kommentar

Publisert

Det ser eintydig ut, iallfall på overflata, forholdet mellom Tyskland og Israel. Framfor Brandenburger Tor, som var opplyst i fargane til det israelske flagget, erklærte den tyske presidenten Frank-Walter Steinmeier at Tyskland er på Israels side, og at han skjemst over det auka talet på antisemittiske hendingar i Tyskland etter 7. oktober i år.

Det moderne Tysklands fremste filosof Jürgen Habermas ser på Israels angrep på Hamas som eit «prinsipielt rettferdiggjort motangrep».

Snublesteinar

Den 9. november i år publiserte kanslar Olaf Scholz eit bilete der han sit krumbøygd og pussar ein av kunstnaren Günter Demnings snublesteinar. Snublesteinane har same storleik som brustein og er minnesmerke over jødar som vart deporterte og myrda av tyske nazistar – slike minnesmerke finst også her i landet.

Biletet, av ein kanslar som går ned på kne, er visuelt sterkt i seg sjølv. Og det har ein klar referanse til det mest ikoniske biletet frå tysk politisk etterkrigshistorie: det av Willy Brandt som knelar framfor minnesmerket over Warszawa-gettoen i desember 1971. Det er drapet på seks millionar menneske som skaper det spesielle bandet mellom Tyskland og Israel.

Stadige kontroversar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement