Kommentar

17. mai ti år etter grunnlovsreforma

I 2014 vart menneskerettane tekne inn i Grunnlova. Det var ikkje berre ei symbolhandling.

Dåverande statsminister Erna Solberg (H) poserer ved fotostand på Eidvollsbygningen 20. mai 2014, 200 år etter at eidsvollsmennene klista saman ei norsk grunnlov frå europeiske og amerikanske fragment.
Dåverande statsminister Erna Solberg (H) poserer ved fotostand på Eidvollsbygningen 20. mai 2014, 200 år etter at eidsvollsmennene klista saman ei norsk grunnlov frå europeiske og amerikanske fragment.
Publisert

Kva feirar vi 17. mai? Mange vil nok svare at vi feirar sjølvstendet og fridomen vi fekk med Grunnlova i 1814, etter fleire hundreår i union med Danmark. Dette historiske perspektivet vil gå att i dei mange 17. mai-talane rundt om i landet i år. Eg føreslår at vi like mykje feirar at det er ti år sidan vi fekk ei «ny» grunnlov.

Heilt ny er Grunnlova ikkje. Ho er framleis datert 17. mai 1814, og vi finn framleis nokre paragrafar som har stått uendra sidan då. Men dei aller fleste paragrafane har blitt endra éin eller mange gongar opp gjennom åra, til saman langt over 300 gongar. Dei viktigaste grunnlovsendringane i nyare tid kom på denne tida for ti år sidan. Det var 200-årsjubileet for Grunnlova som gjorde at Stortinget fekk ånda over seg og ville reformere Grunnlova. Jubileumsgåva var ein nynorsk grunnlovstekst og menneskerettar.

Nye menneskerettar

Der Grunnlova før verna eit fåtal rettar som grunnlovsfedrane i 1814 meinte var viktige, som ytringsfridomen, eigedomsretten og forbod mot tortur, kom det no til mange fleire, som familie, privatliv, personleg integritet og likeverd, retten til liv og forbod mot umenneskeleg og nedverdigande behandling, krav til rettvis rettargang og forbod mot vilkårleg fridomstap, rett til demokratisk deltaking gjennom frie og hemmelege val og forsamlingsfridom, rett til utdanning og ein særskilt paragraf om rettane til born.

Det var likevel eit litt nervøst storting som vedtok eit nytt kapittel om menneskerettar i Grunnlova. Partia hadde og har framleis ulike syn på kor mange og kva type rettar som høyrer heime i Grunnlova. Difor var Stortinget oppteke av at menneskerettsreforma ikkje skulle endre det vi juristar kallar gjeldande rett. Vi skulle altså få menneskerettar i Grunnlova, men ikkje nye eller fleire rettar.

Det kan høyrast litt rart ut at ei grunnlovsendring ikkje skal endre noko. Det Stortinget meinte, var at alle dei menneskerettane som vart skrivne inn i Grunnlova, alt gjaldt som norsk lov gjennom Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og andre menneskerettskonvensjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement