Kommentar

Dansen kring bedehuset

I nokre intense månader annankvar haust vert kristen folket plutseleg viktig.

Publisert

Frå å leve i skjul elles, i mindre og isolerte, men tette sosiale fellesskap i lågkyrkjelege forsamlingar eller bedehus, vert plutseleg den nasjonale scena opna opp for dei: No er dei attrådd, no kappast Frp og KrF om å høyrast mest mogleg ut som dei, no er det tid for konkurransen om å vere mest kristen.

Den store tiurleiken har byrja: No lokkar Hareide og Listhaug høglydt på jaktobjektet, pyntar på framtoning og talemåtar. Som alle andre menneske som gjer alt dei kan for å verte godt likt av nokon andre, er det noko panisk over dei begge. Det er mest ikkje grenser for kva dei to kan finne på. Kampen står om eigarskap til «dei kristne verdiane». Det er langt meir som sameiner dei to enn det som skil: Begge koplar politikk og religion på ein problematisk måte. Begge talar om «det kristne» som om dette finst i rein form.

«Det kristne»

Både Hareide og Listhaug talar så altfor konkret om «det kristne»: Det er «kristeleg» å opne grensene, det er «kristeleg» å stenge grensene. Det er «kristeleg» å ha eit rikeleg bistandsbudsjett, «kristeleg» å heller bruke pengane på pensjonistane her i landet. «Kristeleg» å hjelpe dei lidande der dei er, «kristeleg» å hjelpe dei her. Alt er med eitt «kristeleg». Ein kan finne støtte til mykje om ein går til Bibelen for å leite etter etiske grunngjevingar. Men store deler av Bibelen representerer jødisk-etisk tenking, og du finn liknande tankar i andre religionar.

Finst det då ikkje verdiar i Bibelen? Sjølvsagt gjer det det, på same måte som det finst verdiar i sving i alle skjønnlitterære tekstar. Jesus er ein verdipredikant. Men Bibelen er ikkje ein regelkatalog. Problemet oppstår når du låser fast nokre verdiar som «kristne», når dei òg finst i andre livssyn, både ateistiske og religiøse. For kva skjer når du konkretiserer såkalla «kristne» verdiar i praktisk-politiske handlingar og hevdar at desse er særmerkte for eitt politisk parti og ikkje eit anna?

«Marsjordrar»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement