JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Den nye teknologien utarmar oss

Dataskjermen gjer oss til overflatiske menneske, skriv Kaj Skagen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

6042
20240503
6042
20240503

Stortinget har bede regjeringa tilrå at det vert installert blokkeringsfilter som hindrar tilgang til uønskt innhald på digitale nettbrett nytta av borna i barnehagar og barneskular. Blokkeringsfilter er ikkje nok. Det er sjølve dei digitale verktøya som må bort frå alle barnehagar og skular.

Utdanningsdirektoratet har alt rådd til at mobiltelefonen skal ut av klasseromma i både barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule. Eit slikt tiltak har dei alt i Frankrike, eit land med ein skrive- og lesekultur vi kan læra av. Både forsking og sunn fornuft tilseier at den konstant tilgjengelege mobilen forstyrrar merksemda og svekkjer evna til å hugsa lærestoffet.

Ein liknande tendens ser ein i foreldreoppropet for mindre skjermbruk i barneskulen, som er blitt lytta til heilt opp i regjeringa. Det er lett å skjøna at stor tilgang på skjerm og sosiale medium fører til at lesinga taper, seier statsminister Jonas Gahr Støre. Kunnskapsministeren har varsla ei tilråding som kan opna for at barneskular legg skjermane heilt vekk i undervisninga.

Skjermskrivinga

Den fyrste erfaringa mi med datamaskin var på slutten av 1980-åra, då eg redigerte tidsskriftet Arken. Nokre av bidragsytarane tok på denne tida til å nytta den nye teknologien når dei skreiv, og manuskripta deira svulma opp til det dobbelte i lengda og det mangedobbelte i logiske og grammatiske feil. Dei trudde dei skreiv betre, men skreiv i røynda dårlegare. Dei lét seg lura av teknologien.

Det same ser vi i dag i litteraturen med bandsterke bestseljarar som lir av elefantsjuke. Det går for genialitet, men er teknologisk skadd litteratur.

Det gjekk saktare å skriva på den mekaniske skrivemaskina. Men ein skreiv meir konsentrert og trong færre versjonar for å få ferdig resultat. I dag lyt ein skriva og lesa opp att ti–tolv gonger for å få same resultatet.

Kvifor? Fordi teknologien fører til at vi skriv kaotisk, fram og tilbake, byter om på setningar og avsnitt, klipper og limer, hentar inn avsnitt frå gamle tekstar og så bortetter. Det smittar over på tenkinga, vi tek til å tenkje kaotisk, misser tråden, skriv i veg, og når vi er ferdige, må vi til på nytt, lesa og lesa, retta og retta. Kanskje vert det like bra som før, men det krev mykje meir tid.

For di meir effektiv teknologien er, di mindre effektive kan vi verta sjølve. Dei moderne reiskapane med alle dei rike vala, utarmar oss.

Vanedanninga

Datamaskinane og internettet lova oss meir fridom, alle skulle få skriva og tala fritt. Men så kom internettmobben og einsrettinga i alle retningar. I dataalderen med internettet og sosiale medium går kvaliteten ned på det vi skriv og les, for vi skriv og les i isolasjon og dogmatiske miljø, alt skal vera kort og treffande. Slik får den nye teknologien ut det verste i oss, ikkje det beste.

«Dataskjermen gjer oss til overflatiske menneske.»

Ein vaksen kan halda seg unna dette, men yngre generasjonar lever i det. Samstundes skrumpar tilbodet på seriøst innhald inn, opplaga for skikkeleg litteratur går ned. Kvifor? Fordi teknologien no gjev oss alt vi trur vi treng, men gjerne på lågast mogeleg nivå, men dermed òg til høgast mogeleg pris, nemleg tapet av det menneskelege, som kverv utan alvorleg danning gjennom heile livet.

Lesinga

Vi plar seia at teknologien er nøytral, det kjem berre an på korleis vi nyttar han. Men denne teknologien inviterer til misbruk.

Vi treng ikkje gå ut for å treffa folk, for vi treffer folk på nettet. Heile kjærleiksdrama kan vi spela ut, utan ein einaste gong å sjå den andre i røynda. Vi treng ikkje lenger dramatikk i livet, for vi får dramatikken i dataspela. Menneska trekkjer seg tilbake frå kvarandre og vel isolasjonen. Den konkrete og sanselege røynda vert til slutt bytt ut med ei virtuell, kunstig røynd. Felles kunnskap vert broten opp i fragment, i like mange verdsbilete som det finst individ. Særleg på sosiale medium ser ein korleis den arrogante og aggressive kunnskapsløysa vinn fram.

Men om det å vera avhengig av dataspel kan vera alvorleg nok, har det større konsekvensar om heile lese- og kunnskapskulturen vert råka. Berre 13 prosent av norske tiåringar likar å lesa, og det er ein stadig overgang frå bøker til skjerm.

Men skjermlesinga kan ikkje erstatta boka. Mest ingen les skikkeleg på skjerm. På skjermen kan ein berre ta til seg korte og overflatiske tekstar. Trena lesarar, dei som les bøker i minst eit par timar nær dagleg, merkar skilnaden. Skjermen er trøyttande og forvirrande. Ein held ikkje ut særleg lenge. Dermed legg sjølve skjermteknologien til rette for korte og overflatiske tekstar, ukonsentrert lesing og mangel på forståingsdjupn.

Men like ille som at skjermen gjev dårlege vanar, er det at han svekkjer den gode vanen med boklesing. Det vil seia at dataskjermen gjer oss til overflatiske menneske. Kva har han då i skulen å gjera?

Grev si eiga grav

Vi som er over førti i dag, har vakse opp utan mobiltelefonar og datamaskinar. Likevel er det vanskeleg nok for oss å styra skjermbruken og halda på gode vanar for skriving og lesing. Men å styra skjermbruken for borna og ungdomane medan dei er på skulen, er faktisk mogeleg. Det finst ingen tenkjeleg god grunn til ikkje å gjera det. Databruken vert i alle høve tillært og gjerne overdriven på fritida. Det minste vi kan gjera er å ikkje gjera livsstarten dårlegare for borna og dei unge ved å tvinga på dei uvanar vi sjølve slapp i same alder.

Kor absurd er det då ikkje at dei norske forlaga, som lever av å gje ut bøker, no satsar sterkare på digitale læreverk enn på lærebøker i papir. Desse digitale læreverka vert forma etter prinsippa i skjermteknologien. For å slå an må tekstane vera korte, og straks vekkja merksemd hos distraherte elevar. Ein legg såleis opp til overflatisk og fragmentarisk læring. Forfattaren vert «innhaldsleverandør» og læraren teknisk tilretteleggjar. Boka, lesinga og den allmenne kulturen vert skadelidande.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis