JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Eit dårleg varsel

At varslingsordninga blir brukt i politikken, og at media krev raske svar, er det mange som taper på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5729
20240906
5729
20240906

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Avgangen til Olaug Bollestad som leiar for KrF kom etter ei varsling. I og med at dette hende i ein periode då ho var sjukemeld, må vi berre vona at ho no kan få tid og fred til å samla krefter. Men for politikken er avgangar som denne eit dårleg varsel.

Elin Ørjasæter har fleire gonger kommentert varslingsordninga, som kom inn i lovverket i 2007. Ho har peika på at omgrepet har blitt vidt tolka. Bakgrunnen for ordninga var at tilsette i verksemder skulle varsla om trugsmål, vald og korrupsjon utan å oppleva hemn frå arbeidsgjevaren. I praksis blir omgrepet no teke i bruk av fleire partar i same konflikten. I denne saka åtvara Ørjasæter, i Nettavisen 18. august, mot at ein skulle bruka ordninga til å skifta ut partileiaren. Men nokre få dagar etter trekte Bollestad seg.

Det mediale tempoet

Ein partiorganisasjon har faste reglar og prosedyrar for val av leiar. Det er dei valde delegatane frå partilaga som skal stå for dette, og det er lagt til landsmøta. Ved sjukdom rykker nestleiaren opp og blir fungerande leiar. Er det tale om langvarig sjukemelding, kan ein kalla inn til ekstraordinært landsmøte.

Når ein gjer avvik frå desse innarbeidde ordningane, er ein av grunnane ulik tidsrytme mellom media og organisasjonsapparatet. Når det blæs opp til storm i media, blir det kravd handling straks, og ikkje om eit halvt eller eit heilt år. Det ligg i medias natur og verkemåte å krevja svar og handling før neste deadline, elles blir Dagsrevyens mann våt i håret og på kragen av å stå utanfor partikontoret i sju timar.

Men utakten mellom media og andre institusjonar må ikkje løysast ved at alle andre spring i takt med media. Rettsvesenet arbeider i månader og år for å koma til ein konklusjon. Forskarane finn ikkje svar på kompliserte spørsmål i tida frå Dagsrevyen til Kveldsnytt. Å tvinga alle inn i det mediale tempoet skaper ikkje eit ope samfunn, det skaper desinformasjon og kaos. Men politiske organisasjonar er meir pressa enn andre, sidan medieoppslag verkar direkte inn på oppslutninga.

Varslingsordninga er ei av dei ordningane som krev eit anna tempo enn det media etterspør. Men sjølve ordet varsling fungerer som ein alarm i mediehusa. Og for ymse aktørar i konfliktane kan det brukast som ein sikker måte å få saka si dekt på.

Snudd til parodi

Og her kjem det tvitydige i varslarordninga fram. Det som var tenkt som ei sikring mot korrupsjon og trugsmål, har blitt ein fast del av små og store konfliktar. På bakgrunn av alvoret i dei sakene ein tenkte på under utforminga av lova, var det eit sterkt vern av varslaren, slik at verken personen eller innhaldet i varselet skal bli kjent. Alt dette er fornuftig med tanke på trugsmål og vald.

Men i politiske organisasjonar er det alltid konfliktar som har andre kjenneteikn. Det er ideologiske motsetnader, det er strid mellom fraksjonar, landsdelar og grupperingar. Dette er motsetnader som må løysast gjennom dei rammene som ein demokratisk organisasjon gir. Det som ikkje toler dagens lys, vil bli borte eller tapa kraft i offentlege debattar. Private motsetnader og dårleg personleg kjemi gjer seg dårleg i ein offentleg diskusjon. Vernet om varslarane blir snudd til parodi dersom det skal løyna politiske og ideologiske motsetnader.

Frå organisasjonsliv og arbeidsliv ser vi også døme på at intrikate og kverulantiske personar er raske med læra seg å bruka varslingsinstituttet til eigen fordel. Den som driv skittent spel i kulissene, kan kasta mistanke mot dei andre, og ingen får vita det, for informasjonen skal, med lova i hand, løynast.

Kristne verdiar

Ein annan kritikk som har vore reist mot ordninga, er at relativt små og ufarlege konfliktar kan føra til svære kostnader ved innleige av juridisk kompetanse. Denne blir ikkje billegare, enten kronekursen går opp eller ned.

Varslingsproblematikkar gjer det heller ikkje lettare å analysera politikken. Media vil fort forklara svingingane i oppslutning med ro eller bråk i organisasjonen. Når det gjeld oppslutninga til KrF, er det den minst interessante forklaringa. Partiet stør seg til grupper som har ein felles lojalitet til det ein kan omtala som kristne verdiar. Men kva dette tyder i praktisk politikk, blir tolka svært ulikt. Israel–Palestina-konflikten illustrerer det kanskje best; her finst det folk som argumenterer med kristen etikk både på den sterkt proisraelske og på den palestinavennlege sida, og KrF ligg nokså lågt i debatten. Ein finn tilhengarar av lågt skattetrykk og sterkt næringsliv saman med svorne tilhengarar av ein sterk velferdsstat.

Eit nederlag

Når ein har eit så stort politisk mangfald i eigne rekker, kombinert med meiningsmålingar som signaliserer at partiet kan bli svært lite på Stortinget etter neste val, er det forståeleg at det oppstår uro i partiet. Og uro og frykt for framtida gjer sjølvsagt også det daglege arbeidet tyngre, og relasjonane mellom ulike grupper vanskelegare.

I staden for då å insistera på verkelege politiske diskusjonar, kan ein diagnostisera samarbeidsklimaet som problemet. Så fylgjer lekkasjar til media, styrt informasjon frå partane og eit medietrykk som gjer det vanskeleg å la vera å ta drastiske grep.

Det er eit nederlag for politikken i dei politiske partia at ein gir opp dei saksretta diskusjonane og heller varslar om dårleg samarbeid. Di meir som blir teke bort frå offentleg søkelys, di sterkare makt får det som ikkje kan snakkast om. Det som taper, er politikken – og innsynet til veljarane som blir blokkert av lovverket.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Å tvinga alle inn i det mediale tempoet skaper ikkje eit ope samfunn.

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby
Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby
Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø
Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis