Lang veg fram til forsoning
Den russiske toppleiinga slår fast at dei vil halda fram konflikten med Ukraina heilt til landet fell til fote. Dessutan er ikkje Ukraina nokon verkeleg nasjon, hevdar Kreml.
Tidlegare denne månaden offentleggjorde Dmitrij Medvedev, mannen som heldt presidentstolen varm for Vladimir Putin i åra 2008–2012, det han kalla fem tesar om Ukraina. I tesane går den russiske ekspresidenten direkte i strupen på den sitjande presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskij: «Den noverande presidenten av dette plaga landet er ein mann med visse etniske røter, som har snakka russisk heile livet», skriv Medvedev.
Omgrepet «visse etniske røter» viser til at den ukrainske leiaren har jødisk opphav. I store folkegrupper i den tidlegare Sovjetunionen er dette framleis kontroversielt, men ein skulle tru at ein russisk toppleiar ville halda seg for god til å spela på dette. Når ein les litt lenger ned i teksten, finn ein ut kvifor Medvedev trekkjer fram nettopp dette poenget: Av frykt for at eit nytt Maidan-opprør skal styrta også han frå makta, har Zelenskij selt seg sjølv til dei mest rabiate nasjonalistiske kreftene i Ukraina. «Det heile minner om ein vanvitig situasjonen der medlemmer av den jødiske intelligentsiaen i Nazi-Tyskland av idealistiske årsaker skulle ha bede om å gjera teneste i SS.»
Ganske drygt
Det Medvedev her gjer, er å samanlikna presidenten i den ukrainske staten med ein jøde i teneste for Hitlers verste terroristar. Å teikna opp eit slikt bilete, der den sitjande ukrainske presidenten blir slegen i hartkorn med nokre av dei verste forbrytarane i historia, er – mildt sagt – ganske drygt.
Dmitrij Medvedev, mannen som for nokre år sidan blei sett på som den mest liberale i den russiske leiinga, held fram: Ukraina er ein stat under utanlandsk kontroll. Den ukrainske regjeringa og dei væpna styrkane blir styrte direkte av EU og USA. Kontrollen over Ukraina er langt sterkare i dag enn det dei sovjetiske leiarane i si tid dreiv med overfor dei austeuropeiske satellittstatane. For Russland gjev det inga meining å forhandla med ein slik marionettstat. Det einaste som gjev meining, er å forhandla med dei som styrer han, altså USA og EU, slår han fast.
Og kva bør Russland gjera så lenge folk som Zelenskyj sit med makta i Ukraina, spør Medvedev. Absolutt ingenting, svarar han. Russland skal berre venta til det dukkar opp «ei tilrekneleg leiing» i nabolandet. Russland veit å venta. «Me er tålmodige folk», konkluderer han.
Det er per i dag litt uklart kva for rolle Medvedev spelar i den russiske leiinga. Han er nestformann i det nasjonale tryggingsrådet, som er ein nokså underordna posisjon. Men han er kjend i utlandet, og difor reknar ein i Kreml antakeleg med at det han skriv, blir lese i Vesten og ikkje minst i Ukraina.
Putins artikkel
Artikkelen til Medvedev er faktisk meir ytterleggåande i tonen enn ein artikkel sjefen hans, Vladimir Putin, offentleggjorde om det same temaet for eit par–tre månader sidan. Konklusjonen er likevel temmeleg lik. Artikkelen til Putin har tittelen «Om den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar». Han blir innleidd med ein lang gjennomgang av historia frå mellomalderen og fram til i dag.
Hovudbodskapen til Putin er at det aldri har eksistert noko russisk, ukrainsk eller kviterussisk folk. Kva som derimot har eksistert, er ein treeinig nasjon av det Putin kallar for «storrussarar, veslerussarar og kviterussarar». Alle var russarar, anten dei levde i området til Moskva-staten, som storrussarane, i kjernelandet til den gamle Kiev-staten, som veslerussarane, eller mot vest, som kviterussarane, hevdar han. At Putin hentar fram antikverte namn på dei ulike folka i det gamle russiske imperiet, er sjølvsagt interessant nok. For den ukrainske statsleiinga i dag er det eit klart signal at han eigentleg ikkje godtek at Ukraina eksisterer i det heile teke.
For å underbyggja tesen om ikkje-nasjonen Ukraina tek Putin tak i måten Lenins kommunistar delte opp Sovjetunionen på i byrjinga av 1920-åra. Ukraina blei hogd ut frå moderlandet, Russland. «Eitt faktum er fullstendig klart: Russland blei robba, verkeleg», skriv han. Så, for å gjera vondt verre, skreiv bolsjevikane ei grunnlov som gav alle republikkane lov til å forlata unionen. Dette var ei tidsinnstilt bombe. Då kommunistpartiet kollapsa i 1991, eksploderte den russiske staten, hevdar Putin.
Sidan har alt gått gale, ifylgje den russiske presidenten. Utanlandske krefter har teke over Ukraina og gjort landet til ein årestad for hat mot Russland. «Danninga av ein etnisk rein ukrainsk stat som er aggressiv mot Russland, kan bli samanlikna med bruk av masseøydeleggingsvåpen mot oss», meiner Putin. Om nokon nyttar gamalt russisk land til å kjempa mot Russland, vil dei øydeleggja seg sjølve, legg han til.
Har samla Ukraina
Putin har sjølvsagt rett i at hatet mot Russland er stort i Ukraina i dag. Det han ikkje nemner, er anneksjonen av Krim i 2014 og den pågåande krigen i Aust-Ukraina som han sjølv står bak. Ukrainarane var eit splitta folk før dette skjedde. Ingen har gjort meir for å samla den ukrainske nasjonen enn nettopp Vladimir Putin.
At Putin skulle erkjenna dette, er kanskje å krevja litt for mykje. Men at han – saman med assistenten Dmitrij Medvedev – trekkjer fram nazikortet, kombinert med påstandar om at den ukrainske nasjonen eigentleg ikkje eksisterer, er eit dårleg varsel. Den pågåande krigen i Donbass har til no kosta livet til 13.000 barn, kvinner og menn. Med vedvarande russisk støtte til separatistane i området, slik Putin og Medvedev signaliserer, vil krigen halda fram i mange, mange år.
Halvor Tjønn er forfattar og journalist og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den pågåande krigen i Donbass har til no kosta livet til 13.000 barn, kvinner og menn.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.