JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Stordomen til Landslova

Landslova av 1274 var den tredje riksdekkjande lovboka laga i europeisk mellomalder, og den fyrste som vart brukt. Slik vart Landslova grunnlaget for den fyrste vellukka, store, politikkdrivne samfunnsreforma vi kjenner til i norsk historie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5899
20240202
5899
20240202

Landslova fekk ei levetid på 400 år og var deretter ein viktigare premissleverandør for Kristian 5.s norske lov enn ein til no har hevda. Grunnlova av 1814 kviler dermed til dels på eit fundament som vart lagt med Landslova 540 år tidlegare.

Landslova vart lagd fram fyrste gong på Frostatinget i Trøndelag i juni 1274, seinare på Gulatinget i 1275 og på Eidsivating og Borgarting i 1276. Dette var dei fire lagtinga som hadde vore og skulle vera heilt sentrale i det norske styringssystemet.

Arbeidet med Landslova vart truleg sett i gang ti år før ho vart gjeven på Frostating. I mars 1264 heldt kong Magnus 6. tale i gravferda til faren, kong Håkon 4. Håkonsson. Det var kong Magnus’ fyrste gjerning som einekonge. Straks etter tok han initiativ til å slutta fred med Skottland og få fredsavtalar med England. Dermed kunne alle ressursar konsentrerast rundt det store lovgjevingsprosjektet som prega heile regjeringstida hans.

Breitt spekter

Landslova av 1274 speglar eit breitt spekter av interesserer i det norske mellomaldersamfunnet. Det kan ikkje ha vore enkelt å få til. Kongen var omgjeven av verdslege og geistlege rådgjevarar som representerte eliten i samfunnet. Likevel er det påtakelege med Landslova at ho betra stillinga til samfunnsgrupper som ikkje hadde stor påverknadsmakt.

Ikkje minst bygde Landslova eit omfattande og komplisert fattigomsorgssystem, og kjernen i det systemet stod ved lag til 1900. Like imponerande er det at Landslova gav kvinner større rett til å ha og disponera over eigen eigedom og til å avgjera kven dei skulle gifta seg med. Desse rettane fall bort i 1604, og kvinner i Noreg fekk ikkje ei like sterk rettsleg stilling før i løpet av andre halvdel av 1800-talet.

Landslova stod òg for andre samfunnsreformer som var viktige for ein stor del av innbyggjarane i det norske riket til kong Magnus. Til dømes bygde ho ut og reformerte både odelsretten og jordleigeretten i eit samfunn prega av stadig sterkare godsdanning. Det gjorde at ein i Noreg fekk ei jordeigande og ei jordleigande klasse som fungerte – med moderne ord – som ei slags stabiliserande middelklasse i mellomaldersamfunnet.

«Det å lura nokon i handel vart av kong Magnus straffa like hardt som drap.»

Handelsstader

Like viktig var det at kong Magnus med Landslova utvikla kreditt-, handels- og sjøretten. Dette gjorde dei norske byane til attraktive handelsstader for både utanlandsk og ikkje minst innanlandsk handel. Store delar av innbyggjarane kunne dermed delta i handelslivet, fordi mindre aktørar fekk eit sterk vern. Dei som tok opp lån, fekk betalingsutsetjing om dei var uheldige og fekk betalingsproblem, og det å lura nokon i handel vart av kong Magnus straffa like hardt som drap.

Dette betyr ikkje at Landslova av 1274 innførte paradisiske tilstandar i Noreg. For det fyrste fordi Landslova slett ikkje alltid vart brukt slik ho var meint. For det andre fordi sjølv om lova tok omsyn til mange samfunnsgrupper og eit breitt spekter av samfunnsinteresser, skapte lovgjevinga òg taparar. Til dømes hamna kvinner som fekk barn utanfor ekteskap i ei svak stilling fordi ekteskapet vart styrkt.

Fattigomsorgssystemet, kvinner sin rett til å disponera eigedom, betalingsutsetjingsreglar og reguleringa av handelsfusk var med på å forma det norske samfunnet i 400 år, trass i at dei var radikale grep. Det mest radikale med Landslova var likevel at ho opna for brei deltaking i samfunnsstyringa.

Tinget hadde i uminnelege tider vore ein politisk arena der lover vart formulerte, vedtekne og handheva. Samstundes vart makta til tinget redusert og forsvann til slutt dei fleste stader då sentralmakta vart styrkt rundt i Europa på 1100- og 1200-talet. Eit døme på denne utviklinga er Skottland, der tinget vart erstatta av føydale styringsstrukturar der konge og aristokrati dominerte.

Det er difor påfallande at tinget ikkje vart avskaffa med Landslova av 1274. Det var no kongen, og ikkje tinget, som formulerte og gav lover. Men kong Magnus skreiv inn i Landslova at dersom lova var for streng eller for mild, hadde dommarane plikt til å setja lova til sides. I staden skulle dei – éin lagmann og tolv meddommarar – formulera ei rimeleg løysing, som tinget deretter skulle vedta.

Denne ordninga hadde viktige konsekvensar som har vore med på å setja prega på den norske rettskulturen over tid. For gjennom den vart lov til ein dialog mellom lovgjevaren og dei som skulle leva under lova.

Lov er bra

Slik gjorde Landslova at politikk vart driven på tinget gjennom den dømmande verksemda, ei ordninga som stod ved lag heilt fram til Grunnlova av 1814. Saman med at Landslova tok omsyn til eit breitt spekter av samfunnsinteresser, har nok deltakings- og påverknadsretten Landslova gav dei som brukte lova, vore med å byggja opp under den norske grunnførestillinga om at lov er bra.

Landslova vart brukt i praksis, og ho vart på 1400-talet ved eit høve omtalt som den heilage lovboka, medan kong Magnus ved eit høve vart omtalt som den heilage Magnus. Det var ei overdriving.

Men det var truleg Landslova som gjorde at pave Nikolas 3. i 1279 gav kong Magnus, dronning Ingeborg og baronane deira det privilegiet at alle som bad for dei, slik at dei fekk korta inn tida i skjærselden, fekk 100 dagar avlat for eigne synder. Eit slikt privilegium var det berre kong Ludvig 9. den heilage i Frankrike som fekk av paven på 1200-talet. Det seier noko om stordomen til Landslova og kong Magnus Lagabøte.

Jørn Øyrehagen Sunde

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det å lura nokon i handel vart av kong Magnus straffa like hardt som drap.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis