JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Støre undervurderer folk flest

Det var ein offensiv statsminister vi såg på den halvårlege pressekonferansen måndag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på pressekonferanse i representasjonsanlegget til regjeringa.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

5029
20240621
5029
20240621

I turbulente tider har Jonas Gahr Støre leia nasjonen, med krig i aust og Trump i vest. Det har røynt på, ikkje minst på målingane, men no er sigeren i sikte. Prisauken går ned.

Gamle Hegel skal ha sagt at den som gifter seg med tidsånda, fort blir enke(mann). Når eg høyrer at leiaren for den gamle ørna mellom partia har som sitt sterkaste trumfkort at svingingane i økonomien går hans veg, blir eg hegelsk bekymra.

Ei undervurdering

Kva om det blir kornmangel, oppheting i klima og økonomi, borgarkrig i USA, øydelagd infrastruktur og dyrtid – har ikkje veljarane då fått fripass av Støre til å gå til andre? Nedgang i prisane og eventuelt i renta er eit usikkert kort.

«Akademia blir styrt som ein pølsefabrikk, der uteksaminerte studentar har fått den takknemlege rolla som pølsene.»

Jan Inge Sørbø, professor

Men éin ting er at den varsame og kloke Støre her legg for dagen ein viss sans for politisk gambling. Det er på ein måte vel unnt, så stø han er på handa elles. Men det som er verre, er at han undervurderer veljarane, og framfor alle denne sjeldne og ettertrakta rasen som blir kalla folk flest.

Prisane går ned, renta går ned, og folk flest går til Arbeidarpartiet. For folk flest er berre interesserte i dette eine: at dei får litt meir på konto kvar månad.

Det er ei undervurdering av folk flest.

For få sjukesenger

Det finst ei rekkje andre ting som folk flest er opptekne av og urolege over. Dei ser til dømes at det strålande norske helsevesenet, med så mange gode folk og ein så rotfesta likskapsfilosofi, blir bygd ned. Løyvingane går opp, men sjukehussengene blir færre.

Den lenge varsla krisa for folk med alvorleg psykisk sjukdom har ikkje blitt mindre på Støres vakt. Tvert om ser vi at menneske med alvorlege lidingar blir offer for omdefinering administrativt, slik at dei skal over frå spesialisthelsetenesta til kommunane. Og dei har ikkje pengane som trengst for å hjelpa denne så sterkt hjelpetrengande gruppa. Medan aukande rusbruk på mange nivå skaper stadig fleire som treng døgnplassar, held talet på senger i psykiatrien fram med å gå ned. Problemet er ikkje at tenestene er dårlege; dei som får plass, får ofte god hjelp. Men det er for få plassar.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på pressekonferanse i representasjonsanlegget til regjeringa.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på pressekonferanse i representasjonsanlegget til regjeringa.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Milliardærformuar

Kvifor er det meir pengar og færre plassar? Det er fleire faktorar som har ført oss dit. Men ein av dei viktigaste er at ein har sleppt inn aktørar som er der for å tena pengar. Det mest spektakulære dømet i min region er Helseplattforma, som til no har kosta mellom fire og fem milliardar kroner.

Dette er pengar som på ingen måte gir tilbake det som vart lova (mellom anna innsparing i tid og kostnader), men som i staden går ut av helsevesenet til utanlandske firma som får desse pengane lagde til sine milliardærformuar. At dei undervegs drysser gode pengar over norske styremedlemmer, som har diffuse tilsetjingsforhold ein stad mellom Epic og norsk helsevesen, kjem kanskje nokre nordmenn til gode, men ikkje pasientane.

Eit nasjonalt eksempel er det nye soriamoriaslottet som skal byggjast i Oslo: eit sjukehus som er bygd mot viljen til alle profesjonane, alle kommunane og alle faginstansane. Den livsglade og muntre minister Vestre tok første spadetak og kunne på førehand lova at dette ville bli ei strålande framtid.

Men fagfolk har ikkje sett det slik. Medan investorar og konsulentfirma (som til tider har hatt folk i styret for helseføretaket) får henta ut dei pengane dei vil, er det grunn til å tru at helsetilbodet i Oslo vil bli like herja og nedsarva som St. Olavs hospital i Trondheim er i dag, fordi ein gir pengane til investorar som bed om det.

Nyliberal modell

Den gamle sosialdemokratiske tradisjonen handla om at arbeidarrørsla og fagrørsla vakta kapitalen, i eit spenningsfylt samarbeid. Ein ville ikkje nasjonalisera privat verksemd, men leggja rammer for å verna seg mot ei rein kapitalstyring.

I perioden frå Gro Harlem Brundtland til Jonas Gahr Støre har denne ambisjonen steg for steg blitt fjerna frå partiet. Nettopp modellar frå kapitalismen i si mest liberale form skal vera mønster også for statlege føretak.

Men toga står, NSB er oppløyst i eit tjuetal selskap, helsevesenet lid under private aktørar som tappar pengane, og akademia blir styrt som ein pølsefabrikk, der uteksaminerte studentar har fått den takknemlege rolla som pølsene.

Den mara som rid det norske samfunnet, og som gjer at folk er redde for å missa helsetenestene, kollektivtransporten og frie akademiske institusjonar, er den nyliberale økonomiske modellen, som Støre blånektar å problematisera.

Difor er det på sett og vis logisk at han i staden for å styra sit og ventar på at prisindeksen skal koma opp med gode resultat. Det er trass alt marknaden som er siste instans i denne modellen.

Folk flest, derimot, vil ha ei styring og ein tryggleik som ikkje er heilt forankra i Statistisk sentralbyrå.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis