Skuffar aldri

Den særmerkte kammermusikken til Ketil Hvoslef held fram med å imponera.

Aldri keisam: Den bergenske komponisten Ketil Hvoslef (fødd 1939).
Aldri keisam: Den bergenske komponisten Ketil Hvoslef (fødd 1939).

CD

Ketil Hvoslef:

Chamber Works
No. VI

Ymse musikarar. LAWO 2019

Ideen med å festa Ketil Hvoslefs 38 kammermusikalske verk på plate går attende til 2012, og dette nyaste albumet er det sjette i serien på ni. Hvoslef er heldig, for ikkje alle norske komponistar får høve til å bli så systematisk tolka av eitt og same miljø av samtidsmusikarar – musikarane tilknytte Bergens universitet, høgskule og symfoniorkester har skipa ein eigen skule i «Hvoslef»-interpretasjon. Også den nye CD-en, der fire verk blir spela av kring 25 musikarar, imponerer med grundige tolkingar og lytefri teknikk i både instrumentbruken og lydkvaliteten på opptaket.

Seremonielt

Trombonekvartetten (1994) har noko rituelt ved seg, noko som høver denne instrumenttypen godt. Opninga er som frå eit seremonielt parti or W.A. Mozarts frimuraropera Tryllefløyta, men smeikjer ikkje lyttaren, for det er som om me som lyttarar blir vitne til noko på avstand snarare enn at me deltek. Det vil seia: Involvert blir me på sett og vis i den jagande slutten, som er forma som ein tett og intens kanon.

Meir vidd er det i Klarinettkvintetten (1982). Her greier Hvoslef å utnytta det vide uttrykkregisteret til klarinetten, som spenner frå «blodets hvisken og benpibernes bøn» i det høgaste registeret, det songlege i mellomregisteret og kraftfull, mest celloaktig pondus i djupregisteret. Kvartetten av strykarar skapar både for- og bakgrunn, men gjer meir enn berre å akkompagnera; særleg den gylne bratsjklangen kontrasterer vakkert til klarinetten.

Busselskap

Hardingtrioen (1995) introduserer for fyrste gong det vokale på plata. Men Hvoslef handsamar ikkje sopranrøysta særleg vokalt, for sopranen framfører ikkje ein tekst, men syng på nøytrale vokalar. Typisk pianistisk er heller ikkje klaverstemma, for i opningssatsen klimprar pianisten direkte på strengane med fingrane, og i den drøymande midtsatsen læt instrumentet meir som langeleik og cembalo enn flygel. Hardingfela får derimot vera seg sjølv lik, med klår rytmikk og melodi, spelt med suverent driv av Håkon Asheim. Noko av det beste med stykket er at Hvoslef faktisk greier å skapa dramaturgisk og klangleg einskap av alt det ulike.

Trio for tretten (Acotral) er ein typisk og endefram Hvoslef-tittel – tilnamnet «Acotral» kom til han i ein draum medan han skreiv verket i Roma i 1987. (Det er i røynda namnet på eit romersk busselskap.) Besetninga er tredelt, med fire songarar, fire strykarar og fire blåseinstrument, «i tillegg til en slagverker som hjelper til med å holde gruppene mer sammen», som komponisten skriv i omslagsheftet. Sjølv om dette omskiftelege stykket er det mest krevjande å lytta til på albumet, har det noko særmerkt ved seg som fengjer. I det heile er eg imponert over at eg til no, etter å ha lytta gjennom denne sjette Hvoslef-CD-en, ikkje kan minnast å ha høyrt eitt keisamt verk i serien.