Quiz
Hint for hint veke 1
Kva institusjon?
5 POENG: Eit av dei viktigaste historiske døma på ein slik institusjon er Bayt al-Hikmah, som låg i Bagdad og vart øydelagt i 1258. I Noreg har me mange slike, inkludert eit tilrettelagt. Sistnemnde skifta namn i 2024 til Tibi.
4 POENG: Svaret inngår i tittelen som Aslak Sira Myhre har hatt sidan 2014. Då er me på nasjonalt nivå.
3 POENG: Institusjonen finst òg på fylkesnivå. Dessutan skal alle kommunar ha dette. Det same gjeld grunnskular, men kvaliteten varierer. Bayt al-Hikmah tyder Visdommens hus.
2 POENG: Det mest kjende dømet i antikken låg i Alexandria.
1 POENG: Ordet kjem frå gresk for «forråd av bøker».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.