Quiz
Hint for hint veke 41
Kva slags ferd?
5 POENG: Eit reknestykke på denne typen ferd kan vere 1 + 1,5 + 2 + 100. Svaret er eit omgrep som skriv seg frå eit avisintervju i 2002.
4 POENG: Reisande på ei slik ferd kjenner fort òg talet 10 kilogram. Omgrepet har norsk opphav, sjølv om fenomenet ikkje er særnorsk. Intervjuet var i Dag og Tid.
3 POENG: Intervjuobjektet var Lars Sponheim, dåverande landbruksminister. Førsteleddet i svaret er eit mannsnamn.
2 POENG: For mange nordmenn går ein slik tur til Strömstad, Svinesund, Töcksfors eller Charlottenberg.
1 POENG: Ordet tyder «tur til utlandet for å kunne kjøpe varer til lågare prisar enn i heimlandet».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.